Årsplan Sekse barnehage 2022-2023Om barnehagenSatsingsområdeUtviklingsområdeTema for året1. Verdigrunnlaget til barnehagen2. Formålet med og innhald i barnehagen3. Arbeidsmåtane til barnehagen4. Overgangar5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen

Årsplan Sekse barnehage 2022-2023

Om barnehagen

Sekse barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg plassert midt i smørauga mellom fjord, fjell og frukttre i Ullensvang kommune. Plasseringa gjer oss mange gode moglegheiter til variert uteliv, noko me nyttar oss mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet, har faste turområder me går til og barna i alle aldersgrupper er ute på tur minst ein gong i veka. Kvardagen er prega av leik, læring og glede, og personalet er opptatt av å vera trygge og tydelege vaksne. Barna er fordelt på to avdelingar etter alder og utvikling, og me har fokus på små grupper for at kvart enkelt barn skal ha dei beste moglegheitene for å kjenna seg trygge, trivast og utvikla den beste utgåva av seg sjølv.

 

Avdelingar

Grøn avdeling finn de i første etasje i bygget, inn døra på midten av bygget. Grøn er avdelinga for barn frå 1-3 år, og her er det tryggheit, omsorg, sansing og utforsking som står i fokus. For å kjenna seg trygge i barnehagen treng barna i denne aldersgruppa kjente vaksne og faste rutinar. Når barna kjenner seg trygge torer dei å utforska og å leika. Avdelinga er godt tilrettelagt for leik for små barn. Rommet er oversiktlig og me har det meste me treng lett tilgjengelig rundt oss. På den måten skapar me trygge rammer for barna.

Blå avdeling ligg og i fyrste etasje i bygget. Avdelinga disponerer to rom nede; eit stort leikerom og eit rom for rolegare aktivitetar, der det iog er kjøken. Blå avdeling disponerer og eit rom oppe i andre etasje som SFO nytta tidligare.

I alderen 3-5 år er leiken prega av det barna sjølv opplever og ser rundt seg. Barna etterliknar dei vaksne si verd og prøver ut ulike rollar. Dei har ein livleg fantasi, og i barna sin verden er alt mogleg. Rolleleiken utviklar seg, og dei kan halda på lenge med same leik. På Blå avdeling har me fokus på å legga til rette for god rolleleik. Me har delt det store leikerommet i mindre soner slik at barna kan finna roen i leiken, og at barna kan leika ulike ting på same tid. Me har òg fokus på at dei vaksne er aktive og støttar barna i leiken.

SFO var heilt i starten av skule- og barnehageåret på “SFO-rommet” som ligg i andre etasje. Etterkvart såg me behovet for at dei trong meir plass då barnetalet vart høgare. SFO flytta derfor inn på det som før var Raud avdeling. Rammeplanen for SFO (2021) seier at SFO skal byggja vidare på grunnleggjande verdiar som er felles for barnhagen og opplæringa. Det står vidare at SFO skal dekkje behovet barna har for omsorg og tilsyn, samtidig som det blir gitt rik moglegheit for meiningsfull fritid og leik. SFO skal bidra til trivsel og glede i sjølvvald leik og tilrettelagde aktivitetar, og gi rom for rekreasjon og kvile. (KD 2021)

 

Satsingsområde: Samarbeid med ulike aktørar i nærområde.

Sekse barnehage og SFO nyttar seg allereie av mange av dei ulike tilboda som fins i nærleiken. Det er òg eit godt etablert samarbeid om lokala med blant andre Føyk som nyttar både inne- og uteområda på ettermiddagstid. Me ynskjer å skapa eit endå betre samarbeid med eksisterande samarbeidspartnerar, så som bønder, foreldre, symjing på Kinsarvik skule, osb. Samstundes ynskjer me å utvida og satsa på lokale bedrifter og/eller andre samarbeidspartnerar, til dømes Bygdekvinnelaget, biblioteket, andre barnehagar osb.

Me er gode, men vil verta endå betre.

 

Utviklingsområde: Rommet som den tredje pedagog

No når me har gjort ein del strukturelle endringar, så som til dømes å flytta storbarnsavdelinga ned i fyrste etasje har det vore ein prosess å gjera rommet godt og utviklande for barna å vere i. Me ynskjer å skapa rom som bidreg til kreativitet, leik og læring. Det fysiske miljøet skal vera tilrettelagt for kreative møter mellom barn og vaksne. Det fysiske miljøet si viktigaste oppgave er å oppmuntra barnet til sjølvstendig utforskning. Eit miljø tilpassa barns behov er under stadig forandring og det trengs derfor fleksible løysingar slik at me til stadighet kan endra det etter kva barna treng og er opptatte av. Uteområde har òg lenge vore diskutert, både innad i barnehagen, og i lokalmiljøet. Me ynskjer å rusta opp dette, både framsida, og baksida – slik at det kan vera trygt, kjekt og eit lærerikt miljø for både barnehagebarn, SFO barn og ellers barn og vaksne som nyttar område. Dette ynskjer me å gjere i tett samarbeid med ulike aktørar som kan hjelpe oss å gjere dette til ein god stad for alle.

 

Tema for året: Sosial kompetanse

Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver seier at sosial kompetanse er ein forutsetning for å fungera godt saman med andre. Det omhandlar ferdigheiter, kunnskaper og haldningar som utviklast gjennom sosialt samspel.

