Er du kjent med «Min Eigedom»?
På “Min Eigedom” finn du relevant informasjon om din eigedom i Ullensvang kommune. Dersom du får faktura frå kommunen, kan du logge deg inn her og få oversikt.
I “Min Eigedom” finn du blant anna informasjon om:
- Oversikt over eigedomar, adresse, bygg og eigarar
- Kommunale eigedomsgebyr (med fakturahistorikk)
- Kart
- Vassmålar (dersom du har dette)
- Eigedomsskatt (dersom det er næringseigedom)
- Vass- og avløpstilknytning
- Feiing/brann
- Renovasjon (dersom du har eigne dunker)
- Tinglyste hefte
Du finn og ei meldingsteneste om det er noko du ynskjer å melde frå om til oss i kommunen. “Min Eigedom” er tilgjengeleg heile døgnet.
Slik gjer du det
- Gå inn på ullensvang.kommune.no
- Trykk på “Sjølvbetening”
- Trykk på “Min eigedom”
- Logg inn med Bank-id
Nokon må velge rolle som privatperson eller organisasjon. Dette får du opp om du er fullmektig i ein eller fleire organisasjonar. Er du oppført som styreleiar, dagleg leiar, innehavar eller kontaktperson for organisasjonen får du tilgang til deira informasjon. Du får då valet mellom å halde fram som privatperson eller på vegne av ein organisasjon.