
Logopedtenesta
Logopeden arbeider direkte med barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar. Tenesta arbeider indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule.
Logopedtenesta gjev flest tenester som tilpassa opplæring
Arbeid på individnivå kan vera direkte og indirekte – og består av:
- Utgreiing og kartlegging
- Behandling
- Rettleiing
- Undervisning
Arbeid på systemnivå:
- Prosjekter
- Rettleiing
- Kurs og kompetanseheving
Arbeidsområda til logopedtenesta:
- Språkvanskar
- Uttalevanskar/artikulasjonsvanskar
- Taleflytvanskar (stamming/løpsk tale)
- Stemmevanskar
- Språk-, tale- og svelgevansker etter erverva hjerneskader (t.d afasi, taleapraksi, dysartri og dysfagi)
Tilvising
Det skal vera låg terskel inn til logopedtenesta. Foreldre, helsestasjon, barnehage, skule, eller personen sjølv kan tilvisa til tenesta. Vaksne kan få tilvising frå lege/sjukehus. Vaksne med stemmevanskar må ha ei tilvising frå Øyre-nase-hals-lege.
Dersom du er i tvil på om ei sak bør tilvisast eller ikkje, kan logopedtenesta kontaktast per telefon eller e-post.
Kontakt oss


