Bygdabøker for Ullensvang herad

Tilbod – 4 band kjøpt samla – 800 kr.

Ullensvang er eit bokverk i fire band, og er ei vidareføring av bygdebøkene om Ullensvang og Kinsarvik av Olav Kolltveit, som kom ut 1971-1974.

  • Dei to fyrste banda, Heimar og folk, inneheld historia om bustadene og folket i heradet fram til i dag. Ættarsoga til kvar bygd er innleidd med eit kort kapittel, og kvar gard har oversyn over historiske skrivemåtar for gardsnamna. Gardane er fotograferte på nytt frå fjorden.
  • Det tredje bandet, Noregs frukthage, inneheld den ålmenne soga til Ullensvang herad.
  • Det fjerde bandet, Frå fjell til fjøre, tek for seg dei nedarva stadnamna i Ullensvang herad. Boka inneheld kring 13 000 namn, og i tillegg til namna er det ført opp uttale og opplysningar om namnetype, plassering i lendet, og hendingar og aktivitetar som informantane har kjent til frå stadane der namna høyrer til.
  • Dei tre fyrste banda er skrivne av Marta Gjernes.
  • Det fjerde bandet er skriven av Erlend Trones.

Du får tak i bygdebøkene ved å kontakte Aslaug Margrethe eller ta turen innom innbyggjartorget i Kinsarvik eller Odda i opningstida deira

Kontakter

Aslaug Margrethe Åkre

Avdelingsleiar for Innbyggjarservice

aslaug.akre@ullensvang.kommune.no

46 78 50 67

Kontakter

img-fluid portrait