Handbok for eigenbetaling – Helse og omsorg§ 1 Forskrifta§ 2. Om vedtaket§ 3 Egenandelens størrelse ved langtidsopphold§4. Egenandelens størrelse ved korttidsopphold§ 5.Fradrag i beregningsgrunnlaget§ 6.Tidsrom for betaling av egenandel§ 7. Hvilke tjenester omfattes av egenandelen§ 13.Klage og omgjøring§14. (Ikrafttreden)Referanse

Handbok for eigenbetaling – Helse og omsorg

Vedteke i Kommunestyret 20. oktober 2022.

Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester Ullensvang kommune for vederlag for opphald i institusjon

Handboka er bygd opp med utgangspunkt i den enkelte paragrafen til forskrifta «eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester», pasient- og brukarretslova og omsorgstenestelova. Merknader som gjeld Ullensvang kommune er skrevet i ei ramme.

Dersom det under nokre forskrifter ikkje står eigne kommentarar omkring retningslinjene til Ullensvang kommune, er desse samsvarande med forskrifta.

Handboka er ei stadfesting av dagens praksis innanfor området og vart vedtatt i Ullensvang kommunestyre dato 20.10.2022

 

Forskrifta

§ 1.Vilkår og definisjoner

Kommunen kan kreve egenandel for opphold i institusjon som nevnt i helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav c når kommunen helt eller delvis dekker utgiftene til opphold i slik institusjon, eller har stillet garanti for oppholdet.

Det kan likevel ikke kreves egenandel for:

  • korttidsopphold som primært ytes for å avlaste pårørende i deres omsorgsoppgaver
  • døgnplasser som kommunen oppretter for å sørge for tilbud om døgnopphold for øyeblikkelig hjelp.

I forskriften her menes med

  • korttidsopphold: Tidsavgrenset opphold i institusjon gitt som døgnopphold, dagopphold eller nattopphold.
  • langtidsopphold: Opphold i institusjon på ubestemt tid eller tidsavgrenset opphold når vedkommende har vært på institusjon i minst 60 døgn pr. kalenderår.

 

Forskrifta

§ 2. (Om vedtaket)

Den kommunen som har stilt garanti eller dekker oppholdsutgiftene treffer vedtak om egenandel etter denne forskriften.

Det skal underrettes skriftlig om at det kan treffes vedtak om betaling i samsvar med denne forskriften. Slik underretning skal gis før eller senest samtidig med at avtale om flytting til institusjon mv. blir inngått. Underretningen skal gis til beboeren. I de tilfeller hvor beboeren ønsker det eller hvor vedkommende er ute av stand til å motta underretning, skal slik underretning også gis til verge eller nærmeste pårørende.

Når vedtak om betaling er truffet skal kommunen straks gi underretning om dette til beboeren. Det skal videre gis opplysning om klageadgangen.

Forskrifta plasserer ansvaret til kommunen. For Ullensvang kommune er mynden delegert til kommunalsjef for helse og omsorg. Mynden til kommunalsjefen er delegert vidare til stab helse og omsorg som merkantil, og tildelingskontor. Dette inneber førstegongsvedtak, og dessutan regelmessige vedtak med ny utrekning, endring av vederlaget og etteroppgjer for tilbakelagde skatteår. Det skal gjerast årlege oppdateringar av økonomien til den enkelte bebuar, då vederlagsbetalinga skal vera i samsvar med inntekta til bebuar.

Forskrift

§ 3 Egenandelens størrelse ved langtidsopphold

Egenandelen må ikke overstige de reelle oppholdsutgifter. Kapitalutgiftene skal ikke tas med i beregningen av oppholdsutgiftene. Kommunen fastsetter oppholdsutgiftene ved den enkelte institusjon.

Av inntekter inntil folketrygdens grunnbeløp, fratrukket et fribeløp på kroner 10 000 pr. år, kan det kreves betalt 75 prosent årlig. Av inntekter utover folketrygdens grunnbeløp betales inntil 85 prosent. Betalingen skal begrenses slik at enhver har i behold til eget bruk minst 25 prosent av folketrygdens grunnbeløp i tillegg til fordelen av fribeløpet. Beboer som, uten selv å ønske det, legges på dobbeltrom skal ved beregningen tilstås et fribeløp på kroner 48 300 pr. år.

