Årsplan Aga barnehage – 2023/2024
Bakkgrunn
Lov om barnehage § 2 (ledd 9) barnehagens innhold:
Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalet for kvar barnehage fastsetje ein årsplan for den pedagogiske virksomheiten.
Rammeplan for barnehage
«Barnehagen skal utarbeide ein årsplan. I tillegg skal det utarbeidast planar for kortare og lengre tidsrom og for ulike barnegrupper etter behov. Årsplanen er ein arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og grunngivingane til barnehagen. Årsplanen kan gi informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til myndigheitsnivåa, samarbeidspartane til barnehagen og andre interesserte.
Styraren skal leie prosessen med å utarbeide årsplanen. Årsplanen skal fastsetjast av samarbeidsutvalet i barnehagen. Årsplanen skal vise korleis barnehagen vil arbeide for å omsetje formålet og innhaldet i rammeplanen og dei lokale tilpassingane i pedagogisk praksis. Årsplanen skal mellom anna vise korleis barnehagen arbeider med omsorg, leik, danning og læring. Her må også progresjon tydeleggjerast. Ein skal synliggjere korleis medverknaden frå barn og foreldre blir teken inn i planleggingsarbeidet, og korleis barnehagen vurderer det pedagogiske arbeidet sitt. Det skal og komme fram korleis barnehagen arbeider med tilvenjing av nye barn og sikrar samarbeid og samanheng med skulen.»
(Rammeplan for bhg 2017).
Ullensvang kommune
Ullensvang kommune har som mål at alle barn og unge skal ha like sjansar uavhengig av sosial, kulturell, språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive, fysiske skilnadar og utgangspunkt.
Visjonen til sektor for oppvekst og utdanning er: “Ulike utgangspunkt – like sjansar”.
Det overordna satsingsområdet er at det skal vera ein utviklande, utfordrande og sunn kommune for alle barn og unge.
Det krev inkluderande fellesskap og tidleg innsats for å få det til.
Alle barn har rett til eit trygt, godt og inkluderande barnehage- og skulemiljø.
Historikk
Aga barnehage vart oppretta av Ullensvang sokneråd i 1977. Barnehagen held til i det gamle skulebygget på Syreflot (byggjefeltet på Aga). Fram til 1987 var barnehagen drive som ein korttidsbarnehage i samarbeid med Jåstad og Nå. Bygget vart samstundes brukt til skule for klassestega 1. – 3. klasse.
I 1986 overtok Ullensvang herad barnehagen, og det vart vedteke at skulen på Aga skulle byggjast om til heildagsbarnehage. Den nye barnehagen stod klar hausten 1987, med plass til 21 barn over 3 år. I 1995 kom det ynskje om småbarnsavdeling på Aga. Hausten 1996 vart 2. etasje omgjort til ein førebels småbarnsavdeling. Barnehagen vart påbygd, det nye bygget stod klart januar 2004. Då fekk vi flytta småbarnsavdelinga ned og begge avdelingane kom på eit plan. 2. etasje vert no brukt til kontor, arbeidsrom, materialrom, pauserom, møterom og gruppeaktivitetar for barna. Gymsalen i kjellaren vart pussa opp i 2010, og fekk støyplater i 2019. I januar 2020 var det kommunesammenslåing, ny eigar av
barnehagen er Ullensvang kommune.
Aga barnehage har i dag ein småbarnsavdeling Tytebærtuo (Tuo) med plass til 12 barn (24 plassar) og ein storbarnsavdeling: Blåbærsteinen (Blå) med plass til 22 barn. Opningstida for barnehagen er frå kl. 06.45 til kl. 16.15.
Frå hausten 2023 vert det 29 plassar totalt i barnehagen.
Barnehagen sin visjon og hovudmål
Aga barnehage – Ein god start saman!
Hovudmål: Gje alle barn som går i Aga barnehage opplevinga av den gode barndom!
Dagens barn har store delar av dagen sin i barnehage. Vi vil at kvar dag skal vera fylt av leik, trivsel, tryggleik, humor og glede, der barn skal få vera barn. Dei skal få vera i barndommen og forska på verda. Dagane skal vera innhaldsrike og meiningsfulle for dei, samtidig som barna skal få tid og rom til bare å vera!
Barnehagen sitt samfunnsmandat
Barnehagens formål og samfunnsmandat er nedfelt i barnehageloven § 1:
«Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.»
Ansvar og roller
«Barnehageeigaren og alle som arbeider i barnehagen, skal saman bidra til å oppfylle måla og krava i rammeplanen med utgangspunkt i dei erfaringane og den kompetansen dei har.”
(Rammeplan for barnehagar 2017:15)
Verdigrunnlaget i barnehagen
«Verdigrunnlaget til barnehagen skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle delar av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Barndommen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling. «Verdigrunnlaget til barnehagen skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle delar av det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Barndommen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling.
