Pedagogisk årsplan for Røldal barnehage 2021/2022Del 1 - InnleiingDel 2 - Barnehagen sitt formål og innhaldDel 3 - BarnehagensfagområderDel 4 - Planlegging, vurdering og dokumentasjonDel 5 - SamarbeidDel 6 - Overganger

Pedagogisk årsplan for Røldal barnehage 2021/2022

Del 1 – Innleiing

1.1 Historikk

I 1982 var det ein gjeng som gjekk saman om å etablera ein samlingsstad i grendahuset på Håra. I byrjinga hadde dei ingen tilsette, og tiltaket fungerte mest som eit sosialt treffpunkt, der både foreldre og barn var tilstades. I 1984 overtok kommunen, og sette i gang regulær barnehage. Det var plass til inntil 14 barn i alderen 3-7 år, og tilbodet gjaldt to dagar i veka. Grendahuset på Håra vart nytta som lokale dei fyrste åra, men då grendahuset i Røldal vart bygt, fekk barnehagen plass i kjellaren der og kunne flytta inn i nye lokaler hausten 1987.

 

1.2 I dag

Røldal barnehage er ein natur og kulturbarnehage. Vi er ein del av Røldal oppvekstsenter og ligg lokalisert i Røldal Grendahus.
Røldal barnehage har eit brutto leikeareal på 132,45 m2 inne. Etter dagens arealnorm gjev dette plass til 24 barn. Me er ein ein-avdelingsbarnehage, men deler barnegruppa i to grupper. Gruppenamna er Jupo (0-3 år) og Jasen (3-6 år)

Røldal barnehage har 4,0 årsverk i grunnbemanning. Tre faggrupper er representert: barnehagelærar, barne-ungdomsarbeidar og assistent. Barnehagen sin styrarressurs er på 0,60 årsverk knytt til administrasjon. 0,50 årsverk er avdelingsledar og 0,10 årsverk er verksemdleiar.

 

1.3 Ein pedagogisk årsplan er

Årsplanen er eitt arbeidsdokument som skal spegla det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Her legg me fram kva planar me har for det inneverande barnehageåret. Dokumentet er offentleg. Årsplanen er lagt fram til foreldre for kommentarar, og godkjent av samarbeidsutvalget for Røldal Barnehage.

 

1.4 Ytre rammefaktorer

Barnehagedrifta er underlagt følgjande lover, forskrifter og vedtekter:

  • Barnehagelova og forskrifter – Barnehagelova er dei øvste juridiske rettsreglene som barnehagane i Noreg blir styrt etter.
  • Rammeplanen – ein offentleg vedteken læreplan som gjeld for alle barnehagar i Noreg. Rammeplanen er ei forskrift til barnehagelova som beskriv meir detaljert kva barnehagen skal innehalde. Det pedagogiske arbeidet i barnehagen skal være knytt opp til Rammeplanen sine intensjoner, innhald og fagområde.
  • Oppvekstplan – oppvekst og utdanning 2020-2025 Ullensvang kommune
  • Barnehageplan – bygg, struktur og kapasitet 2020 – 2025 Ullensvang kommune
  • Lese for livet – målet med denne planen er å kvalitetssikra lese -og skriveopplæringa i Ullensvang kommune
  • Vedtekter for Ullensvang Kommune
  • Budsjett
  • Hausten 2021 smittevern veileder frå utdanningsdirektoratet

1.5 Visjonen

“Ein trygg plass å væra, ein god plass å læra”

 

1.5.1 Felles verdigrunnlag for oppvekst i Ullensvang kommune:

Ulike utgangspunkt – like sjansar.

 

1.5.2 Verdigrunnlag for Røldal barnehage

Tryggleik
Me ønskjer at alle barna i Røldal barnehage skal oppleve gode og trygge rammer i barnehagen. Me brukar god tid, har eit fang å sitja på, stabil personalgruppe og gode innarbeidde rutinar.

Illustrasjon av eit barn som sit og les i ei bok. Illustrasjon.

Leik
Leiken har ein sentral plass i barnehagekvardagen hos oss. Me legg til rette for eit allsidig og inspirerande leikemiljø. Barna skal få oppleve glede, humor, spenning og fellesskap gjennom leiken.

