Dagsturhyttene i kommunenHovdakruno på LofthusRagdebu i OddaTeglbu i Jondal
dagsturhytta-lofthus

Dagsturhyttene i kommunen

Ullensvang kommune har tre flotte dagsturhytter.

Dagsturhytta Hovdakruno på Lofthus

Hovdakruno ligg nydelig til på utsiktspunkt på Hovden over Lofthus.

Parkering: Sentrum av Lofthus, ved kyrkja eller på idrettsplassen Hordatun.

Skildring av tur: Ein kan gå frå to retningar, via garden Eidnes med retning/merking Nåsi/Dronningstien eller via Legena med retning Nåsi/Dronningstien. Stibyte til dagsturhytta skjer ved Hovden.

Lengde (ein veg): 5,6 km

Tid (ein veg): 1 – 1,5 t

Høgd over havet: 476 meter

Vanskegrad: Middels

Fasilitetar:

  • Vedomn: Ja
  • Toalett: Ja
  • Straum: Ja

Tilgjengelegheit: Kan køyra på skogsveg mesteparten av vegen med særskilt løyve, men ikkje universell tilkomst.

Dagstrurhytta på Hovden med utsikt innover Sørfjorden i vakkert vær. Foto.

Dagsturhytta Ragdebu i Odda

Ragdebu ligg i skogen over bustadfeltet Ragde i Odda med utsyn mot by og fjord.

Parkering: Sentrum av Odda. Ein kan ta buss til busstopp Ragdelia der stien startar i enden av snuplass.

Lengde (ein veg):  Frå sentrum, ca. 1,5 km. Frå busstopp, ca. 500m

Tid (ein veg): Frå sentrum, ca. 40 min. Frå busstopp, ca. 15. min.

Høgd over havet: 250 meter

Vanskegrad: Enkel

Fasilitetar:

  • Vedomn: Ja
  • Toalett: Nei
  • Straum: Ja

Tilgjengelegheit: Svært kort tur om ein køyrer til start av sti, men ikkje universell tilkomst til hytta.

 

Dagsturhytta Ragdebu i Odda med lett snødryss. Flott utsikt utover Sørfjorden ein fin vinterdag. Bilete.

Dagsturhytta Teglbu i Jondal

Teglbu ligg på høgdedraget Teglhaug aust for Jondal sentrum, retning Krossdalen.

Parkering: Sentrum av Jondal.

Skildring av tur: Følg elvesti som er merka mot Teglhaug. Etter ca. 300 m, tek ein av på skogsti mot Leite og vidare mot toppen av Teglhaug på sti.

Lengde (ein veg): ca. 2 km.

Tid ein veg: Ca. 45 min.

Høgdeover havet: 229 meter

Vanskegrad: Middels

Fasilitetar:

  • Vedomn: Ja
  • Toalett: Ja
  • Straum: Ja

Tilgjengelegheit: Kan køyra på bilveg nær siste oppstigning, men hytta har ikkje universell tilkomst.

Dagsturhytta Teglbu i Jondal. Masse turkledde personar som står og får med seg opningstalen til ordførar. Grøn lyng og blå himmel omkranser hytta. Bilete.