
Ordførar
Roald Aga Haug er ordførar i Ullensvang kommune, han vart valt i 2019 og representerar Arbeiderpartiet.
Ordføraren er kommunen sin fremste representant og skal ivareta dei gjeremål som er knytt til dette vervet gjennom lover, forskrifter og reglement.
I følgje kommunelova har ordføraren i oppgåve å leia møtene i formannskap og kommunestyre. Han har møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men har berre stemme- og forslagsrett viss han er valt medlem.
Varaordførar i Ullensvang kommunen er Kjellaug H. Samland, ho representerar og Arbeiderpartiet.
Kontakta ordføraren (og varaordførar)
Ordføraren ynskjer god dialog med innbyggjarane i kommunen. Ta gjerne kontakt med han. Ha på minnet at både e-postsendingar og annan post vil verta handsama i samsvar med «Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd», også kalla offentleglova. Du må rekna med at innhaldet i meldinga di kan verta offentleg tilgjengeleg.

Kontakter


Kalender ordførar – veke 6
Dag | Tid | Kva |
---|---|---|
DagMåndag | Tid08.00 - 09.00 | KvaOppteke |
DagMåndag | Tid09.00 - 12.00 | KvaStyremøte i Fjordavegen Rute 13 |
DagMåndag | Tid12.00 - 13.00 | KvaSamarbeidstid ordførar-rådmann |
DagMåndag | Tid12.30 - 13.30 | KvaEigedomsmøte |
DagTysdag | Tid07.00 - 23.00 | KvaLVK Kraft - Regionsmøte |
DagOnsdag | Tid07.00 - 15.00 | KvaLVK Kraft - Regionsmøte |
DagOnsdag | Tid15.00 - 17.30 | KvaOppteke |
DagTorsdag | Tid12.00 - 15.00 | KvaOppteke |
DagTorsdag | Tid18.00 - 21.00 | KvaOppteke |
DagFredag | Tid09.00 - 15.00 | KvaOppteke |
DagLaurdag | Tid08.00 - 20.00 | KvaHardanger vinterfestival |