(Rammeplan for barnehagar 2017:1)
Kjerneverdiar i Aga barnehage
Aga barnehage har valt fire kjerneverdiar. Desse har vi jobba med og reflektert rundt. For at vi skal ha ei felles forståing kva kvar verdi betyr i praksis for oss i Aga barnehage.
Omsorg
- Gode relasjonar mellom barn – barn og barn – vaksen!
- Barna skal vera trygge i barnehagen!
- Dei vaksne skal sjå kvart enkelt barn!
- Barna skal trivast i barnehagen!
Likeverd
- Tydlege, varme og grensesettande vaksne!
- Vera inkluderande vaksne!
- Dei vaksne tek barna på alvor!
- Dei vaksne gir barna ein føreseieleg barnehagekvardag!
Annerkjenning
- Visa forståing for barna sin ståstad!
- Bekreftelse – eg godtek deg som du er! Bra nok!
- Visa barna respekt ved å stille opne spørsmål!
- Barna skal vera trygge og utvikla eit godt sjølvbilete!
Medverknad
- Barna skal ha medverknad i forhold til alder og modning.
- Dei vaksne skal legga tilrette for at barna deltek og er med på vurdering!
- Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til!
- Dei vaksne skal observera for å fanga opp dei ulike uttrykka og behova til barna
Pedagogrolla - vaksenrolla
«Barnehagen er ein lærande organisasjon der heile personalet skal reflektere rundt faglege og etiske problemstillingar, oppdatere seg og vere tydelege rollemodellar. Dei skal sørgje for gode relasjonar mellom barna i gruppene, mellom barna og personalet og mellom personalet og foreldra»
(Rammeplan for barnhagar 2017: 15).
I Aga barnehage har vi jobba med og held fram med å ha fokus på vaksenrolla i barnehagen. Dette fordi vi meiner gode relasjonar mellom barn – vaksne og barn – barn og vaksne som er tilstade er noko av det viktigaste i vår jobb.
”Barnehagen må utvikle en felles forståelse for barnehagens pedagogiske praksis. Det vil si at lederteamet er ansvarlige for å utvikle en felles forståelse for hva som betraktes innenfor og utenfor rammen i den enkelte barnehage. Fokuser på de voksnes holdninger og handlinger, for eksempel gjennom begrepene være og gjøre.”
”Voksnes syn på barn påvirker barns syn på voksne.»
Modellen nedfor er henta frå Kari Pape si bok: “Lek og inkludering i barnehagen”, den tar for seg motsetningar i vaksne sine haldningar og veremåtar – om “å være” og “å gjøre”. I Aga barnehage streber vi etter å vera vaksne som er på den høgre sida. Då er vi innenfor ramma.
Voksne i forbifarta | Voksne tilstede her og nå |
---|---|
Voksne i forbifarta Voksen som slukker brann (reaktivt adferdsmønster) | Voksne tilstede her og nå Voksne som røykvarslere (proaktivt reaksjonsmønster) |
Voksne i forbifartaVoksne som overvåker | Voksne tilstede her og nåVoksne som deltar i leik |
Voksne i forbifartaVoksne som lar seg forstyrre | Voksne tilstede her og nåVoksne som prioriterer samværet med barna høyest |
Voksne i forbifartaVoksne som er regelstyrt eller tillegger barna hensikter | Voksne tilstede her og nåVoksne som tar barna perspektiv |
Voksne i forbifartaVoksne som ser alt fra voksnes ståsted | Voksne tilstede her og nåVoksne som er i leikemodus og lar seg rive med |
Voksne i forbifartaVoksne som følger klokka | Voksne tilstede her og nåVoksne som ser an og er fleksible med tanke på tiden |
Voksne i forbifartaVoksne som passive i barns leik | Voksne tilstede her og nåVoksne som er aktive i barns leik |
Voksne i forbifartaVoksne som har et ovenfra-og-ned-perspektiv | Voksne tilstede her og nåVoksne og barn som deler fokus |
Voksne i forbifartaVoksne som ser på barn som mindreverdige | Voksne tilstede her og nåVoksne og barn som likeverdige |
Voksne i forbifartaVoksne som styrer barn gjennom bruk av ris/ros/straff/belønning | Voksne tilstede her og nåVoksne og barn som anerkjenner hverandre |
Der det er barn, bør det vera ein vaksen. Der kor det finst vaksne frå før, treng ein sjeldan fleire.
Barn og barndom
«Barnehagen skal anerkjenne og verne om eigenverdien til barndommen. Å bidra til at alle barn som går i barnehage, får ein god barndom som er prega av trivsel, vennskap og leik, er fundamentalt. Barnehagen er òg ei førebuing til aktiv deltaking i samfunnet og bidreg til å leggje grunnlaget for eit godt liv.»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 8)
I tråd med vår felles forståing av vaksenrolla i barnehagen, er det viktig at personalet legg aktivt til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barn – vaksne og mellom barn – barn. Dette gjer vi mellom anna gjennom å ha ein føreseieleg kvardag, vaksne som er tilstades, vera gode rollemodellar, vera lyttande og anerkjennande.
