Innsyn i personopplysningar

Innsynsrett i kommunen sine dokument er heimla i Offentleglova med Forskrift, Forvaltningslov og Personopplysningslova.

Ved førespurnad om innsyn i personopplysingar er det en fordel om du kan vise til kva verksemd i kommunen du ønskjer personopplysningane frå, eventuelt om førespurnaden gjeld dokumentasjon frå tidlegare Odda kommune, Jondal kommune eller Ullensvang herad.

Du kan be om kopi av alle dokument kommunen har registrert på deg. Ved innsyn i eigne personopplysingar, vil du normalt berre få utlevert dei personopplysingane som er registrerte om deg.

Du kan gje fullmakt om innsyn på dine vegne til annan person eller verksemd. Fullmakt må følgje som vedlegg til innsynsførespurnaden.

 

Innsynsførespurnad

Vi oppmodar om at du nyttar vårt digitale skjema for innsynsførespurnad. Bruk av skjema krev pålogging via ID-porten og sikrar dine personopplysningar.

Du kan og sende innsynskrav til:

  • Ullensvang kommune, Opheimsgt. 31, 5750 Odda.

Send ikkje førespurnad per e-post dersom den inneheld personsensitiv informasjon.

 

Saksbehandlingstid ved innsynssøknader

Søknader om innsyn skal i regelen handsamast innan 30 dagar, og du skal verte informert ved tidsbruk utover denne fristen.

 

Korleis får du svar på innsynssøknaden din?

For å sikre at personsensitiv dokumentasjon vert sendt til korrekt person nyttar kommunen digital ekspedering av dokument. Du vil få dokumentasjonen i Altinn eller i di digitale postkasse.

Dersom du har reservert deg mot digital post, vil du få svaret tilsendt i posten.