Hender som holder papirhjerter i ein sirkel

Flyktningtenesta

Flyktningtenesta i Ullensvang kommune har ansvar for busetting, integrering og kvalifisering av flyktningar, som etter avtale med IMDi vert busett i kommunen. Flyktningtenesta er ein del av Verksemd for inkludering.

Tenesta arbeider for at busette flyktningar og deira familiar skal verte sjølvstendige og ta ansvar for eigen livssituasjon. er at dei skal finna seg til rette i arbeid, skule, nærmiljø og samfunnet for øvrig. Flyktningtenesta operer som ein koordinator mellom flyktningane og det øvrige tenesteapparatet i samfunnet.

Flyktningtenesta rettleiar og tilrettelegg for at flyktningane kan nytte sine ressursar og delta aktivt i samfunnet. Vi som arbeider i tenesta ynskjer at dei vi møter i vårt arbeid skal verte møtt med respekt, forståing og fagleg kompetanse. Grunnpilarane i arbeidet vårt er hjelp til sjølvhjelp og ressursfokus.

Tenesta er ansvarleg for kommunens introduksjonsprogram. Målet med introduksjonsprogrammet er å gje deltakarane grunnleggjande ferdigheiter i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning. Tenesta samarbeid med vaksenopplæringa og lokale bedrifter for å tilby eit tilrettelagt program for kvar deltakar.

 

For perioden 2021-2023 har Ullensvang kommunestyre vedteke å busetja 35 flyktningar pr år.

 

Hender som holder papirhjerter i ein sirkel. Foto.

Kva vi jobbar med /kva vi gjer:

  • Praktisk hjelp, råd og rettleiing.
  • Burettleiing og oppfylgning i heimen.
  • Informerer om rettar og pliktar.
  • Bidrar til økt forsåing for det norske samfunnet.
  • Bidrar til at flyktningane vert kjent med lokalsamfunnet.
  • Koordinering og samhandling med det øvrige tenesteapparatet.
  • Informasjon i introduksjonsprogrammet.
  • Samarbeid med lokale bedriftar angåande språkpraksis og arbeidspraksis.

 

Flyktningtenesta er fordelt på 3 lokasjonar; Odda, Jondal og Kinsarvik.

 

Kontakt oss

Flyktningtenesta

kl. 09.00 - 14.30

901 04 256

Ingvild Sperrevik

Verksemdsleiar inkludering

ingvild.sperrevik@ullensvang.kommune.no

970 98 764