Barnesyn i Aga barnehage
Dei vaksne i barnehagen skal:
-
- Jobba for å få gode relasjonar mellom vaksne – barn og barn – barn
- Vera tydlege, varme og grensesettande vaksne
- Vera lyttande vaksne
- Vera i barnehagen for barna sitt beste
Livsmestring og helse
«Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Barnas fysiske og psykiske helse skal fremjast i barnehagen.»
«Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi, og han skal førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever å bli krenkt eller mobba, må barnehagen handtere det, stoppe det og følgje det opp.»
(Rammeplan for barnehagar 2017:11).
Stortinget har vedteke endringar i barnehageloven, som skal gjelda frå 1. januar 2021. Det skal bidra til at:
“alle som arbeider i barnehagen, skal melde fra til barnehagens styrer dersom de får mistanke om eller kjennskap til at et barn ikke har et trygt og godt barnehagemiljø”
I vår barnehage arbeider vi kontinuerlig og systematisk med å fremme et trygt og inkluderende barnehagemiljø, og med å oppdage, undersøke og forebygge alle former for krenkelser. Vi stopper krenkelser og følger opp med egnede tiltak helt til barna opplever at de har et trygt og inkluderende miljø.»
«Barns trivsel – dei vaksne sitt ansvar!»
Formålet med og innhaldet i barnehagen
1. Omsorg
“Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal utvikle empati og nestekjærleik. Barnehagen skal gi barna høve til å utvikle tillit til seg sjølve og andre. I barnehagen skal alle barn oppleve at dei blir sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for omsorgsfulle relasjonar mellom barna og personalet, og mellom barna sjølve, som grunnlag for trivsel, glede og meistring. Personalet skal arbeide for eit miljø som ikkje berre gjer barna til mottakarar av omsorg, men som òg verdset omsorgshandlingane til barna”
(Rammeplan for barnehagar 2017: 19).
Rammeplanen seier at personalet skal:
- bidra til å dekkje barnas behov for fysisk omsorg, inkludert behovet for ro og kvile leggje til rette for at barna kan knyte seg til personalet og til kvarandre
- sørgje for at alle barn trivst, føler seg trygge og føler tilhøyrsle i barnehagen møte alle barn på ein open, varm og interessert måte og vise omsorg for kvart enkelt barn
- vere lydhøyre for kva barna uttrykkjer, og prøve å oppfylle behovet deira for omsorg på ein god måte
- støtte og oppmuntre barna til å vise omsorg for andre og til sjølve å kunne ta imot omsorg
- bidra til at barna kan utvikle tillit til seg sjølve og andre
Omsorg er ein av kjerneverdiane i Aga barnehage. Den skal prega alle situasjonar i kvardagslivet og komma til uttrykk når barn leikar og lærar, i stell, måltid og påkledning. Omsorg er nært knytt til danning og er ein viktig føresetnad for barn si utvikling og læring. Det er gjennom omsorga og danning vi skal vera med å gjera barna trygge, slik at føresetnaden for trivsel og utvikling er tilstade.
Omsorg
Personalet i Agabarnehage skal sørge for:
-
- Gode relasjonar mellom barn – barn og barn – vaksen!
- At barna er trygge i barnehagen!
- Å sjå kvart enkelt barn!
- At barna trivs i barnehagen!
2. Leik
«Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling.
Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.
Personalet skal:
- organisere rom, tid og leikemateriale for å inspirere til ulike typar leik
- bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema
- fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik
- observere, analysere, støtte, delta i og gjere leiken meir verdifull på barna sine premissar rettleie barna dersom leiken medfører uheldige samspelsmønster
- vere bevisste på og vurdere si eiga rolle og deltaking i leiken og ta initiativ til leik og aktivt bidra til at alle kjem inn i leiken.»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 20)
Leiken har mange sider
Nedanfor ser de korleis sider av leiken påverkar kvarandre. T.d. eit barn med godt språk vil kome lett inn i leik. Samstundes kan deltaking i leik styre språket til eit barn som ikkje har så godt utvikla språk.
Læring
Prøva ut roller, bruka forskjellig materiale, leik rundt spesielle prosjekt, vera nysgjerrig, forske med «hovud og kropp», meistre nye utfordingar.
Sosial kompetanse
Å kunna samspela med andre, spørje om å få vera med, invitera andre inn i leiken, ta omsyn til kvarandre, forstå andre sine ynskjer, styra eller innordna seg i ulike rollar.
Språk
Samtale, fabulera, på lat, forstå dei andre i leiken, sette namn på og knytte omgrep til utstyr og rekvisittar som brukas i leiken.
Medverknad
Eg kan og det eg gjer vert verdsatt og har noko å sei for andre, mine forslag kan verta til ein morosam leik, eg får til å halda på lenge med det eg likar å gjera.
