Temaplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2021-2025

Å vera fysisk aktiv gjev oss glede og meistring, og er også ei viktig kjelde til helse og livskvalitet heile livet. For barn og unge er allsidig rørsle-erfaring og fysisk aktivitet naudsynt for normal vekst og utvikling, både fysisk og psykisk, og for oss alle er aktivitet viktig for å vera frisk og fungera godt i kvardagen.

Temaplanen har ambisjon om å vera eit verktøy for kommunen sitt engasjement innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2021-2025. Det er eit mål at planen vert aktivt nytta, og at me saman når dei måla og strategiane som er fremma.

Temaplanen vart handsama i kommunestyret 24. mars 2021.