Utforsking
Utforsking er til stades i mange aktivitetar. Dei vaksne skal vera opne for å stilla opne spørsmål. Me vaksne skal gje rom for undring og undra oss saman med barna.

Læring
Eit barn lærer gjennom alle aktivitetar det held på med i barnehagen, både uformell og formell læring

Språk
Språket blir brukt aktivt i alle samanhengar med barn. Dei vaksne må vera gode språkmodellar. Det er viktig å bruka ord og begrep i kvardagen vår og det me opplever.

 

1.6 Utviklingsområde for året

Realfag
Me ønsker å oppfordre barn til å undra seg gjennom spontane og tilrettelagte aktiviteter.

Sosial kompetanse
Dei vaksne skal være autoritative i møte med barna og dei andre vaksne.
Barna skal læra seg verdien av det å vera vener og ha omsorg for kvarandre.

 

1.7 Satsingsområde

Realfag er eit fellesbegrep for dei naturvitskaplege faga og omfattar både konkrete temaområde og meir generelle ferdighetar.

Det er først og fremst fagområda “Natur, miljø og teknikk” og “Antal, form og rom” som er spesielt retta mot realfag.
Gjennom blant anna leik, eksperimentering, observasjon, systematisering og kvardagsaktiviteter utviklar barn matematisk kompetanse.

Barn har ei naturleg interesse for realfag og evne til å læra realfag alt i barnehagealder. Dei viser evne til å generalisera frå dei er små, dei klassifiserer, ser forskjellar (matematisk tenking).

Realfag er ein del av kvardagen vår. Me brukar det kvar dag utan at me er klar over det.

 

Mål:
Skapa undrande og utforskande barn.

Me ønskjer å gjere barna kjende med bygda. Kor bur me i bygda og kva heiter det der, kultur og tradisjonar. Viktig at dei vaksne brukar dialektnamna i bygda bevisst.

Nærmiljøet rundt barnehagen nyttar me oss av. Me brukar den fine naturen og skogen der me ser får innblikk i dyreliv og flora.

 

Mål:
Me ønskjer å gje barna meir kunnskap om kulturen og naturen i bygda.

Sosial kompetanse er balansen mellom omtanke for andre og ivaretaking av seg sjølv.

Den vaksne går saman med barnet og rettleier og viser veg i ein god barndom og ein trygg oppvekst. Kunnskap og læring saman med god sosialkompetanse skal gje barnet ein god start i livet.

 

Mål:

  • Autoritativ vaksenrolle – som er den varme, grensesetjande vaksne.
  • Bedre samhandling mellom barnet og den vaksne, og barn-barn.
  • Barna skal læra seg verdien av det å vera vener og ha omsorg for kvarandre.
  • Barna skal få erfare at dei er betydningsfulle i fellesskapet
  • Forebygge og stoppe utestenging, mobbing, krenkelser og uheldig samspillmønster
  • Samtaler om normer for samhandling, me bryr oss om kvarandre, løyser konflikter og tek omsyn

Mål:

Skape/utvikle eit felles barne- og læringssyn slik at personalet får ein felles pedagogisk plattform/grunnmur.

Del 2 – Barnehagen sitt formål og innhald

2.1 Omsorg

Omsorg er å ha evne til innleving, empati, oppmuntring og vise forståing for korleis barnet har det. Omsorg er å gje plass for humor, glede, kreativitet, spontanitet og fleksibilitet. Omsorg er å vera fysisk nær barnet. Omsorg er ein føresetnad for barn sin tryggleik og trivsel.

Mål for omsorg:

  • Me tek imot deg og barnet ditt med høfleg framferd og respekt.
  • Barnet ditt skal møta omsorgsfulle vaksne med god fagleg bakgrunn og erfaring
  • Personalet skal vere varme og autoritative vaksne.
  • I barnehagekvardagen skal det takast omsyn til barna sine individuelle behov, forstå og respektera barnet, inkludert ro og kvile.
  • Støtte opp om barn sin trong til utprøving og gje utfordringar med utgangspunkt i barnet sine interesser og kunnskaper.
  • Visa glede i samspel mellom barn og vaksne.