Venskap
Knytte kontaktar, glede seg saman med andre, oppleving av at nokon likar deg for den du er, oppleva å vera ueinig, for så og einas igjen, øva på å gje og ta, ha nokon som ventar på deg og saknar deg når du ikkje er i barnehagen.
3. Klubben
Klubben er for dei eldste barna i barnehagen, som skal byrja på skulen neste haust. Klubben startar opp i september og avsluttast i slutten av mai med 3 skulebesøk.
Barna arbeidar etter eit eige årshjul med ulike tema som dei skal få kjennskap til og erfaringar med gjennom året. Målet er at barna skal få oppleva meistring og utvikla eit godt sjølvbilete.
I tillegg vert det supplert med kopierte aktivitetar og oppgåver frå mellom anna boka «Lekbasert læring».
Utanom desse emna kjem andre aktivitetar som turar og utflukter.
4. Danning
Barnehagen skal fremje danning
«Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å leggje grunnlaget for modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap.
Barnehagen skal fremje samhald og solidaritet samtidig som individuelle uttrykk og handlingar skal verdsetjast og følgjast opp. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet.
Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen. I barnehagen skal barna få delta i avgjerdsprosessar og vere med på å utvikle felles innhald. Barna skal støttast i å uttrykkje synspunkt og skape meining i den verda dei er ein del av. Gjennom samspel, dialog, leik og utforsking skal barnehagen vere med og sørgje for at barna utviklar kritisk tenking, etisk vurderingsevne, evne til å yte motstand og handlingskompetanse, slik at dei kan bidra til endringar»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 21).
Personalet skal
- leggje til rette for meiningsfulle opplevingar og støtte identitetsutviklinga og den positive sjølvforståinga til barna
- støtte barnas aktivitet, engasjement og deltaking i fellesskapet
- synleggjere og verdsetje ulike behov, meiningar og perspektiv i fellesskapet
- leggje merke til, anerkjenne og følgje opp barnas perspektiv og handlingar
- utfordre tenkinga til barna og invitere dei inn i utforskande samtalar
- synleggjere og framheve mangfald og ulikskap som grunnlag for opplevingar, utforsking og læring
Omgrepet danning vekker heilt andre assosiasjonar enn omgrepet oppdraging. Oppdraging viser til noko barnet er passiv mottakar av. Danning assosieras til noko barnet sjølv er ein aktiv deltakar i. Danning kan ein tenke seg er det å verta seg sjølv som menneske, i samspel med andre.
Danning er ein prosess der vaksne leier og rettleiar barna, slik at dei gradvis tar større ansvar for seg sjølv og fellesskapet. Det krev at vi stiller krav til barna og at ting får konsekvensar. Barn må få hjelp til å oppfatte kva rammer som er akseptable i samvær med andre. Praksis i Aga barnehage er som de ser ut i frå våre kjerneverdiar, dette med varme, tydlege og grensesettanda vaksne.
Vårt felles mål må vera at barna vert ansvarlege, ikkje lydige eller grenselause.
5. Læring
Barnehagen skal fremje læring
I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling.
Nysgjerrigheit, kreativitet, og vitelyst skal anerkjennast, stimulerast og leggjast til grunn for læringsprosessane. Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 22).
Rammeplanen seier at personalet skal
- sørgje for eit inkluderande fellesskap og leggje til rette for at barn kan bidra i eiga og andre si læring
- leggje til rette for heilskaplege læringsprosessar som fremjar trivsel og allsidig utvikling hos barna
- vere merksame på interessene og engasjementet til barna og leggje til rette for læring i ulike situasjonar og aktivitetar
støtte og bidra til barnas initiativ, undring, nysgjerrigheit, kreativitet, læringslyst og tiltru til eigne evner - utvide barnas erfaringar og sørgje for progresjon og utvikling i innhaldet i barnehagen støtte barnas refleksjonar rundt situasjonar, tema og fenomen og skape forståing og meining saman med dei
- sørgje for at alle barn kan få rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar»
Læring om seg sjølv, om andre menneske, om samspel og om den fysiske verda omkring, er prosessar som er med på å skapa meining i barn sitt liv. Barnehagen skal styrka barn si læring i formelle og uformelle læringsituasjonar. Dei formelle situasjonar er planlagt og leia av personalet. Uformelle læringsituasjonar er nærmare knytt til kvardagsaktivitetar, og i her og no situasjonar, i leik og anna samhandling. Det er ikkje formålstenleg å trekkja klart skilje mellom formelle og uformelle læringsituasjonar. Begge har ein pedagogisk intensjon.
Barn lærar gjennom alt dei opplev og erfarar. Korleis vi vaksne møter barna sitt uttrykk gjennom kropp, språk, følelsar og sosiale relasjonar har betyding for barnet si læring. Vi har tru på at barn lærer gjennom å gjera sjølv.
