Årsplan 2024-2025 for Eitrheimsvågen barnehage
Vedteke i SU 19.09.24.
Del 1: Innleiing
Eitrheimsvågen barnehage er fordelt på 3 avdelingar i aldersgruppa 0-3 år og 2 avdeling i aldersgruppa 3-6 år. Avdelingane heiter; Knerten, Morell, Eple, Pære og Tiriltoppen. Barnehagen er organisert på to hus.
Tre faggrupper er representert i personalet; barnehagelærar, barne- og ungdomsarbeid og assistent. Barnehagen har styrar i 100 % stilling – og assisterande styrar i 50% stilling. Vi tar i mot praksiselevar gjennom året frå Odda vidaregåande skule og Odda ungdomsskole. I tillegg tar vi mot arbeidspraksisplassar frå NAV og lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Kva er ein Årsplan?
- Arbeidsreiskap for personalet
- Barnehagen sin identiteten og pedagogiske plattform
- Utgangspunkt som gjer det mogleg for foreldre å påverka innhaldet i barnehagen
- Grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen
- Informasjon om det pedagogiske arbeidet til barnehagen til eigar, politikarar og samarbeidspartar
Ytre rammefaktorar:
Eitrheimsvågen barnehage har følgjande grunnlagsdokument:
- Lov om barnehage
- Rammeplan for barnehagar
- Kommunal plan for kvalitetssikring av lese- og skriveopplæringa i Odda kommune – ”Lese-for-livet”
- «Være sammen» program
- Kommunal realfagssatsning
- BTI Bedre tverrfagleg innsats
Barnehagen sitt hovudmål
Kva legg vi i dette?
For oss heng tryggheit, trivsel og fellesskap nøye saman. Utan tryggheit er det ingen trivsel og utan felleskap er det inga tryggheit. Omsorg er nøkkelordet i forhold til hovudmålet vårt. Barn har rett til og skal møtast med omsorg kvar dag i barnehagen.
Å delta i leik og få vener er grunnlaget for trivselen til barn, mestring og læring i barnehagen. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet, mellom barna og om omsorga til barna for kvarandre. Å gi barn moglegheit til å gi og ta imot omsorg er grunnlaget for utvikling av sosial kompetanse, og er eit viktig bidrag i eit livslangt læringsperspektiv.
I barnehagen vår skal vi jobba aktivt med sosial kompetanse og barn sin medverknad. Hovudmålet skal vi nå gjennom å vera autoritative vaksne i barnehagen.
Tilretteleggja for å nå målet
Barna:
- nye barn får ekstra oppfølging under tilvenning
- skal få moglegheit til å utvikla vennskap med eit eller fleire barn
- skal takast godt imot kvar morgon. Viss det er mogleg kjem ein frå personalet ut i garderoben, viss ikkje skal barnet takast skikkeleg imot inne
- på avdelinga. Barnet i fokus!
har sin faste plass i garderoben - skal oppleva at dagen er føreseieleg og oversiktleg ved fast dagsrytme/vekerytme
- skal føla seg sakna etter å ha vore borte
- skal ha ein meningsfylt kvardag som er prega av glede, humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet
- skal føla seg trygg på at det blir sett, høyrt, trøysta, gitt omsorg og forstått.
Personalet:
- er tilstadeverande og aktivt engasjert med barna
- har ein omsorgsfull væremåte som er prega av nærleik, lyttande, ha innleving og evne/vilje til samspel med barna.
- seier “Hei” og “Ha det” til barna når dei kjem og går
- førebur barna i forkant av nye hendingar
- skapar felles opplevingar for barna
- viser humor og glede i kvardagen
- viser barna at dei bryr seg og er glade i dei
- har alltid barnet sitt beste som hovudfokus
- opptrer tydelege, med mjukheit og er bevisste i forhold til grensesetting
- anerkjenner kjenslene til barna
- har godt samarbeid med foreldra. Er imøtekomande, rettleiande og annerkjennande. Er bevisste på at foreldra er ekspertar på sine barn.
Ut i frå Årsplanen vil arbeidet med barna bli gitt til foreldra/føresette i form av månadsplan. Grunngjeving og evaluering for kva barna har gjort i samtalar, pedagogisk dokumentasjon og årsrapport. Foreldra har moglegheit, gjennom samtalar og møter med personalet, til å påverka planane til barnehagen.
