Omsorgstenesta aust – Bråvolltunet

Omsorgstenesta aust er stasjonert på Bråvolltunet i Kinsarvik, med nydeleg utsikt over fjorden og Kinsarvik sentrum. Bråvolltunet har 18 sjukeheimsplasser – langtidsplassar.

Me er ei samordna teneste, det vil seie at me driftar sjukeheim, heimesjukepleie, praktisk bistand og tryggleiksalarmar. I tillegg har me eige vaskeri og kjøken.

 

Bemanning

I omsorgstenesta aust er me bemanna med godt kvalifisert helsepersonell. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, pleiemedarbeidarar, assistentar, kokkar og kokkeassistentar. Me er og så heldig at me har kollegaer frå mange ulike land og verdsdelar.

Det viktigaste for oss er å gje gode tenester, og at tenestene er tilpassa kvar einskild. På institusjonen er me særs opptatt av å verta godt kjent med kvar einskild pasient, og er opptatt av kva som er viktig for kvar einskild. Me ynskjer at alle skal ha ein innhaldsrik og god kvardag. Me nyttar blant anna Memoria og musikkbasert miljøtilnærming i dette arbeidet.

På institusjonen vår har me eige kjøken. Dei lagar mat frå botnen av. God og næringsrik mat, tilrettelagt kost for den som treng det. Dagleg kjenner me god matlukt frå kjøkkenet, det kan vere potetkakene som vert steikt på takka, røykekjøtet som er på kok , eller fisken som vert steikt. Dette gjev matlyst, og er med på at me kan innfri kravet frå helsedirektoratet om god ernæring.

Kvar tysdag og torsdag har med dagopphald for heimebuande. Dei kjem med drosje eller vert henta , vert servert lunsj og middag. Dagen går til drøs rundt kaffekoppen, trening, bingo og andre aktivitetar.

Av andre aktivitetar har me fast besøk av omsorgsmusikar, det er ulike konsertar, bondekvinnelaget kjem med god mat og underhaldning, musikkskulen kjem på besøk og mykje anna. Ellers er det regelmessig andakt for dei som ynskjer det.

Kontakt oss

Omsorgstenesta aust

Besøk oss: Bråvoll 1

5781 Kinsarvik

53 67 10 70

Kari Skare Storhei

Verksemdsleiar

kari.skare.storhei@ullensvang.kommune.no

90 99 98 42

Eva Opedal

Avd. leiar

eva.opedal@ullensvang.kommune.no

91 15 96 56

Helena Lerik Ninn

Avd. leiar

helena.lerik.ninn@ullensvang.kommune.no

91 16 16 32