Barn er sosiale heilt frå fødselen, og dei kommuniserar med vaksne og kvarandre både gjennom kroppslege og språklege handlingar. Sosial kompetanse handlar om å kommunisera og samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Denne kompetansen er sentral for at enkeltbarnet skal lykkast og trivast, og for at det skal verte verdsatt som ven og likeverdig deltakar i samspelet med dei andre barna. Eit barn som samhandlar godt med andre, kan både tilpasse seg fellesskapet og være ein synlig deltakar som hevdar sin plass. Forskning viser at barns evne til å etablera vennskap i stor grad heng saman med den sosiale kompetansen deira. I relasjonene til vaksne og barn i barnehagen videreutviklar barnet den sosial kompetansen som det treng i relasjonar til andre menneske generelt.

 


Sjølvfølelse: å oppleva eigenverd, akseptera seg sjølv, kjenna seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ein positiv haldning til seg sjølv

Empati: å ha forståelse for andre sine perspektiv, tankar og kjensler, kunne leve seg inn i andre sin situasjon, visa medkjensle, ta hensyn og kunne tolke og forstå kjensleuttrykk

Prososial åtferd: å ha positive, sosiale holdningar og å kunne utføra handlingar som å oppmuntra, bry seg om, visa omsorg, hjelpa til og dela med andre

Sjølvhevding: å kunne hevda seg sjølv og eigne meninger på ein god måte, våg å stå imot gruppepress, ta initiativ og bli med på leIk og samtalAr som allereIe er i gang, delta uoppfordra og invitera andre

Sjølvkontroll: å kunne tilpassa seg ulike situasjonar, takla konflikter og utsette eigne behov og ynskjer i situasjonar som krev turtaking, kompromiss og felles avgjersler


 

1. Verdigrunnlaget til barnehagen

1.1 Visjon: Alle utviklar den beste utgåva av seg sjølv.

Me i Sekse barnehage vil tilrettleggja for at alle barna får utvikla den beste utgåva av seg sjølv. Det betyr at me vil at kvar enkelt skal oppleva at dei har noko å bidra med, og at dei er viktige og verdifulle for fellesskapet i barnehagen. Personalet må legga til rette for aktivitetar innanfor den næraste utviklingssona til barnet slik at barnet får kjenna på meistringsglede.

 

1.2 Hovudmål

  • Barna i Sekse barnehage skal trivast og ha eit godt og utviklande læringsmiljø
  • Føresette i barnehagen skal oppleva at dei har eit godt barnehagetilbod for seg og barna
  • Personalet i barnehagen skal trivast og arbeida for barna sitt beste med fokus på kvart einskild barn og barnegruppa

 

1.3 Verdiar

Verdiane byggjer på verdiar i rammeplanen, årsplan og personalgruppa sine eigne verdiar, og skal speglast att i den daglege drifta i barnehagen. Me skal gjennom året revidere verdidarbeidet som vart lagt ned i 2017 då det kom ny rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Gjennom å sjå på kvardagssituasjonar vil me utarbeide teikn på god praksis sett i lys av verdiane som er nevnt i rammeplanen.

Verdiar som er nevnt i Rammeplanen som me skal arbeide med: Respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, omsorg, tryggleik, tilhøyrsle og anerkjenning, medverknad, demokrati, mangfald og gjensidig respekt, likestilling, berekraftig utvikling, livsmeistring og helse.

 

1.4 Barn og barndom

Barnehagen skal anerkjenna og ivareta barndommens eigenverdi. Det vil seie at me ser på barndommen som ein verdifull periode, til liks med andre delar av livet. Å bidra til at alle barn som går i barnehagen får ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik, er fundamentalt. Me ynskjer å bidra til ein god barndom her og no, og samstundes gje barna dei beste føresetnadane for resten av livet.

Barnesynet til Sekse barnehage og SFO tar utgangspunkt i at kvart enkelt barn er kompetent og eit likeverdig medmenneske. Barna lærer og utvikler seg i samspel med omgjevnaden. Dei vaksne skal gi rom for barnas ulike forutsetningar, perspektiv, erfaringar og opplevelsesverden, og bidra til at alle barn utviklar eit positivt forhald til seg sjølv og tru på eigne evner. Barna skal møtast med empati, og få moglegheit til å videreutvikla eigen empati i møte med andre.

Slik gjer me det:

  • Personalet er støttande tilstades og ser kvar enkeltbarn sine behov
  • Personalet legg til rette for utvikling for den enkelte
  • Barna sine synspunkt på eigen kvardag vert tatt på alvor
  • Personalet legg til rette for at alle barn får oppleva meistring kvar dag
  • Personalet arbeider med å skapa eit inkluderande fellesskap og synleggjer at alle har ei viktig rolle
  • Personalet legg stor vekt på å skapa eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
  • Personalet er autoritative vaksne som er varme og forståelsesfulle, men har samtidig tydelege krav og forventningar til barna
  • Det fysiske miljøet skal inspirera til leik og aktivitet

 

Illustrasjon i blått av barn som står på hendene. Illustrasjon.

1.5 Demokrati

Ifølge rammeplanen skal barnehagen fremja demokrati og vera eit inkluderande fellesskap. Blant anna skal alle barn skal få oppleva at dei får bidra og medverka til innhaldet i barnehagen uavhengig av kommunikasjonsevner og språklege ferdigheter. Ein føresetnad for at dette kan skje er at barna gis moglegheit for å ytra seg, verta hørt og delta. Barnehagen må skapa møteplassar der barna kan ha innflytelse på sin kvardag, men i stor grad handlar det om at personalet er lydhøre og observante for barns mange måtar å kommunisera på, og tar det på alvor.

