Pedagogisk årsplan for Røldal barnehage 2024/2025
“Ein trygg plass å væra, ein god plass å læra”
Ulike utgangspunkt – like sjansar
1. Verdigrunnlaget til barnehagen
1.1 Røldal barnehage sin visjon
“Ein trygg plass å væra ein god plass å læra”
I Røldal barnehage er visjonen vår at barnehagen skal vera ein trygg og god plass å vera og i tillegg vera ein god læringsarena. Læring både gjennom sjølvstyrt og vaksenstyrt aktivitet.
Røldal barnehage er ein natur og kulturbarnehage. Me jobbar mykje i barnehagen for å fremja naturen og kulturen til bygda. Me brukar naturen og nærmiljøet aktivt. Barnehagen er ein kulturberar. Kulturen – kven er me? Bygda og barnehagen. Identiteten vår.
Kultur – song, språk (dialekt og nynorsk), måleri, segner, bakst, bygningar, historien, kyrkje/kyrkjehistorie, bondekultur, jakt, slakting, ski, vasskraft, husdyr, ville dyr osv.
1.2 Verdiar
I Røldal barnehage ser me barn som sjølvstendige individ. Gjennom utforsking, undring, leik og læring utviklar kvar einskild seg som individ.
Tryggleik
Me ynskjer at alle barna i Røldal barnehage skal oppleva gode og trygge rammer i barnehagen. Me brukar god tid, har eit fang å sitja på, stabil personalgruppe og godt innarbeidde rutinar. Me skal vera varme vaksene som set grenser og som gjer det både trygt og godt for kvart einskild barn.
Leik
I Røldal barnehage har leiken ein sentral plass i barnehagekvardagen. Me legg til rette for eit allsidig og inspirerande leikemiljø. Me spelar vidare på barn sine interesser. Barna skal få oppleva glede, humor, spenning og fellesskap gjennom leiken. Me har fokus på både organsert leik og sjølvvald leik.
Utforsking
Utforsking er til stades i mange aktivitetar. Dei vaksne skal vera opne for å stilla opne spørsmål. Me vaksne skal gje rom for undring og undra oss saman med barna.
Læring
Eit barn lærer gjennom alle aktivitetar det held på med i barnehagen, både uformell og formell læring.
Språk
Språket blir brukt aktivt i alle samanhengar med barn. Dei vaksne må vere gode språkmodellar. Det er viktig å bruka ord og omgrep i kvardagen vår og setja ord på det me opplever.
1.3 Barn og barndom
I Røldal barnehage er det viktig for oss at alle barn som går i barnehagen får ein barndom som er prega av trivsel, vennskap og leik. Dette er viktig for det fundamentale hos barnet og at dei skal ha det trygt og godt hos oss. Me er med på å påverka og førebu dei på livets veg og leggja eitt godt grunnlag for eit godt liv og ein god start på livet.
Me her i Røldal har alltid barnets beste i fokus og at me møter dei som enkelt individ. Møter og ser dei der dei er.
1.4 Mangfald, gjensidig respekt, likestilling og likeverd
I Røldal barnehage har me lang erfaring med arbeid som skal fremja respekt for menneskeverdet. Barna i Røldal barnehage lærer at me alle er forskjellige, me har forskjellige utgangspunkt i livet, me tenkjer, handlar og lev forskjellig og at ulikskap har verdi og skal møtast med respekt. Me lærer å leva saman i eit stort fellesskap på tvers av våre ulikskapar. Me jobbar med å synleggjera verdien av eit “felles me”. Me skal fremja likestilling der alle barn har lik moglegheit til å bli sett, høyrd og oppmuntra til å ta del i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen.
I Røldal barnehage er desse tinga viktig i forhold til mangfald, gjensidig respekt, likestilling og likeverd:
- Sosial kompetanse er svært viktig for å kunna skapa eit godt mangfald og gjensidig respekt. Me er alle forskjellige, me har ulike behov og likar å gjera forskjellige aktivitetar.
- Alle barn får kle seg ut akkurat som dei vil og vera den dei vil.
