To kvite hus med ballkong

Deling av eigedom

Deling av eigedom er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. Dersom det vert gjeve løyve, må det gjennomførast ei oppmålingsforretning, der den nye eigedomen vert merka og målt.

Matrikkel

Resultatet av oppmålingsforretninga vert ført inn i matrikkelen som er det offisielle eigedomsregisteret i Noreg. Etter at eigedomen er ført i matrikkelen, vert det sendt melding om dette vidare til tinglysing. Når eigedomen er tinglyst er eigedomen å rekna som oppretta.

Ei delingssak vert alltid avslutta ved å senda ut matrikkelbrev til partane. Partane lyt sjølv skriva skøyte og tinglysa dette etter at eigedomen er oppretta og matrikkelbrevet er mottatt.

 

Vedlegg som må fylgja alle søknadar:

Situasjonskart
Eit eller fleire situasjonskart som syner eksisterande eigedomsgrenser, i tillegg til omsøkt deling (nye grenser), planlagt tilkomst, planlagt parkering og eventuell ny avkjøring.

Du kan bestilla situasjonplan hjå kommunen, eller du kan skriva ut situasjonplan frå kartløysinga til kommunen
 

Dokumentasjon på nabovarsling: Byggesaksblanketter 

 

Erklæring om rett i fast eigedom

Dokumentasjon for at naudsynte rettar i fast eigedom er sikra for den nye eigedomen. Dette gjeld rettar knytt til vassforsyning, avlaup og adkomst, jf. plan- og bygningslova §§ 27-1, 27-2 og 27-4. Merk at det også kan vera andre krav i gjeldande reguleringsplan.

Kommunen vil oppbevara erklæringa, og syta for tinglysing saman med melding til tinglysing når eigedomen vert oppretta.

 

Vedlegg som må fylgja i enkelte saker

  • Dispensasjon
    Dersom søknaden ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan eller der det omsøkte tiltaket ligg i 100 metersbeltet til sjø eller vassdrag, må det liggja ved ein søknad om dispensasjon frå byggjeforbodet i strandsona.
     
  • Urådighetserklæring
    Dersom nokon har ein urådighet på eigedomen som skal frådelast, må det leggjast ved ein urådighetserklæring.

 

Prisar for deling av eigedom

Sjå punkt «E – Oppmåling» i gebyrregulativ

Merk at det i enkelte saker kan vera aktuelt å fakturera etter fleire punkt i gebyrregulativet.