Eide sjukeheim

Eide sjukeheim er nyleg opna. Sjukeheimen flyttar inn i nye flotte lokale i mars 2023. Sjukeheimen held til i nabolokala til Eide omsorgssenter.

Kva legg vi vekt på?

Eide sjukeheim legg vekt på livsglede, og skal vera ein god stad å bu og å koma på besøk til. Vi skal gje bebuarane livsglede i form av individuell tilpassa aktivitet, pleie og omsorg heile døgnet.

Vi ynskjer å tilby aktivitetar som handlar om små tiltak i kvardagen, basert på tidlegare levd liv og vanar som gjev meining og gode augneblink. Det kan vera ein god samtale under fire auger om eit tema ein interesserer seg for, mimring med fotoalbum, kaffi på senga, høyra på favorittmusikken medan ein får rulla håret eller sjå på gamle snuttar på smart-tv.

 

Medarbeidarane

På Eide sjukeheim arbeider det: tilsynslege, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, pleiemedarbeidarar, helsefagarbeidarar og assistentar.  Tilsynslegen er tilgjengeleg 5 dagar i veka, med fast legevisitt kvar tysdag. Pårørande har høve til å avtala samtale med legen.

 

 

Vår visjon er livsglede for alle!
Vi vil gje liv til åra, og fremja lysta til å leva.
I sentrum for vår verksemd står våre eldre.

 

Copy of UK - presentasjon TV 2 (3)

Kontakt oss

Eide sjukeheim

Besøksadr.: Eidesbrotet 21

5750 Odda

53 65 48 60

Jørgen Ninn

Verksemedsleiar: Eide omsorgssenter og -sjukeheim

jorgen.ninn@ullensvang.kommune.no

913 38 570 mellom kl. 08.00-15.30

Linda Mala

Avdelingsleiar

linda.mala@ullensvang.kommune.no

975 58 459 mellom kl. 08.00-15.30