- Felles forståing i personalgruppa at det ikkje finst jente/gute klær/fargar/leiker/bøker/yrke osv.
- Me ser alle barna. Meininga deira betyr noko, oppmuntra dei til å ta del i aktivitetar og fellesskapet.
- Eit mål me har i barnehagen er: Å styrkja gruppekjensla – den gjev barna ei felles og positiv oppleving som styrkjer samhaldet i barnegruppa.
1.5 Bærekraftig utvikling
Røldal barnehage ynskjer me å bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag får konsekvenser for framtida. Barna skal få erfaringar med å gje omsorg og ta vare på omgivnandane og naturen. Røldal barnehage er ein natur og kultur barnehage som betyr at me ynskjer å nytta oss av og ta vare på naturen rundt oss. Det er viktig for oss i Røldal å ta vare på nærmiljøet, me plukkar bås og tek omsyn til/for dyr og naturen vår. Me dyrkar mat i barnehagen. Dette for å få ei forståing for kor maten kjem frå. Ting me har dyrka er poter, sukkererter, kålrot, gulrot osv. Me kildesorterer og barnet deltek ved å vera ivrige og undrar på kva som skal i kva bås. Dette ser me gjer at barna lærer meir om kva som skal kastast kor. Me har også fokus på gjenbruk av ulikt materiale og naturmaterialer. Naturen har mykje å by på og er eit spisskammer for oss menneske og derfor må me gje tilbake i form av å ta vare på den som best me kan. Blant anna dette at me ikkje skal kaste bås i naturen. Her må ein samla båset og ta det med oss til ein plass me kan kasta det.
1.6 Livsmestring og helse
Barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen. Barnehagen skal bidra til barnas trivsel, livsglede, meistring, kjensle av eigenverd og forebyggja mobbing og krenking.
Stortinget vedtok endringa i barnehagelova, endringane, som gjeld frå 1. januar 2021 skal bidra til at: “Alle som arbeider i barnehagen, skal melde fra til barnehagens styrer dersom de får mistanke om eller kjennskap til at et barn ikke har et trygt og godt barnehagemiljø”.
I Røldal barnehage er dette viktig for å skapa god livsmestring og helse:
- Fokus på at alle har det bra
- Nulltoleranse for mobbing/krenking
- Inkludering
- At alle får koma med sine meiningar og tankar. Her får barna kjennskap til sitt eignverd og kjenna på sjølvkjensle.
- Sosial kompetanse
2. Formålet med og innhaldet i barnehagen
2.1 Omsorg
“Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal utvikle empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gi barn høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Barnehage skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som og verdset omsorgshandlingane til barna.” (Rammeplan for barnehagen 2017, s.19)
Personalet i Røldal barnehage skal sørga for:
- å sjå kvart enkelt barn
- møte barna på kjenslene sine
- det vert gjeve rom for kvart enkelt barns behov
- trivsel og tryggleik
- at me er autoritative vaksne – det vil seie varme og grensesetjande
- gje rom for humor og glede
2.2 Leik
“Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.” (Rammeplan for barnehagen 2017, s.20)
Personalet i Røldal barnehage skal tilrettelegga for:
- Ulike leikesoner for inspirasjon til leik
- At leikekassane er merka, lett tilgjengelige og i barnet si høgde
- Godt samspel og relasjonsbygging
- Inkludering/vegleiing av dei barna som fell utanfor leiken
- Aktivisera dei som fell utanfor leiken.
- Vera aktive vaksne
- Observera, analysera, støtta, delta i og gjera leiken meir verdifull på barna sine premissar
2.3 Danning
“Danning er ein prosess der vaksne leier og rettleier neste generasjon. Gjennom danning overfører me verdiar og normer, uttrykk og handlingsmåtar. Barna må forhalda seg til samfunnet sine krav og normer og sin eigen veremåte. Me vaksne i barnehagen skal hjelpa barna til å implementera desse verdiane, normene og handlemåtane i veremåten sin.”