 

2.2 Leik

Leiken skal ha ein sentral plass i barnet sitt liv i barnehagen. Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Leiken er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barnet kan uttrykkja seg gjennom. Leiken har mange uttrykksformer og kan føra til forståing og venskap på tvers av alder, språkleg og kulturelle ulikskapar.

Mål for leik:

  • i barnehagen skal me tilretteleggja rom, tid og leiker for å inspirera til ulike typar leik
  • være aktiv deltakande vaksne
  • støtte og rettleie barna i leiken
  • sørga for at alle barna får oppleve å bli inkludert i leiken
  • utvikla leiken vidare på barna sine premisser

 

Illustrasjon av eit barn som hoppar i ein sølepytt så vatnet sprutar. Illustrasjon.

2.3 Det fysiske miljøet

Rammeplanen for barnehagen seier at: “Det fysiske miljøet i barnehagen skal vera trygt, utfordrande og gje barna allsidige rørsleerfaringer.”

Det fysiske miljøet spelar ei viktig rolle for kva leik og aktivitet som utviklar seg i barnehagen. Det fysiske miljøet gjev viktige rammer for barna sin trivsel, oppleving og læring. Det fysiske miljøet vil vera i ein utviklingsprosess med mål om å leggja til rette for utviklande og skapande aktivitet.

Mål for det fysiske miljøet:

  • Leikemiljø som viser kva leik det er tilrettelagt for
  • Utstyr tilgjengeleg for utforsking
  • Tilrettelagt lesekrok
  • Tilrettelagt for puslespel og spel
  • Tilrettelagt for skriving, teikning, måling og formingsaktivitet

 

2.4 Danning

Danning er ein prosess der vaksne leier og rettleier neste generasjon. Gjennom danning overfører me verdiar og normer, uttrykk og handlingsmåtar. Barna må forhalda seg til samfunnet sine krav og normer og sin eigen veremåte. Me vaksne i barnehagen skal hjelpa barna til å implementera desse verdiane, normene og handlemåtane i veremåten sin.

Mål for danning:

  • Tilretteleggja for meiningsfulle opplevingar
  • Utfordra barna si tenking og invitera til utforskande samtaler
  • Følgja opp barna sitt perspektiv og handlingar
  • Fortelja og gje innsikt i andre samfunn og kulturar

 

2.5 Læring

“Barnehagen skal støtte barnas nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gje utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskap og ferdigheiter” (Barnehagelova §2 barnehagens innhald 5.ledd)

Eit stimulerande miljø skapar læring. Barna skal få bruka heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barna lærer gjennom alt dei opplever og erfarer.

Mål for læring:

  • Barnehagen skal gje barna eit aktivt og utviklande læringsmiljø, som støttar opp om lysta deira til å leike, utforske, lære og meistre.
  • Gode planlagte vaksenstyrte aktivitetar (formell læring)
  • Væra bevisst på at kvardagssituasjonar gjev rom for læring (uformell læring)
  • Fanga opp barna si interesse og byggja vidare på den ved bruk av opne spørsmål.

 

2.6 Inkludering og fellesskap

“Sosial kompetanse er en forutsetning for å fungere godt sammen med andre og omfatter ferdigheter, kunnskap og holdninger som utvikles gjennom sosialt samspill. I barnehagen skal alle barn kunne erfare å være betydningsfulle for fellesskapet.” Rammeplan for barnehage.»

Barnehagen skal arbeide med å støtte og fremje enkeltbarn og barnegruppa sine sosiale ferdigheter. Den vaksne skal gå saman med barnet og rettleie og vise veg i ein god barndom og gje ein trygg oppvekst.

Mål for inkludering og fellesskap:

  • Reflektera over eigne og andre sine kjensler, opplevingar og meiningar
  • Førebyggja og stoppa utestengjing og uheldig samspelmønster
  • Støtta barna i å setje eigne grenser og respektera andre sine grenser
  • Hjelpa barna til å finne løysingar i konfliktsituasjoner
  • Vaksen tilstades i leikemiljøet som rettleiar og støttar barna i leiken

 

2.7 Barn sin medverknad

§ 3 i Barnehagelova:

“Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barna skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet” (Barnehageloven §3)

Barnehagen skal ta vare på individet. Personalet skal opptre lyttande og støttande og stilla barnet opne spørsmål for å fremje undring. Dei vaksne skal gje rom for at barna kan komma med eigne ønskje for leik og aktiviteter.

