Samanslåing av eigedomar
Ved å slå saman fleire eigedomar til ein eigedom, får du ein meir oversiktleg struktur på eigedomen din.
Krav for at eigedomane kan slåast saman
- Eigedomane må liggja i same kommune
- Eigedomane må ha same heimelshavarar
- Samanslåinga må oppfylla krav i matrikkellova § 18 og matrikkelforskrifta § 43
- Samanslåinga må ikkje føra til prioritetskollisjon mellom panthavarar
Skjema for krav om samanslåing av eigedomar
Prisar
Det er gratis å slå saman eigedomar. Saka vert avslutta med utsending av nytt matrikkelbrev, og dette vert fakturert etter punkt E. Oppmåling.