I Røldal barnehage skal me tilrettelegge for:
- Gode verdiar
- å vera gode rollemodellar som vaksne
- Gje rom for utforskning og det undrande barnet
- Kritisk tenkning
- At barna kan vera med å bidra, påverka, utvikla og avgjera
- Evna til å yte motstand
- Lytta og samtala med barna som likeverdige samtalepartnarar
2.4 Fremje læring
I barnehagen skal barna oppleva eitt stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. (Rammeplanen s. 22, 2017)
Me i Røldal barnehage har fokus på å anerkjenna nysgjerrighet, kreativitet og vitelyst hos barna våre og dette skal brukast til grunn for læring. Me har fokus på å inkludera og leggja til rette for eiga læring og andre si læring. Me støttar barna i deira initiativ, undring og nygjerrighet og spelar vidare på dette.
2.5 Vennskap og fellesskap
Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungera godt saman med andre. Dette omfattar ferdighetar, kunnskapar og handlingar som vert utvikla gjennom sosialt samspel. Alle barna i barnehagen skal føla seg viktige i fellesskapet. Og eit positivt samspel med andre barn og vaksne er ein føresetnad for fellesskap og venskap.
2.6 Kommunikasjon og språk
Gjennom fagområdet språk, tekst og kommunikasjon har barnehagen jobba med at barna skal få utforske og utvikle språkforståinga si, språkkompetanse og kommunikasjonsformer.
Me jobbar med mykje i forhold til kommunikasjon og språk i Røldal barnehage:
- Kalender med dag, dato, månad, årstid,ver osv
- Rim, regler og eventyr
- Klappar rytme i ord
- Kims leik
- Segner frå Røldal
- Ulike formidlingsmåtar som blant anna lesing, dramatisering, forteljing, rollespel
- Dagleg tale mellom barn – vaksen og barn – barn
- Formelle og uformelle samtalar
- Samtale under måltid – øva på å lytta, venta på tur osv
- Rimeleik med tulleord
- Bøker som ligg tilgjengelege for barna
- Turar til bibliokteket og høgtlesing
- Leikeskriving
3. Arbeidsmåtane til barnehagen
3.1 Arbeidsmåtar
Det pedagogiske innhaldet i Røldal barnehage er under kontinuerlig utvikling. Planlegginga vert basert på kunnskap om barn si utvikling og læring, både individuelt og i gruppa, på observasjon og dokumentasjon, systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre. Dette meiner me er viktig for å sikra progresjon for kvar einskild og for gruppa.
Arbeidsmåtane skal ivareta barna sitt behov for omsorg og leik, fremja læring og gje barna høve til å medverka. Me ynskjer at arbeidsmåtane skal bidra til å skapa engasjement, interesse og motivasjon, og dermed gje rom for nye erfaringar og opplevingar i barnehagen vår. Me byggjer på barnas erfaringar og interesser og vekslar mellom spontane og planlagte aktivitetar. Personale er godt førebudd til samlingar og dei vaksenstyrte aktivitetane som me har med dei ulike gruppene. Me jobbar både temabasert med fokusområder gjennom året for å sikra at me har gjennom eit mangfald av omgrep og tema, samt prosjektbasert der barna har større påverknad på innhold og framdrift. Me arbeider mykje tverrfagleg med dei ulike fagområda med gruppene og i mindre grupper t.d. ved språkleik/trening og tur samt andre tilrettelagte aktivitetar ut frå alder.
3.2 Tilvenning
Barnehagen legg vekt på at barna skal møta eitt trygt og godt miljø når dei startar i barnehagen. Det er viktig at oppstarten er trygg og god både for foreldre, barna og dei tilsette.
Barnehagen jobba ut ifrå tryggleikssirkelen som er eit verktøy me bruker for å forstå å møta barna sitt behov. Tryggleikssirkelen er ein visuell sirkel, der den vaksne er den trygge og sikre hamna. Når barnet er utforskande, beveger det seg ut frå den trygge havna, barnet då oppe i sirkelen. Barnet er framleis avhengig av vaksne i form av støtte, hjelp ved behov og glede med barnet. Når barnet er nede i sirkelen har barnet behov for beskyttelse, trøst, godhet og organisering av kjenslene sine (Powell, Cooper, Hoffman, Marvin, 2015).
