Fastlege hjå oss?
Sjølv om vi lev etter «an appel a day keeps the doctor away» treng vi fastlegar.
Vi treng deg, og du er viktig! Her kan du få stort ansvar, ein variert arbeidskvardag og utfordrande arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr:
- Nye kontorlokale både i Kinsarvik og Odda
- Høgt fagleg fellesskap blant legane
- Fast tilsetjing i kommunen
- Konkuransedyktig løn + 15% insentiv som fastlege
- Listelengd 600- 800 pasientar
- God LIS3/ALIS oppfølging
- Fleire spesialistar i allmennmedisin
- Har 3-4 LIS1 legar per halvår (varierer etter tildeling)
- 16 delte legevakt, blir lønt frå vakt klasse VI

Ullensvang har lenge satsa på legetenesta, og var ein av pionerane innan ALIS Vest-prosjektet (Allmennlege i Spesialisering). Kommunen er registrert som utdanningsinstitusjon og har erfaring med å organisera spesialistutdanning. Unge legar vert tilbydd fastløn, fri til rettleiing og kurs, og god fagleg oppfølging lokalt.
Kommunen har i dag 3 LIS 1 legar som har kontorstad ved Odda legesenter, Utne legeontor/ Lofthus legekontor og Jondal legekontor.
Legevakta (omland ca. 12000 pers) ligg i trygge lokale på lokalsjukehuset.
Som fastlege i kommunen må arbeid ved legevakt påreknast. Her er i dag 16 delt vakt. Ullensvang legevakt er ein av tre stasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt. Legevakta er lokalisert på Odda sjukehus.
Ambulansestasjonen er like ved. Vi samarbeider godt og rykker ofte ut saman.
Spørsmål?
