Byggesak – Tinging av førehandskonferanse
Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der tiltakshavar og kommunen har eit møte for å avklara føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Gebyr for førehandskonferanse er i 2024 kr. 1 050.
Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova.
- For tiltak som du sjølv kan søkja om jf. pbl § 20-4, kan du møta kommunen aleine.
- For tiltak som krev at du engasjerer eit føretak til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg nokon frå føretaket til møtet.
Du skal på førehand gi kommunen dei opplysningane som er nødvendig for å førebu konferansen.
Følgjande dokumentasjon er obligatoriske og skal sendast inn som vedlegg i skjemaet:
- Kartutsnitt med innteikna tiltak
- Skisser/teikningar av tiltaket
- Skildring av tiltaket
- Eventuelt foto av eksisterande tiltak (bygg)
Dokumenta kan sendast digitalt ved å lasta dei opp på sida Vedlegg, i slutten av skjemaet. Vel du å ettersenda per e-post eller post vert ikkje saka fordelt før vi har motteke vedlegga.