Overordna beredskapsplan og Ullensvang-ROS

Ullensvang kommune har krav på seg til å ha ein overordna plan for beredskap og ein overordna ROS-analyse som er vedteken av kommunestyret.

Overordna plan for beredskap

«Overordna beredskapsplan» skildrar korleis beredskapen er organisert, samordna og dokumentert, samt kva prinsipp, prioriteringar og metodar som skal vera førande for organiseringa av beredskap og utøving av beredskapsleiing i kommunen.

Dette dokumentet er unnateke offfentlegheita, og ligg av den grunn ikkje ved.

 

Ullensvang-ROS

Samtlege kommunar pliktar å kartlegga kva uønskte hendingar som kan skje i kommunen, vurdera sannsynet for at desse hendingane skjer, og korleis hendingane i så fall kan påverka kommunen. Resultatet av dette arbeidet skal vurderast og samanstillast i ein overordna risiko- og sårbaranalyse (heretter kalla ROS-analysen).

Ullensvang kommune starta sitt kartleggingsarbeid etter lov om kommunal beredskapsplikt § 14 november 2018. Arbeidet har forankring i kommunestyret i henhald til forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2. ROS-analysen, vil bli lagt til grunn for Ullensvang sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

 

Godkjent i KST 26.02.20