Læringssyn i Aga barnehage
Personalet i Aga barnehage skal sørge for:
-
- Tryggleik
- Nytta arbeidsmåtar som prosjekt og planlagte opplegg
- Gje felles opplevingar
- Gode rammer for leik, det er barnas læringsarena
- Å vera gode rollemodellar
- “Learning by doing”
6. Vennskap og fellesskap
«Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskapar og haldningar som blir utvikla gjennom sosialt samspel. I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap. Sjølvkjensla til barna skal støttast, samtidig som barna får hjelp til å meistre balansen mellom å dekkje sine eigne behov og ta omsyn til andre sine behov»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 22).
Praksis i Aga barnehage
Vi har utarbeida ein felles prosessplan på det sosiale miljøet i barnehagen saman med personalet og foreldra. Teksten nedanfor er henta frå prosessplanen.
Kva kan heimane gjera i forhold til venskap og fellesskap:
- Ikkje snakka over hovudet på barna om til dømes barnehagen eller andre barn og foreldre med negativt fortegn.
- Framsnakka kvarandre som foreldre og familiar og barnehagen.
- Vera obs på kva barna ser på TV og kva spel dei spelar.
- Følgje opp det som skjer i barnehagen.
- Tenkje over og vera bevisste på korleis vi ordlegg oss, t.d. banning og andre ord vi ikkje ynskjer at barna skal bruke.
- Setja grenser for kva som er greitt og ikkje greitt.
- Vera gode rollemodellar. T.d. helsa god morgon når de kjem i barnehagen til barn og vaksne de treff på. Gjerne bruke namnet på barna og dei vaksne. Same på ettermiddagen, helsa og seia hadet/takk for i dag.
- Viss andre barn kjem bort i levering og hente situasjonen, ta deg tid til å si hei og ein liten prat.
Arbeidsmåtar i barnehagen
Dele inn i mindre grupper med ein vaksen på kvar gruppe, bruka leikekassar, vaksne som er i leikemodus, tett på og tilstades. Ha miljøsamlingar med fokus på sosial kompetanse, vi brukar verktøyet «Venner».
- Vi har fokus på at barna leiker på tvers av aldersgrupper, rollespel – spele på kjensler.
- Vaksne som fungerer som ein røykvarslar, ikkje som brannslokkar.
- Dei vaksne må være i forkant og ta tak i dei barna som ”driv” rundt.
- Dei vaksne må delta i barns leik. Sette grenser når konfliktar blir løyst med armar og bein og når språket blir brukt på ein ufin måte. Observerer barnas leik med tanke på å forstå kva barna gjer og kvifor, og er i stand til å hjelpe barna til å handtere ev. konfliktar ut i frå kva som faktisk har skjedd. Bruka 3 – trinns modellen ved konfliktløysning.
- Vera varme, tydlege og grensesettande vaksne.
7. Kommunikasjon og språk
«Barnehagen skal vere bevisst på at kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved barnet si utvikling.
Gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining. Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barnas ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, medrekna teiknspråk. Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 23)
Syngande barnehagar
Vi er med i syngande barnehagar.
Musikalsk samvær styrkar relasjonen mellom vaksne og barn og bidreg positivt til barnets utvikling. Sjå nettsida til Syngende barnehager for meir informasjon. I skattkammeret finn ein mange songar. Passord er sangglede.
For å oppfylgja desse krava skal vi i Aga barnehage:
- Nytta språkløyper
- “Lesa for livet” ein kommunal plan.
- Ha eit godt utval av bøker tilgjengeleg for barna.
- Lesekroken skal vera avskjerma og ha eit lågt støynivå.
- Bibliotekbesøk for dei eldste barna.
- Ha faste og planlagde lesestunder
- Jobba med rim og regler
- Nytta snakkepakken og språkkista
- Nytta språksprell
- Ha eit godt utval av spel
- Gjera barna medvitne på bokstavar
- Synga alfabetsongar
Barn sin medverknad
Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverknad ved å leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei synest om den daglege verksemda i barnehagen, jf. barnehagelova §§ 1 og 3, Grunnlova § 104og FNs barnekonvensjon art. 12 nr. 1.
Barna skal jamleg få høve til å delta aktivt i planlegginga og vurderinga av barnehageverksemda. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen. Barnehagen skal vere bevisst på dei ulike uttrykksformene til barna og leggje til rette for medverknad på måtar som er tilpassa alderen, erfaringane, dei individuelle føresetnadene og behova til barna. Også dei yngste barna og barn som kommuniserer på andre måtar enn gjennom tale, har rett til å gi uttrykk for kva dei synest om sine eigne vilkår. Barnehagen må observere og følgje opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn.
Ein skal vektleggje synspunkta til barna i samsvar med alder og modenskap. Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til å ta.»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 27)
Medverknad er ein av kjerneverdiane hjå oss. Vi i Aga barnehage tolkar barna sin medverknad som ein væremåte for alt arbeid i barnehagen. Det handlar om å ta barn på alvor, og sjå på dei som likeverdige og kompetente menneske. Barn må få ha sine tankar og meiningar, og bli anerkjent for det.