I Røldal barnehage skal me jobba med lyttande pedagogikk. Personalet skal gripa det som barna er interessert i og bygga interessene til barna vidare i prosjekt og aktivitetar. Barna sine synspunkt skal vektleggjast i samsvar med alder og modninga deira. Barna skal ikkje overlatast eit ansvar dei ikkje er rusta til å ta.

Mål for barna sin medverknad:

  • Fanga opp barna sine interesser
  • Samtalar med barna
  • Lytta til alle barna og ta med innspela i vidare planlegging
  • Gje barna høve til å bidra i daglege gjeremål

 

Del 3 – Barnehagensfagområder

Rammeplan for barnehagen beskriv dei 7 fagområda som speglar områder som har interesse og eigenverdi for barn i barnehagealder. Fagområda skal bidra til å fremma trivsel, allsidig utvikling og helse. Barnehagen skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av barnehagen sitt innhald. Her kan du sjå på kva måte fagområda vert representert i vår barnehage.

 

3.1 Kommunikasjon, språk og tekst

“Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse og et mangfold av kommunikasjonsformer.” (Rammeplan for barnehagen)

Tidligare Odda kommune har utarbeida ein “Lese for livet”-plan som barnehagen nyttar i kvardagen gjennom systemastisk arbeid med språket. I tillegg nyttar barnehagen TRAS (tidleg registrering av språk) for å observera og setja inn ekstra fokus i perioder om nødvendig. Barna skal bli fortrulige med symbol som tal og bokstavar. Gjennom arbeid med språk skal personalet ha tydeleg tale i samtale med barna, vera lyttande og observera lydar og rytme i språket.

Samlingsstund og språkverkstad skal gjennomførast og innehalda språkstimulerande aktiviteter.

 

3.2 Kropp, bevegelse, mat og helse

“Gjennom arbeid med fagområdet skal barna få mulighet til å sanse, oppleve. leike, lære og skape med kroppen som utgangspunkt. Gjennom medvirkning i mat-og måltidsaktiviteter skal barna motiverast til å spise sunn mat og få grunnleggande forståelse for hvordan sunn mat kan bidra til god helse”.  (Rammeplan for barnehagen)

Ved å bruka naturen og nærmiljøet gjev det oss mulighet til å nytta sansane i møtet med naturen og nærmiljøet. For å erfara endringer i naturen i dei ulike årstidene og ulike typar terreng nyttar me oss av nærmiljøet t.d. mark, sti, grus, snø og asfalt.

I vinterhalvåret brukar me ljosløypa til aking, skigåing og skileik. Me brukar og gymsalen. Der er det rom for tilrettelagte aktiviteter med store og små utfordringar. Det er og viktig for barna å oppleve variasjon av aktivitet og ro i løpet av barnehagedagen.

Røldal barnehage har fokus på sunt kosthald. Gjennom mat og aktivitetar knytt til mat skal barna bli motiverte til å eta sunn mat og få grunnleggjande kunnskap om korleis sunn mat kan bidra til sunn helse. Måltidet bidreg og skaper rom for den gode samtalen, og er ein viktig arena for språkutviklinga.

Me legg til rette for eit allsidig kosthald i barnehagen og serverer frukt og grønsaker kvar dag. Det er eit mål at barna får delta i matlaginga. Barna skal og lære seg gode rutiner for hygiene med håndvask før måltid og etter toalettbesøk.

 

3.3 Kunst, kultur og kreativitet

“Opplevelser med kunst og kultur i barnehagen kan legge grunnlag for tilhørighet, deltakelse og eget skapende arbeid. Barnehagen skal la barna møte ulike kunstneriske og kulturelle uttrykk som gjenspeiler et mangfoldig samfunn og ulike tidsepoke. I arbeidet med fagområdet skal personalet stimulere barnas nysgjerrighet, utvide deres forståelse og bidra til undring, undersøkelser, utprøvinger og eksperimentering.” (Rammeplanen for barnehagen)

