Rettleiar: Førebygging av radikalisme og valdeleg ekstremisme
Saman med lokalt politi har Ullensvang kommune bestemt å ta i bruk rettleiaren; Førebygging av radikalisme og valdeleg ekstremisme.
Rettleiaren er meint til å gje kunnskap om korleis me kan førebyggje, oppdage, møte og følgje opp valdeleg ekstremisme. Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar, og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er også relevant for innbyggjarane elles.
Målet med rettleiaren er at den skal vere eit oppslagsverk der ein kan tileigne seg kunnskap. Rettleiaren inneheld informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenker til relevante nettstader. Du vil og finne tips om uroteikn, avklaring og mogelege tiltak. Rettleiaren skildrar og eit handlingsløp; «frå uro til handling».