Digital Sansehage

Digital Sansehage er ein arena for demente der dei får eit skreddarsydd opplegg for å lyfte kvardagen og skape gode relasjonar som forplantar seg i kropp og sjel.

Digital Sansehage er ein arena der demente og pårørande møtest. Det kan også vera helsepersonell, vener og anna familie som deltar, eller vedkomande kjem åleine. Her vert gleder og minner som gir gode augeblikk skapt. Det er på deltakarane sine premissar og i deira ånd.

Digital Sansehage er ein samtalekatalysator som drar deg tilbake i tid som gir deg den gode følelsen. Det er kanskje gløymt etterpå, men den gode følelsen heng ved.

 

Kven kan delta?

Hovudsakleg personar med demens, einsame, dei som treng det vesle ekstra å sjå fram til. Urolege pasientar som treng avledning. Parkinson pasientar. Andre grupper er også velkomne. Innbyggjarar i heile Ullensvang kommune er velkomne.

 

Kva gjer me i Sansehagen?

Me lager digitale opplegg som er tilpassa kvar enkelt.

  • Personleg bileteframsyning
  • Musikk
  • Dans
  • Digital sykling i kjende omgjevnader
  • Reise tilbake i tid der ein mimrar om kjende stader og personar. Historiske tilbakeblikk.
  • Digitale spel

 

Praktisk info

Me har lokale mellom Bokko kafè og Dagsenteret. Adressa er Skjelmhaugata 1, 5750 Odda. Eit opplegg varer ca 45-60 minutt. Måndag og onsdag hovudsakleg.

 

Kva kan de gjere på førehand?

De kan samle inn gamle bilete på ein minnepenn. Jo eldre bileta er, dess betre er det. Undersøkje kva musikksmak vedkomande har. Det kan være lurt å søkje om TT- kort om deltakar treng transport. Be om ein Alma rapport tilsendt frå meg som pårørande kan fylle ut. Det gjer det lettare for meg å bli kjent med vedkomande.

Me er behjelpeleg med råd og tips, og hjelper deg gjerne på vegen.

 

Lyslist i raudt frå digitalt sanserom. Bilete.

Kontakt oss for å gjera avtale og få nærare informasjon

Anna Kristine Jordan

Avdelingsleiar

anna.jordan@ullensvang.kommune.no

97 55 84 61

Anne Lise Naasen

Verksemdsleiar

anne.naasen@ullensvang.kommune.no

97 55 84 62