Slik gjer me dette i praksis:

  • Me observerer og fanger opp barna sine interesser og ligg til rette for å utvida og utforska desse vidare.
  • Me tilpassar innhald i aktivitetar og planar ut frå kva me ser at barna er opptatt av for tida og kva me ser at dei likar.
  • Me endrer planane dersom me ser at det er noko anna som fenger barna her og no
  • Barna vert oppmuntra til å koma med innspel om korleis dei vil ha det i barnehagen, og får oppleva at det vert tatt på alvor av dei tilsette.
  • Barna får bestemma sjølve konkrete ting i kvardagen
  • Personalet snakker om demokrati på ein måte som kan gjera det forståeleg for barna

 

1.6 Mangfald og gjensidig respekt

Mangfald i barnehagen handlar om å synleggjera at det er ulike måtar å tenka, handla å leva på. Ved å jobba for å synleggjera desse ufarleggjer ein ulikskapar og opnar for å utforska desse med eit nysgjerrig blikk. Me skal ha ei tilnærming til ulikskapar der me synleggjer verdien av at me er ulike. Mangfald kan vera så mangt frå korleis den enkelte sin familie er utforma, kva verdiar som vert verdsett i heimen til den enkelte til religion og livssyn, nasjonalitet, hudfarge m.m.

Slik gjer me det i praksis:

  • Samtala og undra seg saman med barna om ulikskapar og likskapar i dagleg dialog
  • Familieplakatar frå kvart barn henger synleg på avdelingane
  • Sjå og snakka om kvar barna bur
  • Me markerer viktige høgtider i dei ulike religionane som er representert i gruppa
  • Årlege temaveker der me lærer om ulike kulturar

 

1.7 Likestilling og likeverd

I barnehagen skal alle barn ha mulighet til å bli sett, hørt og oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar. Me skal fremma likeverd og likestilling, motverka alle formar for diskriminering og fremma nestekjærlighet.

Likestilling betyr ikkje at alle skal vera like, men at alle skal ha like muligheter. Me har alle med oss ulike verdiar og haldningar i bagasjen, med alt me har opplevd og tatt med oss frå eige liv. Nokon er me bevisste – andre er gjerne meir ubevisste – og alle desse verdiane og haldningane påverkar handlingane våre.

I barnehagen skal me ha ein felles praksis, og personalet må derfor jobba for å reflektera over eigen praksis i møte med barna. Korleis kan me sikra at alle barna får dei same mulighetane til å læra og utvikla seg på dei områda dei er interesserte i? Dette er viktige spørsmål som me må jobba med, og jobba for å motarbeida dei “tradisjonelle” forventningane til ulike kjønnsroller.

Likeverd handlar om at alle mennesker er like mykje verdt og er verdifulle i fellesskapet uavhengig av alder, etnisitet, kjønn, klasse og funksjonsevne. For å behandla alle likeverdig må me av og til forskjellbehandla nettopp fordi alle har ulike utgangspunkt.

Slik gjer me det:

  • Personalet har ei bevisst haldning til val av fargar, leiker, utkledningskle, ordbruk og litteratur
  • Personalet er bevisst si rolle og er gode rollemodellar
  • Me tilbyr alle barn aktivitetar som passer interessa deira uavhengig av kjønn og tilpassa funksjonsnivå
  • Personalet er bevisste på, og har ei felles forståing av at det ikkje finns jente/gutekle, fargar, leiker, bøker, yrker osv.

 

1.8 Berekraftig utvikling

Bærekraftig utvikling handlar om at me menneske imøtekjem dagens behov utan å øydeleggja for at komande generasjonar skal få dekka sitt behov. Me vaksne har ei viktig oppgåve i å lære barn om dette, blant anna korleis me kan ta vare på oss sjølv, ta vare på naturen og omgivnadane rundt oss. I dette arbeidet vil me bruka uteområdet i barnehagen, fjøra, skogen og nærområdet vårt. Me vil at barna skal få leika og læra i naturen og få erfara alt naturen har å by på. På denne måten vil me bidra til at barna vert glad i, kjenner seg heima og ønsker å ta vare på naturen, slik at menneska som skal bu her etter oss skal få oppleva det same. Med kunnskapsrike vaksne som gjer barna gode verdiar, holdningar og kunnskap vil barna kunna få ein begynnande forståelse for bærekraftig utvikling. Nysgjerrige og undrande barn vil ta med seg desse erfaringane til seinare i livet og kunna handla og nyttiggjera seg av naturen og ressursane på ein god og bærekraftig måte.

Slik gjer me det i praksis:

  • Personalet har fokus på å skapa gode vanar for barna som dei tek med seg vidare i livet
  • Plukka med oss søppel frå naturen når me er på tur
  • Barna får erfaring med gjenbruk og bruk av naturmateriale i ulike aktivitetar
  • Behandla leiker og utstyr på ein måte som gjer at dei varer
  • Vera bevisste på kor mykje mat me kaster og reflektera over kva me kan gjera for å minska matsvinnet
  • Barna får erfaring med kjeldesortering
  • Barna får leika og læra i, og om naturen
  • Barna får kjennskap til naturen som ressurs, t.d. laga mat av lokale råvarer
  • Barna får kjennskap til mangfaldet i naturen

 

1.9 Livsmestring og helse

Barnehagen skal ha ein helsefremmande og førebyggjande funksjon og bidra til å utjamna sosiale ulikheitar. Livsmestring handlar om å utvikla ferdigheiter og tilegne seg praktisk kunnskap som hjelper den enkelte til å handtera medgang, motgang, personlige utfordringar, alvorlege hendelsar, endringar og konflikter på en best mogleg måte, samt å skapa ein tryggheit og tru på eigne evner til å mestra i fremtida. Gjennom å ho fokus på livsmestring og helse skal me førebyggja krenking og mobbing, og førebyggja og oppdaga barn som er utsett for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Likså viktig som den fysiske helsa er òg den psykiske helsa – barnehagen skal bidra til barna sin trivsel, livsglede, meistring og følelse av eigenverd.

