Folgefonni Breførarlag (c) Eksponert Media 2

Folgefonna nasjonalpark

På ei halvøy ved Hardangerfjorden ligg Folgefonna nasjonalpark og den tredje største breen i Noreg. Nasjonalparken har ein enorm variasjon av flotte landskap. Vakre dalføre strekkjer seg frå brearmane heilt ned til fjorden.

Om nasjonalparken

Folgefonna nasjonalpark vart vedteken og verna i 2005. Nasjonalparken ligg i kommunane Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Det er fire landskapsvernområde som har grensa til nasjonalparken; Bondhusdalen, Buer, Hattebergsdalen og Ænesdalen. Totalt dekker verneområda eit areal på 599 km2, der 545 km2 er nasjonalpark.

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet. Folgefonna består av tre større brear; Nordfonna, Midtfonna og Sørfonna. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn. Folgefonna nasjonalpark er ein av to norske nasjonalparkar som strekkjer seg heile vegen frå fonna til fjorden.

 

Føremålet med vernet av Folgefonna nasjonalpark:

  • Ta vare på eit stort og tilnærma urørt naturområde, som sikrar heilskapen og variasjonen i naturen frå låglandet til høgareliggjande område med bre og fjell.
  • Ta vare på og sikra verdifull vassdragsnatur.
  • Sikra det biologiske mangfaldet med økosystem, artar og bestandar.
  • Sikra viktige geologiske førekomstar.

 

Det er fire turisthytter i Folgefonna nasjonalpark; Breidablik, Fonnabu, Holmaskjer og Sauabrehytta.

img-fluid portrait

Foto: Folgefonni Breførarlag