Solceller

Montering av solcelleanlegg på småhus

Du kan i mange tilfelle montera eit solenergianlegg (solcelle- eller solfangaranlegg) på bustaden din utan å søkja, men det er unntak.

Du må passa på følgjande:

  • At det berre har følgjer for ei brukseining eller branncelle
  • At det ikkje fører til vesentleg endring av fasadens karakter (tak er òg ein fasade)
  • Bustaden kan ikkje ha ein vernestatus, vera verneverdig eller omfatta av omsynssone kulturmiljø
  • At det ikkje kjem i strid med gjeldande arealplanar
  • At det har gode visuelle kvalitetar, både i seg sjølv og i forhold til omkringliggjande busetnad.

 

Desse reglane gjeld for småhus

Småhus omfattar bustadhus til og med firemannsbustad, rekkehus, kjedehus og atriumhus.

 

Vesentleg endring av fasaden sin karakter

Vurdering om ei fasadeendring vil føra til at bygningen sin karakter blir endra, vil innebera stor grad av skjønn. Noko av det som vil vera avgjerande i vurdering av søknadspliktig fasadeendring eller ikkje kan vera anlegget si plassering og utstrekning, materialbruk og fargekontrastar, refleksjon og eksponering i forhold til omgjevnadane, omsyn til heilskapeleg utforming i eit område, og ein bygning sin arkitektoniske eigenverdi.

 

Sjekk føresegnene for din eigedom

I kommunekart.com kan du finna opplysningar om eigedomen din, blant anna om kva arealplanar som gjeld, med tilhøyrande føresegner, om eigedomen eller bygningen er freda eller har ein vernestatus eller omfatta av omsynsone kulturmiljø, avstand til nabogrenser m.m

 

Kriterier ved vurdering av visuelle kvalitetar

Plassering, utstrekning og visuelle kvalitetar
Plasseringa og utforminga av solcelleanlegget må ta omsyn til bygningen si form og symmetri. Plasseringa bør ta omsyn til bygningen sitt element, og solcelleanlegget bør ligga plant på taket eller fasaden.

Material- og fargebruk
Solenergisystemet må tilpassa seg eksisterande fasade i størst mogleg grad, når det gjeld farge, utforming og reflekterande verknad.

Eksponering
Me stiller strengare krav til plassering og farge der tiltaket blir plassert ut mot offentlege byrom eller er godt synleg i landskapet. Dette må du ta omsyn til ved val av plassering.

Heilskapleg utforming
I område med heilskapleg utforming eller kulturmiljø, må det takast med i vurderinga at solenergianlegg kan gjennomførast for området som ein heilskap. Søknaden må visa at det er mogleg å etablera solenergianlegg, som vil gje ei heilskapleg utvikling for området.

Høg arkitektonisk verdi
Der bygget eller området har høg arkitektonisk eigenverdi eller kulturminneverdi, vil omsyna me nemner over kunne praktiserast strengare enn i andre tilfelle.

 

Søknadspliktig solcelleanlegg

Dersom alle ovanemnde vilkår ikkje er oppfylt, må du søkja om løyve. Du må senda byggesøknad med hjelp fra fagfolk dersom solcelleanlegget

  • blir etablert over fleire brukseiningar og blant annet får innverknad for branntryggleik
  • blir plassert slik at det kan vera fare for nedfall på offentlege og andre fellesareal
  • skal monterast på verneverdig busetnad, må ansvarlige foretak stå for søknad, prosjektering og utføring.

For andre tilfelle kan eigar normalt søkja sjølv. Dette blir det teke endeleg stilling til ved handsaming av søknaden.