Lesa for livet
Språkstimulering er eit felles satsingsområde i Ullensvang kommune. TRAS er i denne samanhengen eit kartleggingsverktøy som er tatt i bruk av alle barnehagane i kommunen. TRAS betyr tidleg registrering av språkutvikling. TRAS er ein metode for å kartleggja språkutviklinga til barn gjennom observasjon i barnehagen.
TRAS-skjemaet består av ein observasjonssirkel og ved hjelp av spørsmål skal ein fylla inn meistringsgrad ved samspel, kommunikasjon, merksemd, språkforståing, språkleg bevistheit, uttale, ord- og setningsproduksjon.
Målsetjinga er å auka kunnskapen om språkutviklinga til barn. Kartlegginga skal gi eit bilete av den reelle språkutviklinga til barn slik at barna får individuell oppfølging og tilrettelegging. Språkutvikling og -stimulering skal integrerast i alle kvardagsaktivitetar og leik.
Pedagogisk leiar på kvar avdeling har ansvar for å inkludera resten av tilsette i arbeidet med “Lesa for livet” og “TRAS”, og har ansvar for at dette arbeidet blir gjennomført i tråd med det som er bestemt av Ullensvang kommune. Vi har spesialpedagogisk lærar og logopedar i kommunen til oppfølging og kompetanseheving rundt TRAS og språkutvikling.
I arbeidet med ”Lesa for livet” skal vi innom hovudområda språkleg kompetanse, språkforståing, haldningar og motivasjon til lesing og skriving, bruk av talespråk (lytta og tale, munnleg kommunikasjon), lesekompetanse, skrivekompetanse, språkleg bevisstheit og bokstavkompetanse.
Pedagogikk og den autoritative vaksenrolla
Vi vil gjera barnehagen til den beste arenaen for vekst og utvikling til barnet. Det sentrale er samspel mellom varme og vaksne som set grenser og medverkande barn. Vi vaksne i barnehagen skal få kunnskap og inspirasjon til å bli varme og setja grenser.
Barna i barnehagen skal oppleva å bli sett og høyrt og få hjelp til å utvikla seg i felleskap med andre.
Alle barn og unge skal ha et godt og inkluderende oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.
– vi forplikter oss til å arbeide for et godt og inkluderende oppvekst og læringsmiljø for alle barn og unge.
Regnbueløva er ein sentral verdiberar i programmet “Være sammen”. Regnbogen symboliserer det mangfaldige i livet til barnet og erfaring, medan løva står for innleving, empati og ansvar.
Når det gjeld vaksenrolla er det viktig med langsiktig implementering med varig endring som mål, respekt for barn sin medverknad, tidleg innsats mot eksklusjon, mobbing og utfordrande åtferd er sentrale faktorar. Når det gjeld barna vil “Være sammen” bidra til å skapa eit læringsmiljø i barnehagen der barna får vera med å påverka sin eigen kvardag og vert styrkt i å ta ansvar for eigne val og handlingar. “Være sammen” er tema på alle møter i barnehagen, som planleggingsdagar, personal- og avdelingsmøte.
Noko av det viktigaste vi kan læra barna våre er at det ofte er mange løysingar på konfliktar og problem. Det medverkande barnet skal oppfordrast til å finna desse andre løysingane.
Sosial kompetanse er temaet i “Være sammen”. Sosial kompetanse handlar om å kunna samhandla positivt med andre i ulike situasjonar. Denne kompetansen blir uttrykt og tileigna av barn i samspel med kvarandre og med vaksne;
Samarbeid
– følgja reglar og beskjedar, hjelpa og dela med andre.
Ansvar
– vise respekt for andre, ta ansvar for seg sjølv, ha kontroll på eigne kjensler knytt til konfliktsituasjonar.
Empati
– kunne sjå ting frå andre sin synsvinkel. Setja seg inn i korleis andre har det.
Normer
– følgja reglar og beskjedar, vera med å utforma fellesskapet.
Sjølvhevding
– å ta kontakt med andre, gi uttrykk for eigne meiningar, tileigna seg informasjon.
Humor
– vere med å spreia glede, bidra til å skapa tryggheit med å ha det moro saman. Le saman.
Ein autoritativ til for å oppdra gir barn dei mest gunstige føresetnadene for å utvikla trygg tilknyting til omsorgspersonane. Den vaksne har då positiv kontroll, set tydelege grenser og har klare forventningar til barnet, samtidig som dei er varme og aksepterande.