Slik gjer me det:

  • Tilrettelegga for at alle opplever meistring
  • Bidra til at alle barn utvikler eit positivt sjølvbilde
  • Støtter barna i å meistra motgang og handtera utfordringar
  • Støtta barna i å verta kjende med eigne, og andre sine følelsar
  • Barnehagemiljøet skal bæra preg av meistring
  • Det er rom for alle følelsar i barnehagen
  • Gode rutiner for å førebygga mobbing og krenkelsar:
    • Observera barna med jamne mellomrom med fokus på om barnet har eit trygt og godt barnehagemiljø
    • Personalet har kompetanse og kunnskap om korleis arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø, og låg terskel for å setta inn tiltak om ein er usikre på om eit barn har eit trygt og godt barnehagemiljø
  • Alle barn får mulighet til kvile i løpet av dagen
  • Personalet har kunnskap om korleis dei kan forebygga og oppdaga om barn vert utsatt for omsorgssvikt, vald eller overgrep

 

  • Barnehagen arbeider systematisk med tidleg innsats og fokus på BTI – betre tverrfagleg innsats
  • Fokus på å læra barna sunne og gode matvanar

 

2. Formålet med og innhald i barnehagen

2.1 Omsorg

Det viktigaste for barns trivsel, utvikling og læring er å føla seg trygge. For å skapa trygghet for barna treng me vaksne som viser omsorg, rettleier, set grenser og er gode førebilde gjennom haldningar og væremåte. Personalet i Sekse barnehage og SFO arbeider for å vera vaksne som ser barnet som eit unikt og kompetent menneske som medverkar til å skapa sitt eige tilvære. Her skal alle barn oppleva at dei vert sett, høyrt, forstått og respekterte, og dei skal få den hjelpa og støtten dei har behov for.

Slik gjer me det:

  • Personalet har fokus på å bygga grunnleggande gode relasjonar med barna
  • Personalet ser kvart enkelt barn, og deira ulike behov
  • Barna vert møtt på sine premiss og med sine føresetnader
  • Personalet er varme og trygge vaksne
  • Ved oppstart får barnet tildelt ein primærkontakt som har ansvar for å bygga god relasjon til barnet, kommunikasjon med heimen og sikra barnet ein god start
  • Personalet oppmuntrar og støttar barna til å uttrykka kjenslene sine
  • Personalet er sensitive for kva barna uttrykker og følger opp behovet deira for omsorg

 

2.2 Leik

For barn er leiken ein naturleg tilstand og eit mål i seg sjølv. Gjennom leiken utforskar og prøver barnet ut eigne evne til omsorg, handling, mot og innleving. Difor er det viktig å ikkje berre sjå leiken som eit pedagogisk verkemiddel for å fremmja læring og utvikling. Ut frå nyare forsking veit me at i barn si utvikling er leiken det som best utviklar barnas ibuande moglegheiter, og at leik og utvikling påverkar kvarandre gjensidig.

Barn som ikkje har erfaring, eller kunnskaper om leik kan ha vanskeleg for å sjå, og forstå leikesignala. Dette kan føre til at dei ikkje deltek i leiken og i fellesskapet. Vaksne må vera støttande stillas for barna, og læra dei ulike måtar å leika på slik at dei kjem inn i leiken på sine premiss. Grunnleggjande for dette arbeidet er at barna føler seg trygge og verdsett slik at dei torer å prøva, utforska, oppdaga og lytta til kva andre formidlar. Det er samstundes viktig at ein jobber med å ha eit inkluderande og aksepterande klima i barnegruppa.

Slik gjer me det i praksis:

  • Personalet er støttande stillas for borna i leiken, lærer dei ulike måtar å leika og å koma inn i leiken på.
  • Personalet verner om leiken og er bevisst leiken sin verdi
  • Personalet er tilgjengelig i leiken, enten som deltakar, observatør eller tilretteleggjar
  • Romma er tilrettelagt for ulike typar leik og barna har tilgang til eit utval av leiker og materiell
  • Personalet observerer kva barna er interessert i og legg til rette rom og miljø ut i frå dette, og vidare inspirerer barna til å utvida leiken
  • Personalet har gode rutinar for observasjon slik at det vert fanga opp om barn har behov for ekstra støtte
  • Personalet har god dialog med føresette om kva og med kven barnet deira leikar med

 

2.3 Danning

Danning er ein prosess som foregår heile livet og handlar mellom anna om å utvikla evna til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Det handlar om å setja barna i stand til å tenka sjølve, søka kunnskap, reflektera over og vurdera vedtatte sanningar, stilla spørsmål og yta motstand på eigne og andre sine vegne. Danning er å utvikla kunnskap, verdiar og haldningar saman, gjennom dialog der alle vert anerkjent som sjølvstendige menneske med kjensler og tankar i ein felles prosess.

