Muligheten

Muligheten er eit arbeidsretta aktivitetstiltak i regi av Ullensvang kommune. Målgruppa vår er arbeidsledige i Ullensvang kommune som har eit ynskje om å koma ut i ordinært løna arbeid.

På Muligheten kan ein blant anna vera med på diverse kurs, samt få hjelp til jobbsøking. Kva aktivitetar som får hovudfokus endrar seg ettersom arbeidsgruppa endrar seg. Dette fordi me prøver å leggja til rette for meiningsfulle dagar som vil hjelpa kvar einskild med å kvalifisera seg for å kome ut i det ordinære arbeidslivet. For ei tid tilbake hadde kantinedrift og møbeltapetsering størst fokus, no er det skogbruk og vedproduksjon, samt reinhaldsoppdrag. Fysisk aktivitet og fokus på positivt sosialt samvær står og sentralt hjå oss.

 

Mål

Aktivitetstiltaket har mål om samfunnsøkonomisk vinning gjennom overgong til arbeid og utdanning. Hovudinntekta vår kjem av kommunale reinhaldsoppdrag, og inntektene vert nytta i drifta. Inntekta vår går blant anna til kursavgifter, felles lunsjmåltider, verktøy og anna naudsynt utstyr for å kunna vidareføra tiltaket.

 

Resultat

I 2019 hadde Muligheten totalt 17 personar innom dørene. Aktivitetstiltaket har vore svært viktig for desse personane på vegen mot eit arbeid. Totalt 7 av dei 17 kom i løpet av 2019 ut i løna arbeid og 1 starta med utdanning. I 2020 har me og hatt totalt 17 stk innom dørene. 3 av desse har i løpet av året kome seg ut i løna arbeid og 5 har starta med kompetansehevande kurs og utdanning. Fleire har og starta opp i ulike praksisplassar hjå lokale næringsdrivande.

 

Kontakt

Dersom Muligheten kunne vore noko for deg eller dersom du har andre henvendingar kan du ta kontakt med oss på:

To personer som skjer ned eit tre med motorsag. Bilete.

Kontakter

Muligheten

muligheten@ullensvang.kommune.no

469 38 204

 

For meir informasjon kan de sjekka ut facebook sida vår: Muligheten i Kinsarvik