Kommunen kan kreve egenandel av barn som har opphold i institusjon. En forutsetning for kommunens egenandelskrav er at barnet har selvstendig inntekt. Foreldrenes inntekts- og formuesforhold skal holdes utenfor egenandelsberegningen.

Som inntekt regnes årets inntekter på grunnlag av pensjon, andre løpende trygdeytelser, arbeidsinntekt, næringsinntekt, leieinntekt, renter og annen avkastning av formue, etter fradrag av skatt og gjeldsrenter. Avkastning av erstatning for fremtidige utgifter regnes ikke som inntekt.

Kommunen kan kreve opplysninger om inntektsforhold som er nødvendig for å kunne fastsette egenandelen.

Dersom beboerens økonomiske situasjon endrer seg vesentlig, eller tidligere vedtak viser seg å bygge på uriktige opplysninger, skal saken tas opp til ny vurdering. Viser skatteoppgjøret for foregående år at det ikke er beregnet riktig egenandel, skal det skje et etteroppgjør.

Arbeids- og velferdsetaten NAV kan holde tilbake utbetaling av trygdeytelser og andre samordnede ytelser som legges til grunn for betaling av egenandel etter denne forskrift, jf. folketrygdloven § 22-7.

Vilkåret for at det kan krevjast inntektsavhengig eigenbetaling etter forskriftas § 3 er at det er treft vedtak om langtidsopphald jfr. omsorgstjenestelova § 3-1 første ledd, dessutan §3-2 punkt 6 c og pasient- og brukarrettslova § 2-1 a.

Iverksetjing av eigenbetaling føreset at bebuar har flytta inn på institusjon, og at eininga har gitt underretning om betalingsplikta, før eller seinast samtidig med at avtale om flytting til institusjon blir inngått. Underretninga om betalingsplikt skal innehalda nødvendig og lett tilgjengeleg informasjon som blir opplyst i vedtaket om institusjonsplass. Betalingsplikta blir ikkje utløyst før underretning om vederlagsplikta er gitt bebuar.

Betaling for korttidsopphald og dag-/nattopphald er ikkje inntektsavhengig, og blir regulert av forskriftas §§ 4 og 6, 2 ledd.

Øvre grense for eigenbetaling – reelle opphaldsutgifter som blir utrekna kvart kalenderår. Uavhengig av inntekta til bebuar – og betalingsavgrensingane i § 3, 2 ledd – skal kommunen ikkje
krevja meir eigenbetaling av bebuar enn det institusjonsplassen kostar. Øvre grense for eigenbetaling gjeld innanfor dei rammar § 3,1 ledd set. Det vil seia at bebuarar maksimalt skal betala det plassen kostar, uansett om reglane om inntektsavhengig øvre grense for eigenbetaling gir eit anna og høgare vederlag. Grunnlag for utrekning av eigenbetaling er brutto inntekt, etter frådrag for skatt og gjeldsrenter. Det blir ikkje berekna eigenbetaling av formuen til bebuar. Øvre grense for eigenbetaling er “dei reelle opphaldsutgifter”.

Bebuars fribeløp vert regulert kvar januar etter rundskriv frå helse og omsorgsdepartementet, og utgjer pr. 1. januar 2024 kr 10 000,- pr år. Fordelen av fribeløpet = 75 % av fribeløpet.

Eigenandelsforskriften seier at kvar skal ha minst 25 prosent av grunnbeløpet i folketrygda i tillegg til fordelen av fribeløpet i behald til eige bruk.

Det er berre det økonomiske forholdet til bebuar i form av inntekt etter skatt og gjeldsrenter som er gjenstand for vurdering. Om bebuar før eller etter innflytning på institusjon har inngått avtalar som kan ha effekt på økonomien til vedkomande, skal ikkje desse bli tatt i betraktning med mindre dei reelt sett får effekt (som f.eks. ved gjeld).

Bebuar som stiller kausjon eller forpliktar seg i ei eller anna form for garantiavtale og ansvaret manifesterer seg, er dette eit forhold som i utgangspunktet er kommunen uvedkomande. Unntaket er der dette ansvaret har effekt på økonomien til bebuar. Dette vil framkomma på likninga for det aktuelle skatteår. Her pliktar kommunen å ta omsyn til dette ved etteroppgjeret for skatteåret og justera vederlaget etter dei tala som kjem fram av likninga.