Dette fagområdet handlar om uttrykksformer som biletkunst, kunsthandverk,musikk, dans, drama, språk og litteratur. Fagområdet er ein viktig reiskap for sansing, oppleving, tenking og kommunikasjon. Barna skal kunna skapa noko saman ved bruk av fantasi, kreativ tenking og skaparglede. Det er prosessen me legg vekt på og ikkje produktet. Barna skal ha tilgang til utstyr og materialer som dei kan nytta til å utforska. Barnehagen skal også væra ein kulturberar og formidlar. Utflukter til nærområda, fjosbesøk, kyrkjebesøk, ljosløypa er med på å fremma dette. Kulturskulen, musikksamling med instrumenter, teater og bibliotekbesøk er dømer på aktivitetar me brukar i vår barnehage.

 

3.4 Natur, miljø og teknologi

“Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringer med naturen som fremmer evnen til å orientera seg og oppholde seg i naturen til ulike årstider. Barnehagen skal tilretteleggje for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Barnehagen skal legge til rette for at barna kan forbli nysgjerrige på naturvitenskaplige fenomener, oppleve tilhørighet til naturen og gjøre erfaringer med bruk av teknologi og redskaper.” (Rammeplanen for barnehagen)

Barna skal saman med dei vaksne oppleva gleda med, få erfaring og kunnskap om dyr og vekster. Undra seg over det som skjer i naturen til dei forskjellige årstidene, undra seg over og utforska dyre- og plantelivet i nærmiljøet.

Barna skal få oppleve at barnehagen legg vekt på å ta vare på naturen, planter og dyra rundt oss. Me set og haustar poter.
Dette fagområdet er særleg knytt opp mot realfag og fysikk i kvardagen.

I vår barnehage tek me turar i skogen, plukker blomar, kongler, lauv, ser på dyrespor, fuglar og ellers endringar i naturen gjennom årstidene.

Me har fokus på naturvern der me bl.a. er med på felles bossplukking i bygda, kildesortering og at me ikkje kastar boss i naturen.

 

3.5 Antall, rom og form

“Fagområdet handler om å oppdage, utforske og skape strukturer og hjelper barna til å forstå sammenhengen i naturen, samfunnet og universet. Barnehagen skal synliggjøre sammenhenger og legge til rette for at barna kan utforske og oppdage matematikk i dagliglivet, i teknologi, natur, kunst og kultur og ved selv å være kreativ og skapende. Arbeidet med fagområdet skal stimulere barnas undring, nysgjerrighet og motivasjon for problemløsning” (Rammeplanen for barnehagen)

I dette fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får erfaring med tal, mengde, mønster, former, sortering og konstruksjon gjennom leik, for å tileigna seg gode matematiske omgrep. Barna får erfare dette i barnehagen gjennom leik med t.d. lego, briomek, brettspel, byggjeklossar, spel og puslespel m.m.

I realfagsaktivitetar brukar me utstyr me fekk av realfagsgruppa i tidlegare Odda kommune. Me vil ha ein del eksperiment i høve fysikk/kjemi og me brukar ein god del eigeprodusert materiale.

 

3.6 Etikk, religion og filosofi

“Etikk, religion og filosofi er med på å forme måter å oppfatte verden og mennesket på og preger verdier, normer og holdninger. Barnehagen skal la barna få kjennskap til fortellinger, tradisjoner, verdier og høytider i ulike religioner og livssyn og erfaringer med at kulturelle uttrykk har egenverdi.” (Rammeplan for barnehagen)

Fagområdet etikk, religion og filosofi handler om måten me oppfattar verda og menneska på. Det pregar verdiane og haldningane våre. Gjennom “Hjertesamling” vil barna få kjennskap til og erfaring med sosial kompetanse og korleis me skal vera i relasjon til kvarandre. Barna skal få oppleve at dei er inkluderte i eit fellesskap og lære å vise empati og omsorg for kvarandre.

Barna vil få kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar knytt til desse. Me markerar jul og påske og besøker kyrkja før jul.
Me markerer og FN-dagen i oktober.

