Eide omsorgssenter
Eide omsorgssenter er ein omsorgsbustad med heildøgns pleie og omsorg for personar med ulik grad av demens.
Om verksemda
Vi har 4 avdelingar med 8 bebuarar på kvar avdeling. Kvar leilegheit er 35 m2 og består av eit rom med eige bad, som blir møblert av bebuar sjølv. Kvar avdeling har fellesareal med kjøken og stove. Bebuar leiger bustad av kommunen og betaler for mat, reinhald, vask av tøy og for eigne medisinar.
Aktivitet/miljøterapi
For å gjera kvardagen meningsfull for bebuarane, legg vi til rette for aktivitetar, individuelt og i større grupper. Her legg vi spesielt vekt på at bebuarane skal få auka livsglede gjennom aktivitet.
Uteareal består av ein fin sansehage som omkransar store delar av bygget, og vi har som mål at alle bebuarane våre skal nytta hagen til ulike aktivitetar. Vi har mellom anna eit par epletre og bærbuskar som sommar og haustmånadene gjev bebuarane stor glede.
Kontakt oss
Eide omsorgssenter
Eidesbrotet 21
5750 Odda
53 65 47 80 /97 55 86 70
Marianne Bergstø Severinsen
Avdelingsleiar
marianne.b.severinsen@ullensvang.kommune.no
97 55 86 70/53 65 47 80