Den vaksne si rolla er å vera ein god samtalepartnar, samhandlingspartnar og rettleiar – og ikkje minst vita når ein bør vera tilstades. Noko av det viktigaste i danningsprosessen er å gje barna god sjølvkjensle slik at dei gjennom den kan forstå seg sjølv og andre.

Slik gjer me det:

  • Personalet viser respekt for barna sin kommunikasjon og viser interesse for det barnet uttrykker
  • Personalet filosoferer ilag med barna og stiller gode spørsmål som utfordrer til å reflektere sjølv
  • Personalet har fokus på å gje barna ei god sjølvkjensle; barna får bekrefte sine tankar og kjensler, opplever å verta tatt på alvor og få tillit, opplever å få bidra i fellesskapet og opplever meistring

 

2.4 Læring

Barn kan læra gjennom alt dei opplever og erfarer på alle område. Læring i barnehagen vil vera prega av kvaliteten i samspelet mellom barn og personale. Det å gi barna mestringskjensle aukar barna si lyst til vidare utforsking, læring og utvikling, og styrkjer sjølvkjensla. I Sekse barnehage legg personalet vekt på at barna lærer ting dei har nytte av her og no, men legg også til rette for læring barnet vil ha nytte av seinare – barnehagen skal vera ei oppdagingsferd for barnet her og no, men også ein treningsarena for vidare skulegang og livsprosjekt.

Slik gjer me det:

  • Personalet tek utgangspunkt i det barna allereier interessert i og byggjer vidare på dette
  • Personalet legg vekt på ein anerkjennande væremåte i høve barn si læring
  • Personalet er merksame på interessene til barna og legg til rette for læring i ulike situasjonar og aktivitetar
  • Barna får rike og varierte opplevingar, og personalet nyttar spontane moglegheiter til læring
  • Personalet skapar eit stimulerande miljø på avdelinga som innbyr til utforsking og undring, t.d. materiell i høve tema barna interesserer seg for, bøker, spel, leikekrokar med ulike tema
  • Personalet nyttar digitale verktøy for å finna informasjon saman med barna
  • Barna får ulike erfaringar i nærmiljøet der me vert invitert til å delta i ulike aktivitetar

 

2.5 Vennskap og fellesskap

Barnehagen er ein viktig del av barnas sosialiseringsprosess. Dette handlar om å utvikla seg som individ, fungera i gruppe, og i samspel med andre. Eit aktivt og tydeleg personale er nødvendig for å skapa eit varmt og inkluderande sosialt miljø. Anerkjennelse, tillit og trygghet er grunnleggande element for utvikling av sosial kompetanse.

Sosial kompetanse er eit sett av ferdigheter, kunnskaper og haldningar me treng for å meistra ulike sosiale miljø. (KD 2017). Det handlar blant anna om å kommunisera, og å kunna samhandla godt med andre i ulike situasjonar. Eit barn som samhandlar godt med andre kan både tilpassa seg fellesskapet og vera ein synlig deltakar som hevder sin plass.

I Sekse barnehage skal alle barn oppleva positivt samspel med andre og erfara at dei er verdifulle i fellesskapet. For å få til dette arbeider personalet for å vera varme og autoritative vaksne som er gode på å bygga relasjonar til barna, rettleiiande, tydelege i grensesetting og å sjølve gå foran som gode rollemodellar.

Illustrasjon av to barn som går hand i hand. Illustrasjon.
  • Oppleva eigeverd, akseptera seg sjølv, kjenna seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ei positiv haldning til seg sjølv
  • Tilpassa seg ulike situasjonar samstundes som deira initiativ, medverknad og medbestemming vert sikra
  • Gjennom empati og rolletaking skal barna visa innleving i dei andre sine kjensler, tankar og perspektiv
  • Barna skal kunna hevda seg sjølv og eigne meiningar på ein god måte
  • Leik, glede og humor handlar om leikeferdigheter som å kunna skilja leik frå annan aktivitet, tolka leikesignal, og å kunna la seg riva med og føla glede, spøka og ha det moro
  • Hjelpa, oppmuntra, dela med kvarandre, vera merksam og visa omsorg
  • Venta på tur, kunna utsetta eigne behov, medverka til kompromiss, innordna seg felles avgjersler og takla konflikt
  • Stå imot gruppepress
  • Bli med på leik og samtalar som alt er i gang – delta uoppfordra og invitera andre
  • Jobba målretta og langsiktig
  • Vera gode rollemodellar, samarbeida, vera lydhøyre for andre, balansera mellom å sleppa andre til og sjølv bidra i fellesskapet
  • Gjennomføra samspelsanalysar
  • Bygga gode relasjonar til barna, vera tydelege på grenser ved å gi beskjed om korleis me vil at åtferda skal vera – autoritative, varme og grensesettande vaksne
  • Støtta barna i deira utvikling, stillasbygging
  • Legga opp til individuell tilpassing, oppgåver og ansvar innanfor barnet si næraste utviklingssone
  • Gjera alt ein kan for at kvart einskild barn skal lukkast som sjølvstendige sosiale individ

2.6 Kommunikasjon og språk

Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Erfaringar og opplevingar, samtalar og uttrykk er viktig for å utvikla eit godt språk, både verbalt og kroppsleg. Små barn utan verbalt språk kommuniserer ved hjelp av andre uttrykk som mimikk og rørsle. Barnet gir meldingar og innspel som omsorgspersonane må tolka og ta omsyn til. Korleis barnet sitt potensial for utvikling blir ført vidare er avhengig av om og korleis miljøet rundt barnet klarar å gi barnet den støtte det treng. Dette er avhengig av miljøet si evne til å ta i mot bodskapen til barnet og gi konstruktiv respons på den. Språkutviklinga skjer gjennom sosialt samspel og er ein del av barnet si kognitive utvikling. Me ynskjer å legga til rette for at barna skal kunna utvikla eit rikt og variert språk. Me legg til rette for aktiv språkbruk for alle barn, og fokuserer på at dei vaksne er gode språkmodellar.