 

3.7 Nærmiljø og samfunn

“Gjennom utforsking, opplevelser og erfaringer skal barnehagen bidra til å gjøre barna kjent med eget nærmiljø, samfunn og verden. Barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjoner, samfunnsinstitusjoner og yrker slik at barna opplever tilhørighet til nærmiljøet. Fagområdet skal omfatte kjennskap til det samiske språk, kultur og tradisjon og kjennskap til nasjonale minoriteter.” (Rammeplan for barnehagen)

Detta fagområdet handler om at barna skal få kjennskap til samfunnet rundt seg. Barna skal bli kjent med nærmiljøet, samfunnet, kulturen og tradisjonar gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar.

Me brukar blant anna nærmiljøet til turar (Coopen, ljosløypa, gapahuken, museet, kyrkja), husbesøk, går turar der me har fokus på namna på stadene me går forbi, besøker aldersheimen og er på gardsbesøk.

Til jul bakar me tradisjonsmat som t.d. kling. Me brukar og rim og regler frå bygda.

 

Del 4 – Planlegging, vurdering og dokumentasjon

4.1 Planlegging

Barnehagen skal vera ei pedagogisk verksemd som skal vera planlagt og bli vurdert. Barn og foreldre har rett til medverknad i desse prosessane. Planlegging gjev personalet grunnlag for å tenke og handle langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet. Planlegginga skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa. Planane må vera fleksible slik at det blir rom for spontanitet og barn sin medverknad.

Aktivitetane skal vera knytt opp mot fagområda. Barnehagen er ein lærande organisasjon, noko som gjer at me vil vektleggja læringsaspektet i aktivitetane som me skal ha detta året. Personalet, saman med barna skal finna realfag i alle fagområda. Det skal vera ein lyttande pedagogikk der personalet går saman med barna og tek på alvor det barna er oppteken av. Utifrå det blir det utvikla aktivitetar og prosjekt. Formidlinga av idear skal leggjast fram på avdelingsmøter og vidareutviklast der. I prosjekt blir vegen til medan me går, i lag med barnegruppa. Prosjektet kan bli kort eller langt, alt etter korleis interessa er.

Planlegging i vår barnehage:

  • 5 planleggingsdager i løpet av barnehageåret
  • Avdelingsmøter
  • Pedagogisk leiarmøter
  • Personalmøter – personalet jobbar med:
    • Regional kompetanseheving

Planverk vi nyttar i barnehagen:

  • Pedagogisk årsplan. Denne skal være godkjent av samarbeidsutvalet. Det er eit styringsdokumentet i arbeidet med halvårsplanane til gruppene.
  • Halvårsplan for gruppene – halvårsplanen er skreve av pedagogisk leiar. Den skal synliggjera kvart tema og satsingsområde i høve barnegruppa. Føresette kan koma med innspel til halvårsplanen.
  • Månadsplan- denne skal gje oversikt over månaden og kva temaet er for den perioden. Den er open for endringar. Føresette kan komma med innspel til planen.
  • Årshjul

 

4.2 Vurdering

I barnehagen skal me jamnleg vurdera det pedagogiske arbeidet. Vurderingsarbeidet skal byggja på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i. Personalet observerer og vurderer sitt daglege arbeid for å kunne gjere endringar og korreksjonar. Me vurderar det enkelte barnet sin trivsel og utvikling og det sosiale samspelet i barnegruppa. Vurdering er viktig for å kunna fornya verksemda og barnehagen som ein lærande organisasjon.

Me vurderar arbeid vårt i personalgruppa slik:

  • Årsrapport
  • Medarbeideasamtalar
  • Observasjon
  • TRAS
  • Ped. leiar-, avd- og personalmøter

Føresette:

  • Foreldresamtaler
  • Brukarundersøking
  • Ved levering- og hentesituasjon

Barna:

  • Gjennom samtalar i kvardagen med enkeltbarn og i barnegruppa

 

4.3 Dokumentasjon

Dokumentasjon skal gje foreldra og kommunen informasjon om kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen.

Me dokumenterer vårt arbeid slik:

  • Årsplan
  • Årshjul
  • Månadsplan
  • Månadsbrev
  • Dagbok i Visma app
  • Årsrapport
  • Veggane i barnehagen

Barna:
Dokumentasjonen skal vera synleg for barna sjølv og skal synliggjera barna sin kvardag i leik og aktivitet. Alle barna får “min barnehageperm”. I denne permen er det bilete med tekst av aktiviteter barna har vore med på, tegninger og produk som barna sjølv har laga. Denne kan barna sjå i, og i slutten av barnehageåret får dei den med seg heim.

