Kompetanseløft – vald og seksuelle overgrep
Alle barn har rett til å vakse opp utan vald og overgrep. For å lukkast med arbeidet mot vald i nære relasjonar, er det nødvendig med auka fokus på problematikken. Det er viktig at innbyggjarane og tilsette i Ullensvang kommune forstår at vald kan skje i nærområdet og med barn og familiar me kjenner. Vald skjer i alle samfunnslag.
Kvinnherad – og Ullensvang kommune har eit 3-årig (01.01.21 – 31.12.23) samarbeidsprosjekt: Kompetanseløft – vald og seksuelle overgrep. Kvinnherad kommune er vertskommue for prosjektet.
Prosjektet har samarbeid med følgande kompetansemiljø:
- RVTS Vest
- Krisesenter Vest IKS
- Barnehuset
Kva ønskjer me at prosjektet skal bidra til?
- At ein har plan/system for å auka kompetansen om vald og seksuelle overgrep i kommunale tenester.
- At ein har ein plan/system for å auke barn og unge sin kompetanse om vald og seksuelle overgrep.
- At vi har utvikla ein god modell for hjelpetiltak til barn og familiar der det er mistanke/avdekka vald eller seksuelle overgrep, slik at barn får rett hjelp til rett tid.
- At vi har utvikla ein god modell for korleis ein skal sikre god gjenforening mellom barn og foreldre, og mellom familie og ulike tenester, etter tilrettelagt avhøyr på barnehuset.
Målgruppe for prosjektet:
- Barn og unge, samt tenester som møter barn og unge, samt så langt som det lar seg gjere inn mot frivillige organisasjonar
- Barn og familiar der det er mistanke om, eller er avdekka vald og overgrep
Hovudinnhald i prosjektet
Prosjekter vil ha tre hovuddelar:
- Plan for kompetanseheving til tilsette i kommunen, samt plan for informasjonsarbeid inn mot barn og unge og frivillige organisasjonar.
- Utvikle gode hjelpetiltak til barn og familiar, der det er mistanke om eller avdekka vald og seksuelle overgrep
- Sikre gode gjenforeningsmøte etter avdekking/tilrettelagt avhøyr på barnehuset