Raud paragraf symbol i midten av ein labyrint

Kontrollutvalet

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum ein av desse må vera medlem av Kommunestyret. Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyre same gruppe som ordførar. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Utvalet er heimla i kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutvalg og revisjon kapittel 1.

Oppgåver

Kontrollutvalet har normalt 5 ordinære møter i året. Møta er opne for publikum og sakspapir/protokoll for kontrollutvalet, samt møteplan finn du i lenka under.

Kontrollutvalet har følgjande faste medlemer

  • Harald Sandvik, leiar
  • Terje Bleie, nestleiar
  • Gunnhild Jaastad, medlem
  • Brita Helleland, medlem
  • Manjit Singh Srow, medlem

Om innbyggjarar og publikum ønskjer å kontakte kontrollutvalet kan e-post til kontrollutvalet sendast til leiar, med kopi til sekretær for kontrollutvalet – fylkeskommunen sin representant.

 

Kontakter

Harald Sandvik

Kontrollutvalet

harald.sandvik@ullensvang.kommune.no

91 57 34 08

Kjartan Haugsnes

Sekretariat for kontrollutvalet

kontrollutvalet@vlfk.no

90 18 95 42

 

Revisor

Ullensvang kommune sin revisor er Deloitte. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

 

Oppgåver

Kontrollutvalet skal føre kontroll med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak.

Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon av verksemda i kommunen og av verksemda i selskap kommunen har eigarinteresser i, eigarskapskontroll ift. selskap kommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver ved bestillingar til revisor.

Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Kontrollutvalet rapporterer resultatet av sitt arbeid til kommunestyret. Revisjonsrapportar etter gjennomførte revisjonar vil du etterkvart finna her.

 

Sekretariat for kontrollutvalet

Ullensvang kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune.

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme: føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg.

 

Viktige lenker