 

4.4 Tilretteleggjing av det allmennpedagogiske tilbodet for barn som treng ekstra støtte.

Tidlig innsats er eit omgrep som vert nytta i høve barn som kan ha behov for litt ekstra støtte i periodar. Ekstra fokus på språktrening, ekstra støtte i leik og sosial kompetanse er døme på tidlig innsats som barnehagen nyttar.

Om det er grunn til å tru at barnet sitt behov ikkje kan dekkast innanfor det allmenn pedagogiske tilbudet, skal barnehagen opplysa foreldra om retten til å kreve ei sakkunnig vurdering av om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp. Barnehagen arbeider etter retningslinjer og rutiner som er utarbeidd i ein felles plan; Håndbok om tilrettelegging og tilpassa opplæring og spesialpedagogisk håndbok.

Kommunen har utarbeidd ein plan for tidlig innsats (BTI – betre tidleg innsats). Denne planen finn de på heimesida til kommunen og ligg open for alle.

 

4.5 Arbeidsmåtar

Røldal barnehage vektlegg å arbeida ut frå ein fast dagsrytme og struktur som skal vere lett for barna og forhalde seg til. Me nyttar og prosjekt som arbeidsmetode.

 

4.6 Progresjon

Progresjon i barnehagen inneber at alle barna skal utvikla seg, læra og oppleva framgang. Personalet skal utvide og byggja vidare på barna sine interesser og gje barna varierte erfaringar og opplevingar. Barna skal få utfordringar tilpassa sine erfaringar, interesser, kunnskap og ferdigheter uavhengig av alder og modning.

 

4.7 Barnehagens digitale praksis

Barnehagen sin digitale praksis skal bidra til barn sin leik, kreativitet og læring. Ved bruk av digitale verktøy skal personalet vere aktive saman med barna.

I det pedagogiske arbeidet nyttar me digitale verktøy til å innhenta informasjon og fakta i høve aktivitetar me har. Barna tek bilder med mobilkamera sjølve og me har eit digital mikroskop til t.d å sjå på insekt.

 

Del 5 – Samarbeid

5.1 Samarbeid heim – barnehage

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf barnehageloven §1.

Barnehagen skal ivareta foreldra sin rett til medverknad og arbeide i nært samarbeid og forståing med foreldrene, jf barnehageloven §1 og §4.

Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnet sitt beste som eit felles mål og sikra barna gode utviklings- og aktivitetsvilkår.

Det er viktig at det er eit godt samarbeid mellom barnehagen og foreldra/føresette for å skapa ein god barnehagekvardag. Ein god og open dialog mellom barnehagen og heimen er med på å utvikla barnehagen.

For å styrka samarbeidet arrangerer me:

  • Kveldsarrangement
  • 2 foreldremøter i året
  • 2 foreldresamtaler (haust/vår)
  • Grillfest på våren i lag med foreldra til 6-åringane

 

5.2 Samarbeidsutval

Foreldrerådet

Består av alle foreldra i Røldal barnehage.

Kontaktperson: Gunhild Øvregård

Oppgåva til foreldrerådet er å fremje felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Dei velgjer representantar til samarbeidsutvalet.

 

Samarbeidsutvalet (SU)

Samarbeidsutvalet – skal vere eit rådgjevande-, kontaktskapande- og samordnande organ. Samarbeidsutvalet skal bli forelagt saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og verksemd. Samarbeidsutvalet skal fastsetje el godkjenne barnehagen sin årsplan, øvrige saker kan vere budsjett, driftsendringer eller uttale til vedtekter.

Samarbeidsutvalet skal bestå av to representantar frå foreldra og to frå personalet. Kontaktperson for SU finn du på hovudsida til barnehagen.