Foreldra fylgjer barnet sitt til ein ny arena når dei byrjar i Røldal barnehage. Gjensidig og varm kommunikasjon mellom oss i personalet og førersette har ein positiv effekt på korleis barna vil fungera og trivast. Foreldre sin nærleik og kunnskap om eige barn er grunnlaget for samarbeidet. Det er individuelt korleis barna tilpassar seg ein ny kvardag i barnehagen. Det er uansett lurt å setja av minimum tre dagar til tilvenjinga.
Dag 1 (varighet: ca. 1-2 timar)
Det er best om foreldra held seg i nærleiken av barnet og er tilgjengelig heile tida på avdelingen. For personalet er det nyttig å sjå barnet saman med sine foreldre. Det gjer informasjon om blant anna barnets vanar og måtar å kommunisera på. Denna informasjonen vil seinare bidra til at dei vaksne i barnehagen kan kjenna igjen signala og kan lettare tolka barnet sitt behov.
Dag 2 (varighet: ca. 2-5 timar)
Personalet øvetek meir av ansvaret for barnet, tryggleik og tillit skal dannast i samspel. Andre dag kan det vera tid for å forlata barnet aleina saman med personalet i ein kortare periode – om personalet opplever det som trygt for barnet.
Dag 3 (varighet: ca. Etter avtale)
Det kan vera tid for å forlata barnet i barnehagen. Kor lenge ein skal vera vekke blir avtalt på førhand, men det kan vera smart å vera så lenge vekke at barnet både har rukke å eta, sova og leika.
Viktig at foreldre alltid er tilgjengelege slik at barnehagen lett kan få kontakt.
For mange blir det opplevd som vanskeleg å overlata barnet til nokon ein ikkje kjenner. Nokre foreldre føler seg usikre i forhold til om dei gjer det rette for barnet, eller om barnet vil trivast i barnehagen.
I Røldal barnehage ringer me eller sender sms om korleis det går om foreldre ynskjer det for at dei skal føla seg trygge. Sender også gjerne bilete av barnet i leik. Dette for å skapa tryggleik for foreldre.
Resten av veka:
Anbefaler me at barnet har kortare dagar i barnehagen. Dette for å få ein rolig og fin start på ny kvardag.
3.3 Progresjon
Progresjonen i barnehagen inneber at alle barna skal utvikla seg, læra og oppleva framgang. Personalet skal utvida og byggja vidare på barna sine interesser og gje barna varierte erfaringar og opplevingar. Barna skal få utfordringar tilpassa sine erfaringar, interesser, kunnskapar og ferdighetar uavhengig av alder og modning (Rammeplan for barnehage, s. 44, 2017).
Me i Røldal barnehage jobbar for stadig utvikling, læring og framgang hos barna. Me byggjer vidare i høve deira interesser. Bidra til aktivitetar og opplegg som skaper kjensle av meistring hos barna samt at dei har noko å strekkja seg etter. Leggja til rette for fordjuping, attkjenning og gjentaking hos barna ved arbeidet me gjer saman med barnet. Leggja til rette for nye opplevingar og erfaringar.
3.4 Barns medverknad
I Røldal barnehage er det viktig at me sikrar at barna får medverka. Alle barn skal verta høyrt og lytta til. Barna skal kunne vera med å påverka kva dei ynskjer i ulike settingar. Me skal vera lyttande og støttande ovanfor barna. Kvart barn skal verta teken på alvor.
4. Overgangar
4.1 Heim/barnehage
Røldal barnehage ynskjer å samarbeida godt med foreldra for å leggja til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Me skal tilpassa rutiner og organisera tid og rom sånn at barnet får god tid til å bli kjend, etablera relasjonar og knytta seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørgja for tett oppføljing den første tida, slik at barnet kan oppleva tilhøyrsle og kjenna at det er trygt å leika, utforska og læra. Me legg vekt på å tryggja kvart einskild barn i tilvenjinga ved å ha faste, trygge vaksne som har ansvar for dei einskilde den første tida.