Barn som møter autoritative vaksne lærer seg sosial akseptable normer for åtferd. Barna lærer seg å venta på tur, å vera venlege, å ta initiativ og møta nye utfordringar med nysjerrigheit, interesse og sjølvtillit. Den autoritative vaksne hjelper barna til å bli bevisst kjenslene sine og klara å regulera dei på ein formålstenleg måte i samspel med andre.
Barn som veks opp med varme grensesetjande omsorgspersonar heime og i barnehagen får god hjelp til å leva i fellesskap med andre. Barna vil utvikla:
- Større evne til å møta motgang og frustrasjonar, å møta nye situasjonar med større tryggheit
- Større motstandsevne mot krav og stress
- Lettare for å oppretta sosiale band
- Betre evne til å leva i fellesskap med andre.
- Større evne til å ta ansvar og løysa oppgåver
- Lettare for å kontrollera sterke kjensler og utslag av desse kjenslene
- God sjølvtillit og sjølvkjensle.
- Meir venlegheit og glede
Relasjonar kan utviklast på enklaste måte gjennom småprat om situasjonar, eller gjennom å delta i leik-aktivitetar. Det gjeld å finna måtar der den vaksne oppnår god kontakt, og gjennom dette kommuniserer «varme» og forventning til barnet. Viktige punkt å ta omsyn til i samhandling med barnet:
- Oppmuntra barnet
- Forsterka det gode og positive barnet gjer
- Ιkkje «straffa» med å avvisa det når det handlar gale
- Snakka det til rette med myndigheit og varme
- Lytta til barnet og gi det tid til å seia kva det vil og ønsker
- Ta omsyn til barnet sitt behov
- Setja opp tydelege reglar for barnet
- Forventa noko av barnet
- Visa at du respekterer og anerkjenner barnet
Del 2. Omsorg – Barn sin medverknad – Medbesteming – Tilhøyra – Venskap – Leik – Læring og danning
«Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering»
Gjennom leik får barna utvikla sosiale evner – Bearbeida inntrykk – Øvd på nye ord og omgrep i ein sosial setting – Følt glede og meistring – Utvikla motoriske evner – Knytt venskap – Delt med andre – Brukt fantasien og vore kreative – Ha det moro! Leiken skal ha ein framtredande plass i livet til barna i barnehagen.
- Det skal setjast av god tid til leik i kvardagen
- Leiken skal prioriterast, den skal ha ein særegen plass
- Tilsette viser respekt for leiken til barna
- Tilsette gir barna opplevingar og idear som inspirerer til leik
Tilsette er aktivt tilstade i forhold til barnet sin leik – Vêr kreativ og igangsetjar - Tilsette tør leike og ha det kjekt saman med barna
- Vi vil at alle barn skal oppleva gleda ved å leika saman med andre barn
Vi ønsker å legga vekt på verdiane: Magisk og levande fellesskap, Fantasi og kreativitet, Respekt/ydmykheit, Lyttende, Tid og ro, Humor og glede, Venskap, Lekenhet
Barnehagen skal legga til rette for venskap og fellesskap og bidra til at barn utviklar tryggheit på og stoltheit over kor dei høyrer til og respekt for andre sine kulturelle verdiar og ytringar.
Læring skal føregå i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet, og vera nært samanvevd med omsorg, leik og danning. Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikla evne til å reflektera over eigne handlingar og veremåtar. Gjennom danning er barna med på å omsetja haldningar til handlingar.
Barn lærer og utviklar ein samansett kompetanse gjennom leik. Ved å lata som, går barn inn i sin eiga “forestillingsverden”, tar andre sitt perspektiv og gir form til tankar og kjensler.
Gjennom utforsking og samtale skaffar dei seg kunnskap og innsikt på mange område. Leik med den fysiske verda både ute og inne inneber utforsking og arbeida med inntrykk.
Tidlege erfaringar med barn på same alder har stor tyding for ferdigheiter knytt til samspel, og gjer barnehagen til ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av venskap. Barn kan tidleg visa at dei bryr seg om kvarandre, løysa konfliktar og ta andre sitt perspektiv. Dei kan ta omsyn og visa omsorg. Dette skjer både gjennom kroppslege og språklege handlingar. Dei må få trening i å medverka til positive former for samhandling. Opplevingar av egenverd og meistring, leik med barn på same alder og tilhørigheit i eit positivt fellesskap skal prega barnehagen.