Konsekvensen av at bebuar ikkje har nokon form for inntekt er at grunnlaget for eigenbetaling fell bort.

Heimebuande ektefelle:
Det er viktig å vera oppmerksam på at det berre kan krevjast vederlag for opphald i institusjon innafor bebuars eiga inntekt. Det er ikkje rettsleg grunnlag for å berekna vederlag av inntekta eller formuen til
ektefellen til bebuar. Det økonomiske forholdet til ektefelle skal dermed ikkje takast omsyn til i vurdering av vederlagsutrekning. Med unntak av arbeidsinntekt.

Felles inntekter:
Felles inntekter, som renter og annan avkastning av formue, leigeinntekter og næringsinntekter blir delt i to. Det er berre institusjonsbebuars reelle eigardel som skal takast med i utrekningsgrunnlaget. Det er til dømes ikkje gitt at ein bankkonto som står i namnet til begge ektefeller, og som har middel som tilhøyrar begge, nødvendigvis er eigd med ein halvpart av kvar, det er vedkomandes reelle eigardel som skal vurderast. Utgangspunkt og hovudregel er at heimebuande ektefelle ikkje kjem dårlegare ut enn om vedkomande var enke/enkemann.

Fribeløp renter: Helse – og omsorgsdepartementet viser til ny merknad datert 09.10.13 der dette skal vera ein særregel, og viser til at det ikkje er nokon forskjell på slike renteinntekter og renteinntekter frå andre kontoar. Dette gjev kommunen tilgang til sjølv å bestemma om det skal ytast fribeløp på renteinntekter. Ullensvang kommune gjev fribeløp på renter.

Aksjeutbytte frå eitt år blir utbetalt i det følgjande skatteår og reknast dermed som inntekt i dette skatteåret, sjølv om utbyttet er inntent året før. Eksempelvis vil utbytta som blir tent inn i bedrifta i skatteåret 2022 bli utbetalt til aksjonæren i skatteåret 2023 og koma fram av likninga for dette skatteåret. Ved utrekning av vederlag er dermed dette aksjeutbyttet å rekna som inntent og utbetalt
på handa til aksjonæren i skatteåret 2023 og skal dermed reknast med i grunnlaget for vederlagsutrekninga for året 2023. Aksjeutbytte vert tatt med på etteroppgjeret.

Inntektsbegrepet – avgrensing mot økonomisk sosialhjelp: Føresetnaden for å kunna berekna og krevja inn vederlag av ein institusjonsbebuar er at vedkomande har ei eller anna form for inntekt, jf. kva som blir kalla som inntekt i dei 3 § fjerde ledda til forskrifta. Økonomisk sosialhjelp blir ikkje rekna som inntekt og fell utanfor utrekningsgrunnlaget.

I merknadene kjem det fram kva som ikkje blir rekna som inntekt. Fleire døme på ytingar som ikkje skal inngå i vederlagsutrekninga er naturalytingar. Naturalytingar er t.d. burett som gratis leilegheit, kårhus, rett til del av produksjon/avling til eige forbruk, eller andre materielle ytingar (føderåd).

Frådrag for skatt

Kommunen er berre pliktig til å gjera frådrag for skatt som relaterer seg til inntekt som inngår i inntektsomgrepet til forskrifta.

Skatt berekna på inntekt som fell utanfor inntektsomgrepet til forskrifta, kan kommunen med andre ord la vere å gjera frådrag for.

NAV- pensjonen er skattefri i dødsmånaden.

Kommunen kan kreve opplysningar som er nødvendige for å fastsetje eigenandel for opphald i institusjon. Årsaker til restbeløp å betala i etteroppgjer kan vera:

  • Der bebuar har unnlate å gje rette opplysningar om inntekta si eller opplysningar som vedkomande bør forstå har betyding
  • Skatteoppgjeret for førre år viser at vederlaget i dette året skulle vore høgare
  • Etterbetaling av pensjon i perioden etteroppgjeret gjeld for

I dei situasjonane der bebuar bevisst har unnlate å gje opplysningar, har kommunen rett til å gje eit endringsvedtak med tilbakeverkande kraft i 3 år.