 

5.3 Barnehagen samarbeider med andre tenester og institusjonar i kommunen som:

  • Oppvekstsjef – Morten Vevatne
  • Barnehagefaglig rådgjevar – Wenche Jordal
  • Helsestasjon
  • Logoped
  • PPT
  • Førskuleteam
  • Hardanger barnevern
  • Bygg- og eigedom
  • Vaktmeister
  • Skulen
  • Coop Marked Røldal
  • Andre barnehagar i kommunen
  • Styret i grendahuset

Del 6 – Overganger

6.1 Tilvenning

Barnehagen legg vekt på at barna skal møta eit trygt og godt miljø når dei startar i barnehagen. Det er viktig at oppstarten er trygg og god både for foreldre, barna og dei tilsette som skal samarbeida med heimen. Ved behov har helsestasjon og barnehagen samarbeidsmøter ved oppstart i barnehagen.

Fokus områder med oppstart i barnehagen:

  • Foreldremøte på våren for nye barn
  • Besøksdagar
  • Oppstartssamtaler

Barnehagen jobbar ut i frå tryggleikssirkelen som er eit verktøy vi bruker for å forstå og møta barna sitt behov.

Tryggleikssirkelen er ein visuell sirkel, der den vaksne er den trygge og sikre hamna. Når barnet er utforskande, bevegar det seg ut fra den trygge hamna, barnet er då oppe i sirkelen. Barnet er fremleis avhengig av vaksne i form av støtte, hjelp ved behov og glede med barnet. Når barnet er nede i sirkelen har barnet behov for beskyttelse, trøst, godhet og organisering av kjenslene sine (Powell, Cooper, Hoffman, Marvin, 2015).

 

6.2 Overgang internt i barnehagen

Barnehagen vår er ein liten barnehage med ein avdeling som er delt i to grupper. Personalet går også på tvers av gruppene.

Ved overgang frå gruppe Jupo til gruppe Jasen følgjer barnehagen desse rutinene:

  • Overgangssamtale med foreldre
  • Barna er på gradvis tilvenning med besøksdager

 

Illustrasjon basert på Illustrasjon basert på "Circle of Security"

6.3 Overgang barnehage-skule:

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggja til rette for at barna kan få ein trygg og god overgang fra barnehagen til skulen og evt skulefritidsordninga. Dei eldste barna skal få mulighet til å glede seg til å byrja på skulen og oppleva at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Odda kommune utarbeidde ein plan for dette som blei vedteken i driftskomiteen 09.02.10.

Ut ifrå den planen har me følgjande rutiner for overgang barnehage – skule:

  • Skuletrening ein gong i veka
  • Samarbeid med SFO
  • Karneval på SFO
  • Besøksdagar på skulen om våren
  • Er med skulen på den kulturelle skulesekken for småtrinnet
  • Bading i lag med 1. og 2. klasse
  • Overgangssamtale mellom ped. leiar og lærer på våren for å utveksle informasjon før skulestart

August:

  • Oppstart og tilvenning

September:

  • Foreldremøte
  • Friluftsveka
  • Brannvernveka

Oktober:

  • SU møte
  • Varsla brannøving
  • Haustferie veke 41
  • Haustfest
  • FN- dagen

November:

  • Foreldresamtaler
  • Litauen dag
  • Forberedelse til jul

Desember:

  • Jul
  • Adventstund
  • Bake kakemenn på bakeriet
  • Baka pepperkaker i barnehagen
  • Grautfest
  • Julabord
  • Barnehagen er stengt julaften 24. desember og nyttårsaften 31. desember

Januar:

  • Planleggingsdag 3. januar – barnehagen stengt
  • Første dag i barnehagen etter nyttår for barna – 4 januar
  • Innskriving på skulen for førskulebarna

Februar:

  • Samefolket sin dag 6. februar
  • Karneval/fastelaven – 25. februar
  • Vinterferie veke 9

Mars:

  • Ski/akedag
  • Planleggingsdag 14. mars – barnehagen stengt
  • Uvarsla brannøving
  • Påskeførebuing

April:

  • Foreldresamtaler
  • Påskelunsj
  • Påske 14. – 18. april
  • Barnehagen stenger 12.00 – 13. april
  • Første dag etter påskeferie – 19. april

Mai:

  • Mini 17.mai – 13. mai
  • Overføringssamtalar til skulen

Juni:

  • Kulturskulen – Nøringen
  • Sommaravslutning og grillfest
  • Sommarbarnehage begynne – 20. juni
Illustrasjon av eng i blåtonar. Illustrasjon.