Ulikskap

Privat avlastning

Privat avlasting er eit tilbod til pårørande/føresette med eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Privat avlasting inneber at ein privatperson blir tilsett av kommunen som avlastar og tek over omsorga i periodar. Tenesta kan verta gitt timebasert, på ettermiddag, i helg eller som døgnavlasting i private heimar. Kommunen har ansvar for å følgja opp og rettleia den som avlastar.

Formålet med privat avlasting er å bidra til:

  • at pårørande/føresette kan halda oppe evnene til å halda fram omsorga
  • at pårørande/føresette kan bevara det sosiale nettverket sitt
  • hindra utmatting hos den/dei som yt omsorg
  • gi pårørande/føresette nødvendig ferie og fritid
  • gi pårørande/føresette høve til å delta i samfunnet

 

Vil du bli privat avlastar?

Kven kan bli avlastar?

  • Alle kan bli avlastar. Det er ikkje noko formelt kompetansekrav, men det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Det er og ønskjeleg med noko erfaring med omsorg for andre menneske; privat eller  frå tidlegare jobberfaringar.
  • Å vera avlastar kan kombinerast med 100% stilling.
  • Som avlastar må du vera glad i å vera saman med barn og unge, og dessutan ha evne å gi tett og god omsorg.
  • Det er ein fordel om du evnar å setja i gang aktivitetar og finn gleda i å hjelpa andre.
  • Dersom du har erfaring med barn og unge med nedsett funksjonsevne som treng oppfølging, er det ein fordel.
  • Det trengst gyldig politiattest.

 

Kva inneber det?

  • Som avlastar bidreg du til at nære omsorgspersonar får nødvendig kvile og fritid, gjennom at du gir støtte til barn/ungdom (0-18 år) i familien som treng ekstra oppfølging.
  • Arbeidstida blir avtalt med omsorgspersonane, og saman legg de ein plan for avlasting og arbeidstid for til dømes seks månader. Det er vanleg å vera avlastar på timebasis på ettermiddagar i veka eller på dag- og kveldstid i helg. Arbeidet kan gå føre seg både heime hjå avlastar og i heimen til familien.
  • Aktuelle aktivitetar vil variera, alt etter kva som passar og er eigna for kvart enkelt barn og familie. Det er viktig at du som avlastar tek initiativ til aktivitetar og gjeremål.

 

Vilkår

  • Du blir fast tilsett i kommunen.
  • Du får løn etter forskrift om arbeidstid for avlastere og sentral særavtale SGS 1030.