Dei fleste bebuarar som blir omhandla av vederlagsbetalinga er eldre menneskjer, mange er òg sjuke. Evna til å gje/mota informasjon er varierande. Kommunen må derfor gje ein grundig og forståeleg informasjon i vedtaket. Kommunen øyremerker seg retten til å retta etterkrav som følgje av feil eller mangelfull informasjon. Dersom brukar ikkje er i stand til eller ønsker informasjon om ovannemnde, rettar kommunen seg til gjeldande lov, som inneber næraste pårørande, dei med framtidsfullmakt eller hjelpeverje.

A. Etteroppgjer
Kommunen skal av omsyn til bebuar fremje kravet om etterbetaling snarast mogleg etter at skatteoppgjeret er tilgjengeleg.

Utgangspunkt og hovudregel er at etteroppgjer skal gjerast når likninga og skatteoppgjeret for førre år er klart.

Forholdet mellom etteroppgjer og utrekning av løpande vederlag: Vedtak om løpande vederlag er berre ei utrekning av vederlag på bakgrunn av antatte inntekts- og frådragpostar. Det korrekte vederlaget kan først fastsetjast i ettertid, når likning og skatteoppgjer er klart for det aktuelle året.

Kva er tilstrekkeleg dokumentasjon?
Berre utskrift av likninga er godkjent som dokumentasjon. Sjølvmeldinga er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon for etterberekning, då denne kan bli endra.

Grunnbeløpet i folketrygda – G:
G blir fastsett 1. mai. Kvart skatteår blir derfor berekna vederlag i årets 4 første månader ut frå G fastsett førre år, og i dei siste 8 månader med G fastsett i det aktuelle året. Dette har tyding ved utrekning av eit gjennomsnittleg grunnbeløp for det året det skal gjerast etteroppgjer for.

Gjennomsnittleg grunnbeløp for eitt skatteår blir dermed: 4/12 av G for perioden 01.01-30.04 og 8/12 av G for perioden 01.05 – 31.12.

 

B. Skifte
Skiftelovens § 80:
Der det er lite til overs etter at gravferdsutgiftene er betalte. Den som får tilsendt skifteattest etter skiftelovas § 80 har rett til å ta imot pengar – og rett til å avvisa krav. Etter § 80 første ledd i skiftelova, andre avsnitt blir ein ansvarleg for avlidne sine forpliktingar innanfor ramma av dei mottatte midlar.

Null-bebuar:
Der buet er utan midlar vil det heller ikkje bli sendt ut skifteattest. Dersom buet har tilgodehavande for dødsmånad vil saksbehandlar hos Skifteretten kunna opplysa om namn og adresse til den som har betalt gravferdsutgiftene.

Skiftelovas § 78:
Arvingar som overtar dødsbu etter skiftelovas § 78 trer inn i alle avlidne sine rettar og forpliktingar. Dette ansvaret er i utgangspunktet uavgrensa både i tid og omfang. Arvingane har likevel 6 månader på å skifta buet og levera melding om fallen arv til skattefuten, jf. arveavgiftslovas § 25. Dette vil seia at dødsbuet som hovudregel har ei maksimal levetid på 6 månader. Det blir vist til arveavgiftslovas § 25 – behovet for å varsla privatskiftande arvingar om komande etteroppgjer. Når buet blir gjort opp blir det regelmessig sett av noko midlar på separat konto for å dekka restkrav og gravstell. Med mindre arvingane har fått underretning om at etteroppgjer vil bli gjort, kan ein ikkje ta for gitt at dei har sett av middel til evt. krav som følgje av etteroppgjeret. Kommunen skal sende skriftleg varsel om etteroppgjer i god tid og innan seks månaders fristen har gått ut til arvingane. Kommunen har utarbeida skriftlege rutinar for å sikra at det eventuelle kravet frå kommunen blir innkravde.

