Graveløyve og arbeidsvarslingsplanar
For å få løyve til å grava i kommunal veg skal det søkjast om graveløyve. All graving i kommunal veg skal fylgja «Retningsliner for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg». Det vert sett krav til godkjent arbeidsvarsling, og arbeidsvarslingsplan må sendast inn for godkjenning før arbeidet tek til.
Graveløyve
«Retningsliner for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg» er utarbeida av kommunane Etne, Karmøy, Kvinnherad, Odda, Stord og Ullensvang (herad). Desse er gjeldande fram til Ullensvang kommune har utarbeida nye.
For å søkja om graveløyve nyttar ein vårt digitale skjema: Søknad til løyve til framføring av kablar, leidningar og graving i offentleg veg. Saman med søknadsskjema må det leggjast ved eit kartutsnitt som viser grøft i målestokk 1:1000 og ei skisse over grøfta som visert djupne, plassering og tal på kablar og om fylling. Dersom det er fleire typar grøfter, så lagar ein eit snitt for kvar grøft.
Når arbeidet er utført skal entreprenøren fylla ut vårt digitale skjema: «Arbeid på veg: Entreprenøren sin eigenkontroll og ferdigmelding» og sende dette inn.
Retningsliner:
Skjema:
- Søknad om løyve til framføring av kablar, leidningar og graving i offentleg veg
- Arbeid på veg: Entreprenøren sin eigenkontroll og ferdigmelding
Arbeidsvarsling
Før eit gravearbeid på eller langs kommunal veg kan setjast i gang, må ein ha godkjent graveløyve og godkjent arbeidsvarslingsplan. Utførande entreprenør skal fylla ut og senda inn arbeidsvarslingsplanen til godkjenning hos kommunen. «Mal for arbeidsvarsling» finn du her på nettsida vår. Last ned ein kopi av mal, fyll ut og send til kommunen på postmottak@ullensvang.kommune.no.
Når arbeidet er ferdig skal entreprenøren senda inn loggbok for utsetting/inntaking av sikrings- og varslingsutstyr.
Mal:
Det er i utgangspunktet bare nødvendig å fylle ut dei kvite felta på arka. Data som vert nytta i flere ark, vert henta fyrst og fremst frå arket Arbeidsbeskrivelse.
NB: Særskilt vedtak skal fyllast ut av skiltmynde.
Søknad om arbeidsvarsling
Ved søknad om arbeidsvarsling skal dei raude arkfanene vera fylt ut, og dei skal fyllast ut i riktig rekkefølgje:
- Arbeidsbeskrivelse
- Risikovurdering
- Arbeidsvarslingsplan
ev. også Tilleggsopplysningar
Fana Risikovurdering og Arbeidsvarslingsplan kan kopierast dersom du treng fleire rader til farar eller tiltak, eller du treng meir plass til skisser for arbeidsvarslingsplan, ev. plass til å beskriva fleire fasar med forskjellig planar. (Er det kun eit kart du vil leggje til, kan du nytte fana som heiter Tilleggsopplysningar.)
Du må fylle inn cella med ansvarshavend si stadfesting nedst på fana Risikovurderinga i Excel for å få «låst opp» fana Arbeidsvarslingsplan. Alt skal fyllast ut på PC i Excel. Det er ikkje behov for handskriven signatur.
Skrivebeskytta ruter
For å hindra at det vert skriven i ruter som ikkje skal endrast, er reknearka beskytta. Når reknearket er beskytta, kan det bare skrivast i dei kvite cellene.
For å oppheva beskyttelse/»låse opp» eller beskytte/»låse» ei arkfane nyttast passord N301.
Utskrift (Skiltmynde)
For utskrift av heile søknaden med vedtak etc. (alle arkfanene):
1. Klikk på Fil oppe til venstre > Skriv ut
2. Velg Skriv ut: Hele arbeidsboken
3. Sjekk også at det er valgt «Tilpass ark til én side». (Med unntak av Loggbok-fanen, som kan gå over fleire sider når denne vert skriven ut åleine.)
Utarbeiding av skjema
Dette skjemaet er utarbeida av Statens vegvesen. Ullensvang kommune har fått løyve å endra til eigen logo og nytta skjema for arbeidsvarsling på sine vegar.
Feil i reknearka eller ynskje om endringar kan sendast til verksemd for Veg, park og hamn ved verksemdsleiar Hjalmar Heimvik