Slik gjer me det:

  • Samlingsstunder med eventyr, songar, regler og dikt. Me brukar ofte konkrete gjenstandar i formidlinga, gjenstandar og figurar som er relevante i forhold til det teksten handlar om
  • Språkgrupper. Me oppmuntrar fleirspråklige barn spesielt til språklig aktivitet. Me støtter barn med kommunikasjonsvanskar og forsinka språkutvikling.
  • Faste lesestunder.
  • Lesing ved bruk av digitale verktøy.
  • Daglig kommunikasjon i naturlege situasjonar
  • Leik i eit språkstimulerande læringsmiljø
  • Besøk på biblioteket

 

3. Arbeidsmåtane til barnehagen

3.1 Arbeidsmåtar

Det pedagogiske innhaldet i Sekse barnehage er under kontinuerlig utvikling. Planlegginga vert basert på kunnskap om born si utvikling og læring, både individuelt og i gruppe, på observasjon og dokumentasjon, systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre.

“Barnehagens innhald skal vera allsidig, variert og tilpassa enkeltbarnet og barnegruppa. I barnehagen skal barna få leika og utfolda skaperglede, undring og utforskartrang. Arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk skal sjåast i sammenheng og samla bidra til barns allsidige utvikling” (KD 2017)

I Sekse barnehage tek me utgangspunkt i barna sine erfaringar og interesser, og varierer mellom spontane og planlagte aktivitetar. Kvar dag vert barna delt i mindre grupper slik at me sikrar at alle vert sett, hørt og får tilpassa aktivitet ut frå alder og utvikling. Me arbeider ofte ut frå tema eller mindre/større prosjektarbeid ut frå barna sin medverknad.

 

3.2 Tilvenning

Ei god tilvenning i barnehagen er viktig for at barnet skal få ein best mogleg start i sin nye kvardag. Ein mjuk start gir eit godt grunnlag for ein god barnehagekvardag. Det er store individuelle forskjellar på kor raskt eit barn venner seg til sine nye omgivnader, og der enkelte barn finn seg raskt til rette vil andre bruka noko lengre tid. Dette finn me ut av i samarbeid med heimen når barnet begynner.

For å gjere tilvenninga meir glidande oppmodar me om å koma innom på besøk i forkant av tilvenninga, slik at barnet kan møta dei vaksne, barna og gjera seg litt kjent både ute og inne i barnehagen. Før oppstart tar barnehagen kontakt for å avtala heimebesøk. Når bornet kjem på tilvenning vil de få tildelt ein primærkontakt som har særskilt ansvar for å fylgja opp born og foreldre. Primærkontakten skal vera bornet sin trygge base og skapa eit trygt fundament for bornet den første tida. Barna kan gjerne ta med ein kjent bamse, klut, leika eller noko som betyr noko for bornet. Detta kan minna om mor/far og representera tryggleik, og kan hjelpa til å gjera overgangen til barnehagen litt lettare.

Ein god start for både barn og foreldre er viktig, og ein gjensidig og varm kommunikasjon mellom personal og føresette vil ha ein positiv effekt for trivnaden til barnet. Når personalet ser barn og foreldre saman vil dei få informasjon om korleis barnet kommuniserar og barnet sine vanar. Denne informasjonen bidrar til at personalet seinare kan kjenna att signala og lettare tolka barnet sitt behov.

Slik gjer me det:

  • Pedagogisk leiar sender ut velkomstbrev i god tid før barnet startar i barnehagen
  • Foreldre og barn kan koma innom på besøk i forkant av tilvenninga
  • Pedagogisk leiar avtalar heimebesøk før tilvenning
  • Barnet får tildelt ein primærkontakt som har ansvar for å bygga ein god relasjon til barnet og ha kommunikasjon med foreldra den første tida
  • Foreldra bør setta av minimum 1 veke til tilvenning
  • Personalet er tett på og sender melding/ringer til føresette for å fortelja korleis barnet har det

 

3.3 Progresjon

Progresjon i barnehagens innhald er noko som vert vektlagt i rammeplanen. Det står blant anna at:

«Alle barna skal kunne oppleve progresjon i barnehagens innhold, og barnehagen skal legge til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leke-, aktivitets- og læringsmuligheter. Personalet skal utvide og bygge videre på barnas interesser og gi barna varierte erfaringer og opplevelser.» (KD 2017: 44)

Progresjon kan tenkast både lineært (t.d. eplefrø – eple – epletre – fleire eple) og meir komplekst (eplejuice – smak – lukt – taktilt – eple – bruksområde – epletre – klatring osv.) Personalet arbeider for å skapa eit tillegg til det barna opplever, erfarer og erkjenner, og utvider det barna allerede er interesserte i. Det handlar ikkje om fasitsvar, men om prosessen der barna opplever, erfarer og reflekterer og sjølv oppdager samanhengar og skaper teoriar om verden rundt seg.
I vår barnehage legg me vekt på at det skal vera ein naturleg progresjon mellom dei ulike avdelingane, men og at det vert tilrettelagt for progresjon i gruppa og individuelt. Det krever at personalet oppdager kva barna er opptatt av, legg til rette for meistring og passelege utfordringar, introduserer nye perspektiv og planlegg for progresjon for alle barn.