 

C. Restskatt
Dersom vedkomande var institusjonsbebuar i det skatteåret skattetrekket var for lågt, vil korrekt vederlag i forhold til endeleg utlikna skatt bli rekna ut ved etteroppgjeret. § 5,4. ledd opnar dermed for å gi frådrag for skatterestansar frå år bebuar ikkje budde på institusjon. Føresetnaden for at kommunen skal kunna ta stilling til ein søknad om frådrag på dette grunnlag, er likevel at søknaden blir vedlagd dokumentasjon på storleiken på kravet og den nedbetalingsplanen kemneren har laga. Kommunen må ta i betraktning retten kemneren har til å ta utlegg for forfalne, ikkje-betalte skattekrav. Dersom kommunen ikkje gjer frådrag for restskatten, og bebuar ikkje kan betala i.h.t. tilsende fakturaer, vil kemneren setja i verk påleggsstrekk. Effekten av eit påleggsstrekk er at kommunen er pliktig til å gjera frådrag for dette trekket før vederlag blir berekna: Kommunen har altså valet mellom enten å gjera frådrag før kravet går til utlegg, eller måtte vika prioritet. Konsekvensen for kommunen blir uansett den same, dvs. at
vederlaget blir redusert. Konsekvensen for bebuar av eit påleggstrekk blir ekstra renter og omkostningar. Prinsippet om at bebuar skal behandlast på mildast mogleg måte, betyr dermed at kommunen gjer frådrag for restskattekravet slik at bebuar får betalt det utan at påleggstrekk blir sett i verk, i staden for å avvendte eit påleggstrekk.

Ullensvang kommune praktiserer å gje frådrag før kravet går til utlegg.

§33 gjev i skattebetalingslova kemneren direkte namsmyndigheit, dvs. at kemneren kan rekvirera påleggstrekk i utbetalingane til skyldnaren. Dette utan å gå vegen om utleggsforretning hos namsmannen. Dersom kemneren tar direkte dekning i inntektene til bebuar for å dekka skuldig skattegjeld, må retten kommunen har til vederlag vika. Dette skuldar at kravet frå kommunen på vederlag er eit ordinært krav om betaling for ei yting, medan når kemneren tar dekning er dette eit namsutlegg, som i prioritet går føre alle andre krav. Slikt skattetrekk må dermed behandlast etter vederlagforskriftens § 3,4 ledd.

Ullensvang kommune bereknar skatt av dei inntekter som er med i berekningsgrunnlaget.

Vederlaget blir innkravde:
Gjennom direkte tilbakehald og automatisk betaling frå pensjonar administrert av NAV:

Kommunen melder elektronisk NAV om å setja i verk eit slik tilbakehald. NAV administrerer pensjonen i folketrygda, stats- sjømanns- og krigspensjon. Brutto pensjon er å rekna som skattepliktig inntekt til bebuar. NAV vil gje elektronisk underretning om bruttopensjon, skattetrekk, krigspensjon, mfl.

Forskrift

§4. Egenandelens størrelse ved korttidsopphold

Kommunen kan ta betaling med inntil kroner 193 pr. døgn for korttidsopphold og med inntil kroner 110 for det enkelte dag- eller nattopphold.

Kva er korttidsopphald?
Korttidsopphald særpregar seg ved å vera tidsavgrensa, slik at vedtaket blir frå-dato og til-dato. Sjølve opphaldet kan likevel godt vera kalla rehabiliteringsopphald, vurderingsopphald, korttidsopphald eller anna. Korttidsopphald blir gitt både i institusjon og bustader med heildøgns omsorg og pleie.

Avlastningsopphald i samsvar med helse og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd, og dessutan §3-6, punkt 2. Dette har samanheng med at avlastningsopphald blir innvilga av omsyn til pårørande, og ikkje av omsyn til brukar sjølv. Verken brukar eller pårørande skal dermed måtta betala for slikt opphald.

Betalingsreglane
Betalingssatsane for korttidsopphald, dagopphald og nattopphald blir fastsett ved kongeleg resolusjon. Kommunestyret fattar vedtak i samband med dei årlege budsjettbehandlingane i tråd med dei maksimalsatsar for betaling som blir fastsette ved kgl. res.

Betalingssatsane blir gjeldande frå 01. jan. kvart år.

Forskrifta

§ 5.Fradrag i beregningsgrunnlaget

Dersom den som oppholder seg i institusjon mv. har hjemmeboende ektefelle eller mindreårig barn, eller helt eller delvis forsørger barn over 18 år, skal det gjøres fradrag i beregningsgrunnlaget.

