Foto: Jondal nasjonalparklandsby

Jondal nasjonalparklandsby

Ein nasjonalparklandsby skal ha eit godt vertskap for natur- og kulturopplevingar og kan vera ein god plass å bu.

Om nasjonalparklandsbyen

Jondal fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. Det er fem nasjonalparklandsbyar i Noreg; Vingelen (Tolga kommune), Storslett (Nordreisa kommune), Jondal (Ullensvang kommune), Geilo (Hol kommune) og Lom (Lom kommune).

Ein nasjonalparklandsby skal ha eit godt vertskap for natur- og kulturopplevingar og kan vera ein god plass å bu.

 

Ein nasjonalparklandsby er ein tettstad som er:

  • Ein naturleg innfallsport til nasjonalparken.
  • Gjev informasjon om å ferdast i nasjonalparken.
  • Tilbyr grunnleggjande servicefunksjonar.
  • Har ein tydeleg og gjennomført miljøprofil som gjenspeile i landsbyens utvikling.

 

Den enklaste tilkomsten for å kome seg til Folgefonna er ved å køyra Folgefonnvegen i Jondal som er 19 km i lengde med ei stigning på 1200 m.

På toppen av Folgefonnvegen ligg sommarskisenteret på ein brearm av Nordfonna. Sjølve sommarskisenteret er godt besøkt. Folgefonni breførarlag held også til ved sommarskisenteret, og tilbyr ulike guida turar på breen.

 

I 2017 vart det laga ein reklamefilm for Jondal nasjonalparklandsby. Filmen er laga av Eksponert Media for Jondal nasjonalparklandsby – film kan du sjå her.

Oversiktsbilete av Jondal sentrum ut over fjorden. Bilete.

Foto: Jondal nasjonalparklandsby