Mange barn som holder hender oppå kvarandre

Jobbe som fritidskontakt (støttekontakt)

Nokre mennesker treng hjelp for å koma seg ut, vera saman med andre eller delta på aktivitetar. Fritidskontakten er den hjelparen som bidreg til å gje andre meir meningsfull fritid, auka tru på seg sjølv, noko å sjå fram til og gode minner.

Kva gjer ein fritidskontakt?

Ein fritidskontakt besøkjer ofte personar som ikkje kjem seg ut på eigenhand eller hjelper dei med å meistra ulike fritidsaktivitetar. Kva dei gjer er opp til den som treng hjelp eller besøk.

Du må søkja om å bli fritidskontakt.

 

Krav til søkjar

  • Du må vera over 16 år
  • Du må leggja fram politiattest

Du treng ingen spesiell fagleg bakgrunn, opplæring og oppfølging får du av fagfolk. Du bør vera sosialt engasjert og ha evne til å finna på aktivitetar og finna glede i å hjelpa andre menneske. For å skapa stabilitet for brukaren, bør du kunna binda deg over ein lengre periode.

 

Slik søkjer du om å jobba som fritidskontakt

Du kan søkja digitalt om å verta støttekontakt på nettsida vår > Ullensvang.kommune.no > Skjema

I søknaden fortel du litt om deg sjølv:

  • Namn
  • Alder
  • Adresse, telefonnummer
  • Utdanning
    Arbeidserfaring
  • Fritidsinteresser
  • Ønska geografisk arbeidsområde
  • Kva brukarar du helst vil jobba med

Du kan og senda oss ein e-post på tildelingskontoret@ullensvang.kommune.no med namn og telefonnummer. Vi ynskjer ikkje at du oppgir andre personopplysningar i e-post.

Vi oppfordrar deg til å nytte digitalt søknadsskjema!

 

Kva skjer vidare?

Når vi har mottatt søknaden din vil vi så snart som mogleg ta kontakt med deg for å avtale ein samtale/eit uformelt intervju.

Ledige oppdrag som fritidskontakt varierer. Vi vil saman med deg sjå om vi har aktuelle oppdrag å starte opp med på det tidspunktet, eller om søknaden din vert lagt i ein søknadsbank.