Fradraget skal minst tilsvare de brutto pensjonsytelser ektefelle/barn ville fått fra folketrygden dersom institusjonsbeboeren var død. Dersom ektefelle/barn mottar egen arbeidsinntekt eller pensjon fra folketrygden, skal de beregnede brutto pensjonsytelser i forrige punktum reduseres krone for krone mot ektefelle/barns arbeidsinntekter og pensjon fra folketrygden.

I tillegg gjøres det fradrag med et beløp som tilsvarer 50 prosent av beboerens brutto offentlige pensjoner etter samordning og 50 prosent av beboerens brutto private pensjonsytelser.

Fradrag kan også fastsettes på grunnlag av hva som er rimelig ut fra vedkommendes inntekt og forholdene for øvrig.

Dersom det i særlov er gitt bestemmelser om minsteytelse under opphold på institusjon mv. skal disse legges til grunn.

Fradrag skal skje etter at inntekten er fratrukket skatt og gjeldsrenter.

Heimebuande ektefelle – vilkår
Vilkåret for å utløysa frådragsrettar etter § 5, 1. ledd jf. 2. ledd er at det gjeld eit ekteskap eller eit registrert partnarskap. Sambuarar må ha vore registrert på same adresse i Folkeregisteret.

Heimebuande barn – vilkår
Vilkåret for å utløysa frådragrettar er at bebuar er far eller mor til barnet/barna, dvs. at det gjeld fødselsattest eller adopsjonsattest på at bebuar er mor eller far til barnet/barna. Definisjon på alder til barn: s. 172 i boka om «Betaling for beboere på institusjon», forfattarar Åsmund Edvardsen og Leif Kåre Helland

Når ein bebuar får langtidsopphald sendar Ullensvang kommune melding til NAV om å starte omrekning av bebuars og heimebuande si pensjon til pensjon som om dei var einslege. Såkalla «tenkt etterlattepensjon»

Samansetning av etterlattepensjonen kjem fram av folketrygdlova §17-7.

Her står det:
Pensjon og overgangsstønad til attlevande ektefelle består av grunnpensjon, tilleggspensjon, inntekstpensjon og/eller pensjonstillegg.

Grunnpensjonen blir fastsett på grunnlag av den avlidne trygdetid etter avgjerdene i §§ 3-2 og 3-7.

Tilleggspensjonen blir fastsett etter avgjerd i § 3-23

Pensjonstillegget blir fastsett etter avgjerdene i § 3-3

Modell 1: 1G, pluss 55 % av tilleggspensjonen til institusjonsbebuar pluss 55 % av tilleggspensjonen til ektefelle = tenkt etterlattepensjon

Modell 2: 1G, alternativ grunnbeløp + pensjonstillegg= storleiken på grunnbeløpet = tenkt etterlattepensjon

Modell 3: 1G, alternativ grunnbeløp + hjemmeboende/ektefelle tilleggspensjon = tenkt etterlattepensjon

I merknadane til § 5, 2. ledd står også å lese at ved beregningen av fradraget skal brutto pensjoner reduseres krone for krone mot heimebuande arbeidsinntekter og pensjoner fra folketrygden.

Det ektefelle sitter igjen med i tillegg til eigen inntekt er dermed mellomlegget mellom denne og det som er berekna t i tenkt etterlattepensjon.

Frådrag på utgifter til bustad
Vurderingar blir gjort ut frå følgjande kriterium:

Kommunen kan gje deg frådrag for faste og dokumenterte utgifter til eigen bustad/leilegheit. Dette gjeld utgifter som husleige, kommunale avgifter, straum (fastsett pris), hus og innbuforsikring. Frådraget blir gitt etter vurdering av dei økonomiske forholda.

Bebuar med heimebuande ektefelle/barn
Ved korttidsopphald over 60 døgn i kalenderåret dvs. frå den dagen du byrja å betala etter inntekt blir det gitt frådrag for bu-utgifter etter søknad frå bebuar/pårørande.

Det blir gitt frådrag om bankinnskotet til bebuar er under 2G (grunnbeløp) ved innflytting.

Med verknad frå og med 01.01.2023 blir det gitt frådrag for bu-utgifter i Ullensvang kommune med inntil 4 månader for eigen bustad/leilegheit.

Bebuar utan heimebuande ektefelle
Ved langtidsopphald kan det bli gitt frådrag om bankinnskot til bebuar er under 2G (grunnbeløp) ved innflytting etter søknad frå bebuar/pårørande.

