Utsyn over Hardangervidda nasjonalpark med vatn og fjell.

Hardangervidda nasjonalpark

Noregs største nasjonalpark (Svalbard unnateke) vart oppretta 1. juni 1981. Intensjonane for opprettinga vart formulert slik:

”Formålet med Hardangervidda nasjonalpark er å verne en del av et særlig verdifullt høyfjellsområde på en slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og naturmiljø ellers blir bevart, samtidig som området skal kunne nyttes til landbruk, friluftsliv og naturopplevelse, jakt og fiske og undervisning og forskning” (Kgl.res. 10.04.1981).

Hardangervidda Nasjonalparken er fordelt på sju kommunar i tre fylker

  • Eidfjord, Ullensvang og Odda (Hordaland)
  • Hol og Nore og Uvdal (Buskerud)
  • Vinje og Tinn (Telemark).

 

Dei tre verneområda utgjer totalt 4.287 km².

Hardangervidda nasjonalpark er 3.422 km², Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde er 559 km² og Møsvatn Austfjell landskapsvernområde er 306 km².

Omlag 54 % av det verna arealet er privat grunn.

 

Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde

ligg nord for nasjonalparken, og strekkjer seg frå vatna Halne og Hein i søraust, til og med Hardangerjøkulen mot Finse i nordvest. Verneområdet dekkjer 551 km2. Riksveg 7 går gjennom området nord for Halne. Området er særleg rikt på kulturminne, med m.a. nokre av dei eldste registrerte buplassane på Hardangervidda.

Landskapsvernområdet ligg i kommunane Ulvik og Eidfjord i Hordaland og i Nore og Uvdal og Hol i Buskerud.

 

Utsyn over Hardangervidda nasjonalpark om hausten med snø, vatn og fjell. Foto.

Fylkesvise utval

I kvart fylke blir det for kvar valperiode valt eit tilsynsutval med representantar frå dei kommunane som har areal i verneområda. Tilsynsutvalet er eit statleg utval og blir oppnemnt av Miljødirektoratet. Utvalet skal følgje med i utviklinga i sin del av verneområda og gi råd og uttale i saker som har med forvaltninga av denne å gjere.

 

Tilsynsutvalet er forvaltningsstyresmakt for følgjande punkt i dei tre verneføresegnene, jfr. brev frå DN av 07.06.2002:

  • Pkt. 4.1.3. a – c som gjeld ombygging av bygningar innafor eksisterande grunnflate, mindre tilbygg til bygningar og riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk.
  • Pkt 4.3.2 og 4.4 som gjeld å ta torv og stein for bygge- og vedlikehaldarbeid.
  • Pkt 4.6 som er all motorferdsle. Den særlege dispensasjonsheimelen § 5 avgrensa til motorisert ferdsle, no avløyst av § 48 i Naturmangfoldlova, avgrensa til motorisert ferdsle .

Motorferdsel i landskapsvernområda vert handsama av dei einskilde kommunane, og er ikkje omfatta av verneforskrifta sine reglar.

Statsforvaltaren har møte- og talerett på utvalsmøter.

 

Byggesaker

Tilsynsutvalet har mynde til å gi løyve til ombygging etter eksisterande grunnflate (pkt. 4.1.3a), mindre tilbygg til bygningar (pkt. 4.1.3b), samt til riving av gamle bygningar og oppføringar av nye med same storleik og for same bruk (pkt. 4.1.3c).

For andre byggesaker og anlegg er Statsforvaltaren forvaltningsstyresmakt.

 

Motorferdsel

Lokale og regionale myndigheiter har gjeve løyve til vedlikehald av traktorsleper inn i nasjonalparken. Dette er gjort for å samla fedsla og terrengslitasjen til eit køyrespor.