Barn sin medverknad handlar ikkje om val av farge på vottar eller påleggssortar, men om å bli sett, høyrt og akseptert for den dei er. Barn må få oppgåver ut ifrå modning og alder, slik at dei ikkje vert stilt til ansvar for noko dei ikkje meistrar.
Det er viktig for barn at dei får vera med å påverke og utforme sin eigen kvardag. Barna sine interesser og spørsmål dannar grunnlag for læringsprosessar og aktivitetar i barnehagen, mellom anna gjennom arbeidsmetoden prosjektarbeid . Dei vaksne må lytta og prøve å tolke kroppsspråk og verbalt språk for å kunne møte barnet på deira premissar. For å sjå og møte det non-verbale barna, må man bruke ”heile seg” for å forstå kva dei meiner. Vi ser kor viktig det er for dei vaksne å stoppe opp og gi barna tid til å prøve ting sjølv. Ein måte å få tak i og få eit konkret grunnlag for diskusjon og refleksjon, er å bruke pedagogisk dokumentasjon, til dømes praksisforteljingar.
I Aga barnehage vil vi:
- Ta tak i her – og no situasjonar som oppstår, og ta tak i det som opptek barna.
- Nytta arbeidsmetoden prosjekt og elles ha fleksible planar, her har vi barnemøter/prosjektmøter med barna heile vegen.
- Gje barna moglegheit til å velje sjølvstendig handlingar innanfor barnehagens moglegheiter.
- Vi tar ansvar for at barnas medverknad og at sjølvbestemming skjer innanfor aksepterte grenser.
- Dei vaksne må ta seg tid til å lytta, samtala med barna og respektera barnas tankar og opplevingar.
- Barnesamtalar med dei to eldste gruppene, vi nyttar barnehagetrivsel.no, foreldre får
Samarbeid mellom heimen og barnehagen
«Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg. Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra. Foreldresamarbeidet skal skje både på individnivå, med foreldra til kvart enkelt barn, og på gruppenivå, gjennom foreldrerådet og samarbeidsutvalet»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 29).
Kva skal takast opp
Foreldreråd:
- Foreldrerådet består av alle føreldrene/føresette til barna. Her tek ein opp overordna saker som ynskjer om tema, og saker frå styrar, t.d. høyringar.
Samarbeidutval:
- SU skal være et rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ for alle parter som på ulike måtar har eit ansvar for barnehagen sitt innhold og drift. Representantane kan kome med råd og innspel og arrangere dugnadar, temakveldar og andre arrangement som kan skape kontakt mellom heimen og barnehagen.
- Dersom det oppstår konflikt, skal samarbeidsutvalet arbeide for å finna fram til felles løysningar.
- Det er vidare naturleg at samarbeidsutvalet særleg drøftar barnehagen sitt ideelle grunnlag. Samarbeidsutvalet bør drøfta praktiseringa av barnehagen sitt formål innanfor dei rammer som er gitt av loven sine formålsbestemmingar, rammeplan og eigarstilpasning til lokale forhold.
Foreldremøter:
- I Aga barnehage har vi to foreldremøter for alle foreldre/føresette i året, eit i september og eit i mai. Her tek vi opp overordna saker, t.d. foreldreundersøking og eigne tema.
- I tillegg har vi eige foreldremøte tidleg på våren for dei som skal byrja på skulen.
Foreldresamtala:
- Her tek ein opp saker som gjeld eigne barn, bekymringar, dialog om barnet si utvikling, trivsel, sosialt m.m.
- Nye barn som byrjar i barnehagen har oppstartsamtale med pedagogisk leiar i løpet av dei tre fyrste dagane.
Uformelle samtalar med personalet i hente og levering:
- I levering og hente situasjonen ynskjer vi ikkje å ta opp ting over hovudet på barna.
- Istaden for prat i garderoben – ynskjer vi at ein avtalar ein samtale der ein gir beskjed om det ein vil ta opp. Då kan vi forbereda oss og ev. innhenta informasjon.
Telefon:
- Vi snakkar med dykk der og då om det er rom for det.
Overgangar
«Når barnet begynner i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn.
Det skjer overgangar i barnehagen òg.
Personalet skal sørgje for at barnet og foreldra får tid og rom til å bli kjende med andre barn og anna personale når eit barn byter barnegruppe.
Overgangen mellom barnehage og skule
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og eventuelt til skulefritidsordninga. Barnehagen og skulen bør utveksle kunnskap og informasjon som utgangspunkt for samarbeid om tilbodet til dei eldste barna i barnehagen, overgangen til skulen og skulestarten. Barnehagen må ha samtykke frå foreldra for å dele opplysningar om enkeltbarn med skulen.