Med verknad frå og med 01.01.2023 blir det gitt frådrag for bu-utgifter i Ullensvang kommune med inntil 4 månader for eigen bustad/leilegheit. Frådraget blir ikkje gitt utover 4 månader.

Det blir ikkje gjeve bufrådrag til bebuar med heimebuande ektefelle, som får pensjon som einsleg frå NAV.

Forskrift

§ 6.Tidsrom for betaling av egenandel

For langtidsopphold kan krav om egenandel først gjøres gjeldende etter en måned regnet fra innflyttingsdato. Ved flytting direkte fra annen institusjon eller privat forpleining skal tiden for opphold i denne institusjon mv. medregnes.

Kommunen har adgang til å ta betaling for korttidsopphold og dag- eller nattopphold fra første dag.

Har beboeren hatt flere korttidsopphold kan kommunen kreve egenandel etter § 3 når vedkommende har vært på institusjon i minst 60 døgn pr. kalenderår.

Plikten til å yte egenandel gjelder til og med den dag institusjonsoppholdet opphører.

Langtidstidsopphald/korttidsopphald/avlastningsopphald i annan institusjon

I løpet av eit langtidsopphald kan institusjonsbebuar bli innlagt i sjukehus, eller av andre årsaker vera fråverande frå institusjonsplassen. Med mindre anna er avtalt mellom bebuar og kommunen vil plassen stå til disposisjon for vedkomande, uavhengig av om vedkomande nyttar seg av tilbodet eller ikkje. Følgja av dette er at bebuar er vederlagspliktig for plassen.

§ 6 første ledd til vederlagsforskrifta, kjem det fram at krav om vederlag for langtidsopphald først kan gjerast gjeldande etter ein månad rekna frå innflyttingsdato. Ved flytting frå annan institusjon eller privat forpleiing skal tida for opphald i denne institusjonen, mfl. bli medrekna. Bebuarar som blir overført frå ein annan institusjon har krav på betalingsfri i ein månad (friperiode) etter innflytting. Dette gjeld likevel ikkje bebuarar som blir overført / flyttar frå institusjon med vederlagsplikt eller har vore på korttidsopphald/avlastningsopphald over 60 døgn i kalenderåret.

§ 6 tredje ledd til vederlagsforskrift, kjem det fram at for bebuarar som har hatt fleire korttidsopphald kan kommunen krevja vederlag etter vederlagsforskrifta § 3, når vedkommande har vore på institusjon i minst 60 døgn pr. kalenderår. Bebuarar som blir tildelt fast plass i institusjon i Ullensvang kommune skal derfor ikkje ha ein friperiode på ein månad.

Kor mange dagar er det i ein månad?
Denne problemstillinga oppstår både der bebuar som har vedtaksdato på andre dagar i månaden enn den 1. og dessutan ved avrekning for dødsmånad/utflyttingsmånad ved døde/utflytta bebuarar. Ullensvang kommune legg til grunn at det blir berekna gjennomsnitt 30 dagar pr. månad.

§ 7. Hvilke tjenester omfattes av egenandelen

Egenandelen skal omfatte kost, losji, medisiner mv. samt helse- og omsorgstjenester som kommunen organiserer etter helse- og omsorgstjenesteloven.

Spesialisthelsetenesta/kommunal legevakt:

  • Ullensvang kommune dekker eigenandel for spesialisthelsetenesta/kommunal legevakt ved korttidsopphald og langtidsopphald

Utgifter til medisiner:

  • Det står klart i vederlagsforskrifta §7 at medisiner skal dekkast av vederlaget. Dette gjeld for alle bebuargrupper (unntak er avlastningsopphald)

Fysioterapi, ergoterapi og fotterapi:

  • Ullensvang kommune dekker fysioterapi og ergoterapi. Fotterapi utført av fotterapeut må bebuar sjølve betala for

Tannhelseteneste:

  • Ullensvang kommune dekker utgifter til nødvendig tannbehandling ved den offentlege tannhelsetenesta. Ved korttidsopphald blir det kun gjeve nødvendig tannbehandling om bebuar har hatt heimeteneste i over 3 mnd. Tannhelsetenesta dekker utgifter til gebiss, men dekker ikkje til tannimplantat

Transport- og reiseutgifter:

