Bunke med papirer på eit kontor

Byggesak – Tinging av førehandskonferanse

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der tiltakshavar og kommunen har eit møte for å avklara føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Gebyr for førehandskonferanse er i 2024 kr. 1 050.

Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova.

  • For tiltak som du sjølv kan søkja om jf. pbl § 20-4, kan du møta kommunen aleine.
  • For tiltak som krev at du engasjerer eit føretak til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg nokon frå føretaket til møtet.

Du skal på førehand gi kommunen dei opplysningane som er nødvendig for å førebu konferansen.

Følgjande dokumentasjon er obligatoriske og skal sendast inn som vedlegg i skjemaet:

  • Kartutsnitt med innteikna tiltak
  • Skisser/teikningar av tiltaket
  • Skildring av tiltaket
  • Eventuelt foto av eksisterande tiltak (bygg)

Dokumenta kan sendast digitalt ved å lasta dei opp på sida Vedlegg, i slutten av skjemaet. Vel du å ettersenda per e-post eller post vert ikkje saka fordelt før vi har motteke vedlegga.