 

3.4 Barns medverknad

Alle barn i barnehagen, uavhengig av alder og utvikling, har lovfesta rett til å medverka til eigen kvardag i barnehagen. Medverknad kan tolkast på ulike måtar, og i Sekse barnehage tolkar me omgrepet i ein vid forstand der medverknad gir barn fysisk og psykisk rom til å uttykkje seg, og samhandla med andre. Me tek omsyn til kvart enkelt barn, samstundes som me tar omsyn til barnegruppa og fellesskapet.

Barn gir uttrykk for korleis dei har det og korleis dei oppfattar eigen situasjon gjennom kroppslege signal, ved hjelp av verbalspråket og gjennom andre uttrykksmåtar som teikning og leik. Personalet observerer og følgjer opp uttrykka til barna og bruker dei vidare spontant og i planlegging. Nokon av måtane å gjera det på er t.d. ved å bruka praksisforteljingar, bildedokumentasjonar og å vurdera saman med barna. Me har fokus på å skapa faste møteplassar der barna får uttrykka seg og gi sitt syn på innhaldet i barnehagen. Slike møteplassar kan t.d. vera samlingsstund, rundt fruktmåltidet og planlagde barnesamtalar.

Medbestemming er ein del av medverknad og handlar om å vera med å bestemma og å ta beslutningar. Barn har rett til å få muligheten til å ta beslutningar for seg sjølv, men samtidig er det viktig at me har med oss at barna heller ikkje skal få meir ansvar enn dei er rusta til å ta. Barna må ikkje stillast til ansvar for å ta avgjersler dei ikkje er klare for.

 

3.5 Vurdering

Vurdering er ein føresetnad for endring og utvikling av innhaldet i barnehagen. Ved å vurdera internt må me sjå på eigen praksis og reflektera rundt om praksisen samsvarar med måla våre. Vurderingane gjer me med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå barn og føresette, observasjonar, barnesamtalar og personalet sine refleksjonar. I Sekse barnehage vurderer me både fortløpande på ulike møtearenaer i barnehagen, og halvårleg. Målet med vurderingane er å skapa ein god barnehage for enkeltbarnet.

Slik gjer me det:

  • Gjennom heile året: evaluering av eigen praksis på bakgrunn av tilbakemeldingar frå barn, føresatte og andre som er tilknytt barnehagen
  • Oktober – foreldremøte der foreldra kjem med tilbakemeldingar til barnehagen på sterke sider og utviklingsområder
  • November – foreldreundersøking der foreldre får gi sitt synspunkt på barnehagen
  • Desember – halvtårsvurdering i personalgruppa
  • Januar – barnehagen evaluerer praksis ut frå halvårsvurdering og foreldreundersøking
  • April – foreldremøte med vurdering av ulike fokusområde som barnehagen ynskjer å få fleire synspunkt på, valgt ut frå foreldreundersøkinga
  • Mai/juni – årsvurdering i personalgruppa
  • Oppstart og førebuing av ekstern vurdering planlagt hausten 2023

 

Illustrasjon i blått av barn som slår ut med hendene, oppgitt. Illustrasjon.

4. Overgangar

4.1 Heim/barnehage

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. Når barnet byrjar i barnehagen, skal personalet sørge for tett oppfølging, slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære. Sjå meir informasjon om tilvenning under kapittel 3.2 Tilvenning

 

4.2 Internt i barnehagen

I Sekse barnehage har me to avdelingar, og i løpet av barnehagetida vil det skje ein overgang frå småbarnsavdeling til storbarnsavdeling. Overgangen til ny avdeling inneber mange endringar for barnet; nye vaksne, ny garderobeplass, nye rom, nye barn, større barnegruppe, nye rutinar m.m. Det er stor forskjell frå å vera eldst på småbarnsavdeling til å bli yngst på storbarnsavdeling. Det er viktig at personalet er bevisst denne overgangen og arbeider med tilvenning til ny avdeling. Dette inneber at avdelingane må samarbeida tett slik at personalet på småbarnsavdelinga kan arbeida for å førebu barna i god tid.

Slik gjer me det:

  • Samarbeid mellom avdelingane gjennom heile året på morgon og ettermiddag, men òg ellers ved behov. Dette fører til at alle barn vert trygge på alle barn og vaksne i barnehagen
  • Tett samarbeid med foreldre gjennom til dømes foreldresamtalar og i dagleg kontakt
  • Overgangssamtalar der informasjon om barnet vert formidla
  • Roleg tilvenningsperiode i starten av nytt barnehageår, der fokus er å byggja gode relasjonar
  • Småbarnsavdelinga lånar lokala til storbarnsavdelinga når den er ledig slik at barna kan utforska lokala innanfor trygge rammer

 

4.3 Frå barnehage til skule

Barnehagen skal i samarbeid med Opedal skule og føresette legga til rette for at barna får ein trygg og god overgang til skulen.

Heile siste året i barnehagen har førskulegruppa ein fast dag i veka med eige opplegg i førskuleklubben. I klubben får barna undra seg, vera nysgjerrige, leika, læra og ha det moro på veg til skulen. Barna får gjennom å verta fylgde opp av vaksne leggja grunnlaget for å utvikla ferdigheter som er viktige både her og no og vidare i livet. Arbeid med sosial kompetanse, språk, sjølvregulering og matematikk er områder som er sentrale i klubben. I løpet av året vert det oppretta samarbeid med Veisane barnehage der det og går barn som skal begynna i 1. klasse på Opedal skule. Førskulegruppene besøker kvarandre sine barnehagar og har ulike aktivitetar ilag slik at dei kan verta litt kjent før skulestart. Dette er med på å skapa ei byrjande klassekjensle for barna.