  • Ullensvang kommune dekker nødvendige reiseutgifter
  • Til institusjonsopphald ( langtidsopphald og korttidsopphald)
  • Til reiseutgifter til dagaktivitetstilbod og dag-/nattopphald

Kost og losji:

  • Ullensvang kommune dekker kost og losji

Hygieneartiklar:

  • Ullensvang kommune dekker såpe, sjampo, tannkrem, barberartiklar og liknande. Dersom bebuar likevel ønskjer å bruka andre typar/merker enn det institusjonen kjøper inn, må bebuar sjølv betala for dette

Utgifter til media og telefon:

  • Bebuars eigne utgifter til media, som blant anna TV, aviser, tidsskrifter og internett vert ikkje dekka av eigenandelen for opphald i institusjon
  • Dei fleste sjukeheimar har driftsavtale med leverandør om levering av TV- og internettstenester til sjukeheim som bebuar kan nytta seg av. Ønskjer bebuar andre tilbod må bebuar sjølv betala for dette
  • Utgifter til privat telefon vert ikkje dekka av Ullensvang kommune

Utgifter til frisør og kroppspleie:

  • Eigenandelen dekkjer ikkje utgifter til frisør, fotterapeut og anna kroppspleie. Men daglig hår- og tannstell som vert utført av institusjonens eige personell inngår i eigenandelen

Briller og høyreapparat:

  • Briller og høyreapparat vert ikkje dekka av Ullensvang kommune, men Ullensvang kommune dekker utgifter til kontroll av høyreapparat. Batteri til høyreapparat må bebuar sjølv betala for

Private klede:

  • Ullensvang kommune dekker nødvendige utgifter til vask og stryking av private klede og enkle reparasjonar som f.eks. sying av knappar og liknande
  • Ullensvang kommune erstattar klede som vert øydelagde av institusjonen

Ortopediske og tekniske hjelpemiddel:

  • Ullensvang kommune dekkjer større tekniske hjelpemiddel ( senger, personløftarar osv.) og hjelpemiddel til korttidsbruk ( rullestolar og liknande) ved innlegging på institusjon

Avlastningsopphald:

  • Ullensvang kommune dekker ikkje utgifter til medisin, transport og lege

Forskrifta

§ 13.Klage og omgjøring

Ved klage på vedtak om betaling av egenandel etter kapittel I og II gjelder bestemmelsene i pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7.

Helsedirektoratet er overordnet forvaltningsorgan med adgang til å omgjøre vedtak uten klage, jf. forvaltningsloven § 35.

Pasient – og bruakerretslova § 7-4
Ved klage på vedtak om betaling av egenandel gjelder reglene i pasient- og brukarrettslova kapittel 7.

Pasient- og brukerrettsloven § 7-2:
«Pasient eller bruker eller dens representant som mener at bestemmelsene i kapittel 2 med unntak av § 2-4a, kapitlene 3 og 4, samt § 5-1, § 6-2 og § 6-3 er brutt, kan klage til statsforvalteren.»

Kven kan klage på vedtak

  • Klage frå bebor eller bebor sin representant:
    • F.eks. advokat eller ein representant med fullmakt
  • Klage frå verje:
    • Verje for økonomiske og personlege forhold
  • Klage frå pårørande:
    • Pårørande må leggje fram fullmakt
  • Klage frå dødsbu:
    • Innhente skifteattest
    • Eventuell fullmakt frå arvingar

Kva må vere med i oversendinga av klaga til Statsforvalteren

  • Klagen
  • Eventuell fullmakt og skifteattest
  • Aktuelle vedtak (vedtaket det klages på + eventuelt tidlegare vedtak som etteroppgjer og foreløpig vedtak).
  • Alle inntektsopplysningar som ligg til grunn for bebuar.
  • Ved ektefellefrådrag: Inntektsopplysningar om heimebuande ektefelle sin økonomi.
  • Kommunens uttale og vurderingar til klagen.

Forskrifta

§14. (Ikrafttreden)

Denne forskriften trer i kraft 1. januar 2012. Fra samme tid oppheves forskrift 26. april 1995 nr. 392 om vederlag for opphold i institusjon m.v.

Referanse

 

Handboka for eigenbetaling blir revidert januar 2024, og deretter årleg.
Ved endringar i lovverket blir handboka for eigenbetaling oppdatert.