På våren/ tidlig sommar før barnet byrjar i barnehagen hos oss i Røldal vil barnet saman med foresatte få invitasjon til å komma på ein besøksdag i barnehagen. Det er også ope for å koma på besøk i utetida og vera med dei andre barna å leika om dei ynskjer det.
Samtale/foreldremøte på våren/tidlig sommar for nye barn.
4.2 Internt i barnehagen
Me er ein liten barnehage der me er så heldige at alle barn omgår kvarandre i løpet av ein dag. Dermed er ingen barn eller vaksne ukjente for barnet. Personalet går på tvers av gruppene. Barnehagen er delt i to grupper. Me er delt inn i Jupo (0-3 år) og Jasen (3-6 år).
- Dei eldste på Jupo besøker Jasen
- Skapa gode overgangar med å ta det litt gradvis
- Leikar på tvers av gruppene
4.3 Frå barnehage til skule
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skule leggja til rette for at barna kan skal få ein trygg og god overgang frå barnehagen til skulen og eventuelt SFO. Dei eldste barna skal få moglegheit til å gleda seg til å byrja på skulen og oppleva at det er ein samanheng mellom barnehage og skule.
I Røldal barnehage er me heldige som har skulen så nærma og gjev oss ein unik mulighet til å eit godt samarbeid og gode overgangar for barnet. Me ligg veldig nærme skulen og førskulebarna får kjennskap til både barn og vaksne som gjer at dei ikkje er ukjente ved skulestart.
Ting me har i Røldal for å skapa god øvegang er:
- Skuletrening for dei eldste kvar veka.
- Besøk på SFO – leik ute og invitasjon til ulike arrangement.
- Besøksdagar på skulen om våren og innskrivingsdagen
- Er med skulen på den kulturelle skulesekken for småtrinnet
- Bading
- Trygghet – ligg nærme kvarandre, kjente fjes. Ein ansatt som jobbar både i barnehage og SFO.
- Besøker skulen og brukar biblioteket.
- Me inviterer 1. klasse til arrangement i barnehagen
- Foreldremøte for nye foreldre i slutten av juni på skulen
- Hjelpa barna å bli sjølvstendige med toalettbesøk, påkledning osv
- Hjelpa dei å læra seg å kjenna igjen navnet sitt og gjerne skriva det
- Overgangssamtale mellom pedagogiske leiarar og lærar på våren for å utveksla informasjon før skulestart
5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen
5.1 Foreldra sin medverknad
“Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal ivareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eitt felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikla seg. Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeid og god dialog med foreldra. Dagleg kontakt og uformell småprat om barnet og det som foregår i barnehagen, er ein viktig base for foreldresamarbeidet” (Barnehagelova §1)
I Røldal barnehage legg med vekt på god jamnleg dialog ved levering og henting. Personale skal lytta til foreldre/foresette og forsøke å forstå deira ynskjer og behov. Barnehagen skal vera lydhøyr for dei innspel som kjem til uttrykk. Desse skal takast med vidare til pedagogisk leiar på avdeling for vidare vurdering. Interessekonfliktar og kritikk skal vidareformidlast til styrar som skal handtera saka vidare.
5.2 Foreldreråd og samarbeidsutvalg
“Intensjonen med foreldreråd og samarbeidsutval er at desse ordningane skal gi høve til å vareta foreldra sin kontakt med barnehagen på ein aktiv måte. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit god barnehagemiljø. Foreldrerådet skal få inn saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen” (Rammeplan for barnehagen, s. 30. 2017).
Alle foreldre/føresette i Røldal barnehage er ein del av foreldrerådet i barnehagen. Rådet har ein foreldrerådsrepresentant som vidareformidlar og held kontakten med barnehagen om ting som rører seg.
Samarbeidsutvalet består av to representantar frå foreldre, to representantar frå ansatte, ein politisk valgt representant samt styrar som referent.