Slik gjer me det:

  • Opprette førskuleklubb for førskulegruppa
  • Innskriving på Opedal skule (barn og føresette)
  • Opprette samarbeid med Veisane barnehage
  • På skule/SFO besøk
  • Overgangssamtale med skulen (må ha samtykke frå føresette)
  • Avslutningstur til Mikkelparken

 

5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen

5.1 Foreldra sin medverknad

Foreldra kjenner barnet sitt best og er dei viktigaste omsorgspersonane for barna sine. Difor er dei òg ein viktig ressurs for barnehagen som me ønskjer å ha eit nært og godt samarbeid med. God kommunikasjon mellom personal og foreldre er ein føresetnad for godt samarbeid. Barnehagen ønskjer regelmessig kontakt og at samarbeidet skal bygga på gjensidig tillit og respekt.

Samarbeidsformer som skal sikra foreldra sin medverknad:

  • Dagleg kontakt når barna kjem, og når barna vert henta i barnehagen
  • Foreldremøte, ein til to gongar i året
  • Foreldresamtalar, to gongar i året – og elles ved behov
  • Oppstartsamtalar/møte med nye foreldre
  • Samarbeidsutval og foreldreråd
  • Årsplan, månadsplanar
  • Bildekollasjar jamnleg
  • Dokumentasjon
  • Vera åpne for innspel, og ta dei på alvor
  • Vera bevisste på foreldra sin rett til medverknad
  • Sjå foreldra som ein ressurs
  • Brukarundersøkingar
  • Ulike arrangement som foreldrekaffi, påskefrukost og sommaravslutting
  • Dugnadar

 

5.2 Planlegging og vurdering

“Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gi barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngitt i barnehagelova og rammeplanen.” (KD 2017)

Barna får delta i planlegging og vurdering via daglege samtalar, barnesamtale og barnemøter. Føresette får delta i planlegging og vurdering på foreldremøte og foreldresamtalar og ellers innspel som kjem fram i dagleg kommunikasjon. Innspel vert tatt med i vidare planlegging. Planlegging vert gjort årleg (årsplan) og for ein månad/veke om gongen (månad/vekeplan), og er eit utgangspunkt for det pedagogiske arbeidet. For meir informasjon om vurdering sjå punkt 3.6.

Slik gjer me det:

  • Foreldra får tilsendt månadsbrev ein gong i månaden med informasjon om tema/mål for komande periode
  • Kvar fredag vert det sendt ut dagbok frå avdelinga med bilder og tekst frå den veka
  • Revidering av årsplanen kvart år
  • Gjennomgang av verdiar som Sekse Barnehage står for
  • Arbeid med Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver, og anna rammeverk gjennom året
  • Kontinuerleg evaluering av eigen praksis
  • Oppstart av ekstern vurdering

 

5.3 Foreldremøter og foreldresamtalar

Det vert invitert til to foreldremøter kvart barnehageår. Her vil det vere ulike tema, informasjon, tilbakemeldingar osb. Me vil ha fokus på samarbeid mellom heim og barnehage, og korleis me på best mogleg måte kan h tilretteleggje for at barna får gode og utviklande dagar her i barnehagen.
Det vil òg vere rom for at foreldra har Foreldreråd i forbindelse med foreldremøtet.

Foreldra får tilbud om foreldresamtale ein gong på hausten og ein gong på våren. Her vert det tatt opp tema som barnehagen eller heimen ynskjer å samtala om. Stort sett handlar det om einskildbornet sin trivnad og utvikling. Er det ynskje eller behov for det kan foreldra, eller barnehagen be om til fleire samtalar.

 

5.4 Foreldreundersøkinga

Ein gong i året, i november, skal barnehagen sende ut ei foreldreundersøking via UDIR sin nettportal. I foreldreundersøkinga får føresette sei si meining om barnehagetilbodet kring barna sin trivsel, utvikling, informasjon, barnehagen sitt fysiske miljø og samarbeidet mellom heim og barnehage m.m.

Undersøkinga har omlag 30 spørsmål. Resultata frå Foreldreundersøkinga vert brukt av barnehagen og styrar som ein hjelp til å vurdera og utvikla barnehagetilbodet. Når resultat frå undersøkinga føreligg vil barnehagen bruka denne informasjonen i dialogen med foreldrene t.d. på foreldremøte.

 

5.5 Visma Flyt Barnehage

Sekse barnehage og SFO nyttar Visma Flyt Barnehage-appen som teneste kor du som foresatt enkelt kan kommunisera med barnehagen, samt enkelt følge med på ditt barns kvardag i barnehagen. Det er ynskjeleg at foreldre/føresette laster ned denne slik at informasjon og daglege beskjedar kjem fram. Det presiserast at appen ikkje skal overta den daglege dialogen kring barnet sin utvikling.

Med Min Barnehage-appen kan du enkelt:

  • Motta og sende meldinger med barnehagen
  • Registrera feriar og anna fråvær
  • Motta dagbok og anna informasjon som fortel om barnets små og store opplevingar i barnehagen
  • Gi eller avslå samtykker

 

Illustrasjon av eng i blåtonar. Illustrasjon.