Bygdabøker for Ullensvang herad
Tilbod – 4 band kjøpt samla – 800 kr.
Ullensvang er eit bokverk i fire band, og er ei vidareføring av bygdebøkene om Ullensvang og Kinsarvik av Olav Kolltveit, som kom ut 1971-1974.
- Dei to fyrste banda, Heimar og folk, inneheld historia om bustadene og folket i heradet fram til i dag. Ættarsoga til kvar bygd er innleidd med eit kort kapittel, og kvar gard har oversyn over historiske skrivemåtar for gardsnamna. Gardane er fotograferte på nytt frå fjorden.
- Det tredje bandet, Noregs frukthage, inneheld den ålmenne soga til Ullensvang herad.
- Det fjerde bandet, Frå fjell til fjøre, tek for seg dei nedarva stadnamna i Ullensvang herad. Boka inneheld kring 13 000 namn, og i tillegg til namna er det ført opp uttale og opplysningar om namnetype, plassering i lendet, og hendingar og aktivitetar som informantane har kjent til frå stadane der namna høyrer til.
- Dei tre fyrste banda er skrivne av Marta Gjernes.
- Det fjerde bandet er skriven av Erlend Trones.
Du får tak i bygdebøkene ved å kontakte Aslaug Margrethe eller ta turen innom innbyggjartorget i Kinsarvik eller Odda i opningstida deira.
Kontakter
Aslaug Margrethe Åkre
Avdelingsleiar for Innbyggjarservice
aslaug.akre@ullensvang.kommune.no
46 78 50 67