5.3 Planlegging og vurdering
“Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gi barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngitt i barnehagelova og rammeplanen” (Rammeplan for barnehagen 2017)
Planlegging gjev personalet grunnlaget for å tenka og handla langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet. Planlegging skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa. Planane må vera fleksible slik at det blir rom for spontanitet og barn sin medverknad. Me knytter planane og aktivitetane våre opp mot fagområda i rammeplanen. Barnehagen er ein lærande organisasjon.
Planlegging gjev personalet grunnlaget for å tenkja og handla langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet. Planlegging skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa. Planane må vera fleksible slik at det blir rom for spontanitet og barn sin medverknad. Me knytter planane og aktivitetane våre opp mot fagområda i rammeplanen. Barnehagen er ein lærande organisasjon.
Planlegging i Røldal barnehage:
- 5 planleggingsdagar i løpet av barnehageåret. Der me planlegg for tida framover for barnegruppa. Nokon av desse dagane kan nokon gonger vera felles med faglig påfyll eller kursing.
- Personalmøter/avdelingsmøter – her er det meir detaljert planlegging månad for månad og tek opp ting som rører seg i barnegruppa.
- Pedagogisk leiarmøter – pedleiarar har eigne møter på kveldstid innimellom.
- Planar som me nyttar til ei kvar tid i barnehagen er årsplan, halvtårsplan, månadsplan og årshjul.
“Barnehagen skal regelmessig vurdere det pedagogiske arbeidet. Det betyr at det pedagogiske arbeidet skal beskrivast, analyserast og tolkast ut frå barnehageplanane, barnehagelova og rammeplanen. Hovudformålet med vurderingsarbeidet er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med barnehagelova og rammeplanen” (Rammeplan for barnehagen 2017)
Vurderingsarbeidet skal byggja på refleksjonar som heile personalgruppa er involvert i. Personalet observerer og vurderer sitt daglege arbeid for å kunne gjere endringar og korreksjonar.
5.4 Foreldremøter og foreldresamtalar
Foreldre/føresette får tilbud om to foreldresamtalar og ellers ved behov i løpet av året. Ein samtale om hausten og ein om våren.
Me har to foreldremøter i løpet av året. Eit ganske snart etter oppstart av nytt barnehageår om hausten og eit på nyåret. Dette er eit temamøte. Foreldre kan koma med innspel til temamøte.
5.5 Udir. si foreldreundersøking
Ein gong i året, sender barnehagen ut ei foreldreundersøking via UDIR sin nettportal. Der foreldre/føresette vert invitert til å svare på undersøkinga for kvart einskild barn. I foreldreundersøking får foreldre sei si meining om barnehagetilbodet i Røldal barnehage kring barna sin trivsel, utvikling, informasjon, barnehagen sitt fysiske miljø og samarbeidet mellom heim og barnehage m.m. Undersøkinga har rundt 30 spørsmål. Resultata frå foreldreundersøkinga vert brukt av barnehagen og styrar som ei hjelp til å vurdera og utvikla barnehagetilbodet. Me tek og blant anna opp resultatet i SU møtet for å jobba med mogeleg forbetring og avklara ting. Resultatet vert også brukt i dialog med foreldre på t.d. foreldremøte.
5.6 Visma Flyt Barnehage
Røldal barnehage nyttar Visma min barnehage appen dagleg som er ei teneste kor du som føresett/foreldre enkelt kan kommunisera med barnehagen. Me legg ut dagbok stort sett kvar dag med enkel tekst og bilder for at foreldre/føresette kan få eit innblikk i barnet sin kvardag i barnehagen. Me brukar appen aktivt til å sjekk inn / sjekka ut barn, laga dagbøker, senda fellesbeskjedar og kommunisera med foreldre/føresette gjennom melding.
Med Min barnehage appen kan du enkelt:
- Motta og senda meldingar med barnehagen
- Registrera fråvær eller sjukdom
- Motta dagbok som fortel om barnet sin dag og opplevingar, i form av tekst og bilete
- Gje eller avslå samtykker
- Motta fellesbeskjedar
- Motta aktuell informasjon