Dei eldste barna skal få høve til å gle seg til å begynne på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og god motivasjon for å begynne på skulen. Barna skal få bli kjende med kva som skjer i skulen og skulefritidsordninga.»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 33)
Når barnet begynner i barnehagen:
- Styrar sender ut velkomstbrev, råd om oppstart i barnehagen og anna info før barnet startar i barnehagen.
- Tilbod om å koma på besøk før oppstart etter avtale med Tuo (småbarnsavdelinga).
- Vi anbefaler minst tre dagar tilvenning.
- Oppstart samtale med pedagogisk leiar ein av dei tre første dagane.
Når barnet skal begynne på skulen har vi ein del rutinar for at barna skal få ein trygg og god overgang:
- Klubb for dei eldste frå august/september og fram t.o.m. mai. Dette for at dei skal få gode relasjonar seg imellom som gruppe.
- Besøk på skulen, tre gonger for å verta kjend. Då er dei heile dagar og dei er på SFO. Vi tar fleire dagar viss det er behov.
- Tildeling av fadder når dei har innskriving på skulen.
- Foreldresamtale med info om kva som skal takast opp på overføringsmøte med skulen. Skrive under samtykke.
- Foreldremøte tidleg vår for å planlegga m.a. skulebesøk.
- Styrar, pedagogisk leiar, rektor og kontaktlærar har overføringsmøte før skulestart.
Barnehagen som pedagogisk verksemd
Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Barn og foreldre har rett til å medverke i desse prosessane. Målet med barnehagen som pedagogisk verksemd er å gi barna eit tilrettelagt tilbod i tråd med barnehagelova og rammeplanen. For å oppnå dette skal barnehagen vere ein lærande organisasjon, og det pedagogiske arbeidet skal vere grunngitt i barnehagelova og rammeplanen.
Planlegging
Planlegging gir personalet grunnlag for å tenkje og handle langsiktig og systematisk i det pedagogiske arbeidet. Planlegginga skal bidra til kontinuitet og progresjon for enkeltbarn og barnegruppa. Planlegginga synleggjer korleis barnehagen tolkar og realiserer rammeplanen, og skal vere utgangpunkt for refleksjon og utvikling av verksemda.
Vurdering
Barnehagen skal regelmessig vurdere det pedagogiske arbeidet. Det betyr at det pedagogiske arbeidet skal beskrivast, analyserast og tolkast ut frå barnehageplanane, barnehagelova og rammeplanen. Hovudformålet med vurderingsarbeidet er å sikre at alle barn får eit tilbod som er i tråd med barnehagelova og rammeplanen.
Pedagogisk dokumentasjon
Dokumentasjon av personalet sitt arbeid synleggjer korleis personalet arbeider for å oppfylle krava i barnehagelova og rammeplanen. Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagen sitt arbeid med å planleggje, vurdere og utvikle den pedagogiske verksemda. Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet kan gi foreldra, lokalmiljøet og kommunen som barnehagemyndigheit informasjon om kva barn opplever, lærer og gjer i barnehagen, og om korleis barnehagen oppfyller krava i barnehagelova og rammeplanen.»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 37)
I Aga barnehage nyttar vi Kari Pape sin didaktiske modell. Den vil det stå meir om i barnehagen sin pedagogiske plattform.
Arbeidsmåtane til barnehagen
«Arbeidsmåtane skal vareta barna sitt behov for omsorg og leik, fremje læring og danning og gi barn høve til å medverke.
Personalet skal ta i bruk varierte arbeidsmåtar, og arbeidsmåtane skal tilpassast til enkeltbarn, barnegruppa og lokalmiljøet. Val av arbeidsmåtar opnar for å gjere innhaldet i barnehagen spennande og variert. Arbeidsmåtane kan bidra til å skape engasjement, interesse og motivasjon og gir rom for å tilføre nye erfaringar og opplevingar i barnehagen.»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 43)
Vi tar barndommen sin eigenverdi på alvor, det inneber å leggja opp dagane på ein måte som gir god plass til leik. Vi legg og vekt på at barna skal oppleve at dei har reell medverknad i eigen kvardag, og dagane skal vera slik at barn sin heilheitlege måte å læra på vert vareteke.
Hausten 2018 starta vi med å jobbe prosjektbasert. Vi er fortsatt «ferske» i denne måten å jobbe på, og har dette fortsatt som utviklingsområde.
«Prosjektarbeid er en metode å organisere det pedagogiske arbeidet i barnehagen men med større fokus på barns rett til medvirkning. Et prosjektarbeid handler om å utforske, undersøke og gå i dybden på et tema som barna og personalet er interessert i og som deretter dokumenteres.»
(Hvorfor har vi blå striper på armene s. 13)
Kjenneteikn på prosjekt:
- Små grupper
- Temaorientert; Tek utgangspunkt i eit tema som fascinerar og engasjerer barna.
- Prosessen og samspelet med barna er sterkt prioritert
- Deltakarstyrt
- Dei vaksne dokumenterer
Vi er opptatt av å finna ein god balanse i dagsrytmen, ein føreseieleg kvardag med færrast mogleg overgangar og fleksibilitet. Vi vil dela barna i større og mindre grupper så dei får ulike erfaringar. Barna skal få vera i sjølvvalte aktivitetar og leik over tid. Dei skal og få erfaring med aktivitetar som dei vaksne setter i gong. Dette vil vera innan tema som vi må med i tråd med vårt samfunnsmandat, t.d. bading i bassenget på Hauso skule, sosial kompetanse og ekstra fokus på språk, kommunikasjon og tekst gjennom lesa for livet planen og språkløyper.
Dei vaksne må kartlegga at barna har felles referansar i forhold til leiken.
Barnehagemiljø og krenkelsar
Heile personalet er med å utarbeida, dokumentera, reflektera og vurdera, prosessplanar på alle fagområda og kvardagsaktivitetar i barnehagen for at vi skal ha ei felles forståing for den pedagogiske praksisen i Aga barnehage. På denne måten ser vi korleis barna utviklar seg, lærar og opplev framgang. Dette for å sikra progresjon i barnehageinnhaldet. På denne måten legg vi til rette for progresjon gjennom våre val av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker, materiale og utforming av det fysiske miljøet.
Vi nyttar digitale verktøy som støtte i leik, kreativitet og læring ved å utforske, finne faktaopplysningar og dokumentera saman med barna.
Pilot – Vald og seksuelle overgrep
Regjeringa si opptrappingsplan mot vald og overgrep (2017–2021) (Prop. 12 S (2016–2017)) tar for seg førebygging av vald og overgrep. Kvinnherad- og Ullensvang kommune skal med dette prosjektet gjere eit fagleg løft, for å auka fokus og heva kompetansen på arbeid knytt til vald og seksuelle overgrep. Det at kommunane samarbeider om dette prosjektet, gjer at kompetansehevinga vil nå fleire, over eit stort geografisk område.
Prosjektet vil sikra at arbeidet med å førebygga og avdekka vald og seksuelle overgrep vil komma høgt på agendaen i prosjektkommunane, samtidig som ein har konkrete planar.
Prosjektgruppa lagar eit opplegg som alle skal gjennomføra i veke 6 kvart år.
Samarbeid med Hardanger folkemuseum og Agatunet
Barnehagen samarbeider med museet. Vi vert invitert til å vera med på ymse aktivitetar. Dei siste åra har vi laga kunstutstilling i Agatunet.
Formidlingsleiar Line B. Iversen har regien på dette.
Fagområda til barnehagen
Fagområda speglar område som har interesse og eigenverdi for barn i barnehagealder, og skal bidra til å fremje trivsel, allsidig utvikling og helse.
Barnehagen skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av innhaldet i barnehagen»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 47)
Det er sju fagområder i Rammeplan for barnehagar 2017:
- Kommunikasjon, språk og tekst
- Kropp, rørsle, mat og helse
- Kunst, kultur og kreativitet
- Natur, miljø og teknologi
- Mengd, rom og form
- Etikk, religion og filosofi
- Nærmiljø og samfunn
Vi har prosessplanar på alle fagområda, i desse planane har vi og delmål for progresjonen til barna i løpet av barnehagetida. Prosessplanane vert laga i starten av barnehageåret og vurdert mot slutten av året.
Arbeidsmåte
Vår arbeidsmetode prosjekt sikrar at fagområda er eit gjennomgåande del av innhaldet ettersom alle fagområda er med i alle prosjektplanar og vert vurdert fortløpande og ved prosjektet sin slutt.
Samarbeid med instansar utanom barnehagen
«Dersom det er grunn til å tru at barnet ikkje kan få dekt behova sine innanfor det allmennpedagogiske tilbodet, skal barnehagen opplyse foreldra om retten til å krevje ei sakkyndig vurdering av om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.
Barnehagen skal sørgje for at barn som får spesialpedagogisk hjelp, blir inkluderte i barnegruppa og i det allmennpedagogiske tilbodet»
(Rammeplan for barnehagar 2017: 40)
Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)
Barnehagen samarbeider med Ullensvang PPT om vanskar hjå barnehagebarn (opplæringslova). Dette skal foreldra gi samtykke til.
Logoped
Barnehagen samarbeider med Logopedtenesta i kommunen. Når eit barn vert oppmeldt til logoped må foreldra gi samtykke til det.
Spesialpedagog
Ullensvang kommune har spesialpedagogar i alle barnehagane. Stillingsprosenten er ut frå barnetal og behov.
Fysioterapeut
Kommunen skal til ei kvar tid ha ein fysioterapeut som kan hjelpa oss til å leggja det fysiske miljøet til rette for barna, og trene med barna som har trong for det.
Andre barnehagen samarbeider med er Hardanger barnevernsteneste, helsestasjonen, Konsultasjonsteamet mot vold og overgrep, BUP og Statped.
Foreldra kan og kontakta desse dersom dei treng hjelp til noko.