Eitrheimsvågen barnehage har følgjande retningslinjer for omsorg:
- Fysisk nærleik til barnet
- Bry oss om korleis barnet har det
- Gi trygge rammer; finna ut kva barnet vil
- Varm grensesetjing
- Dekke alle primære behov
Omsorg er å ha evne til innleving og empati, og å anerkjenna barnet. Det er å visa forståing for og bry seg om korleis barnet har det. Omsorg er å gi plass for humor, glede, kreativitet, omtanke, spontanitet og fleksibilitet. Fokus på sosial kompetanse og barn sin medverknad.
Medverknaden til barn
- Støtte opp om barnet sin nysgjerrigheit og la dei utforska
- Støtte opp om barnet sin kreativitet
- Lytte til, forstå og ta barna på alvor
- La barna prøva ut og vera med å utvikla leiken saman med dei
Medverknad i barnehagen handlar om å gi barna moglegheit til å påverka sin eigen kvardag og barnehagen sitt felles liv. Det enkelte barnet må ha innverknad både på kva som skal skje og korleis det skal gjerast. Medverknad handlar om å bli spurt, bli lytta til og akseptert som individ. Som vaksne må vi la oss påverka og godta at barna sjølv kan ha synspunkt på kva dei har behov for.
Barn si medbestemming
Barna i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagen si daglege verksemd. Barn skal jamnleg få moglegheit til å vera aktiv i deltaking, planlegging og vurdering av barnehageverksemda. Barnet sitt synspunkt skal vektleggjast i samsvar med alder og kor modent barnet er.
Del 3. Progresjonsplan 0-6 år – Fagområda
- Progresjonsplanen (Progresjon = fremskritt) skal beskrive hvordan barnehagen jobber med de ulike fagområdene i rammeplanen, og de skal sikre progresjon på de ulike områdene for hver enkelt barnegruppe. Fagområdene vil sjelden opptre isolert, flere områder vil være representert samtidig både i temaarbeid, prosjektarbeid, hverdagsaktiviteter, sosialt samspill og ikke minst i barnas egen lek.
- Arbeidet med fagområdene i rammeplanen skal tilpasses barnas alder, interesser, barnegruppens sammensetning og andre forutsetninger. Alle skal få like muligheter og utfordringer som er tilpasset deres utviklingsnivå – og vi tilpasser arbeidet også til det enkelte barn. Rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver sier at progresjon skal tydeliggjøres og dokumenteres i barnehagen
- Progresjonsplanen viser hvordan barna møter stadig nye utfordringer og opplevelser for hvert år det går i barnehagen. Det skal skje en progresjon i forhold til opplevelser og aktiviteter. I planen har vi en aldersinndeling, de er ikke absolutte, men må alltid sees på i forhold til det enkeltes barns modning og erfaringer.
«Barna skal være i barnehagen i mange år, derfor er en plan over progresjon viktig. Barna må føle at de vokser i barnehagen – ikke at de vokser ut av barnehagen…» (Kari Pape)
Kommunikasjon, språk og tekst
Mål:
- Barna skal oppleva eit godt, rikt og variert språkmiljø
- Få oppleva gleda av å vera i samspel med andre og meistra ulike kommunikasjonsformer; verbal som nonverbal
- Utvikla eit godt språk og språkleg bevisstheit
- Barnet bruker språket til å meddela og formidla. F.eks uttrykka kjensler, ønske og erfaringar.
- Byggja relasjonar til andre menneske
- Utvikle empati og sosial kompetanse
Kva:
- Barna skal bli kjent med ulike bilete- og peikebøker
- Bli kjent med ulike songar, bevegelsessongar, rim og reglar
- Kunne kommunisera i leik og samspel med andre barn
- Lyttetrening
Møte med eigne bokstavar i namnet - Bli kjent med digitale verktøy
- Barna set ord på ønske og kjensler
- Øva på å gjenfortelje
- Bevisstgjering av språket, setja ord på alt vi gjer
Korleis:
- Dei vaksne les biletebøker med enkel tekst, «songkort» og peikebøker for/saman med barna.
- Bruk av ulike songar, bevegelsessongar, rim og reglar i leik og samlingsstunder
- Vaksne som er «påskrudd», plasserer seg der barna er, (på golvet)
- «Plakaten min» som er ein fin å bruka i samtalar med dei yngste barna
- Bruka puslespel, biletekort og andre spel som er tilpassa alderen
- Fortelja eventyr med og utan konkreter, dramatisering osb.
- Bilete for kategorisering/sortering
- Gjenkjenningsleikar (eks. Kims leik)
- Oppfordra til rolleleik
- Oppfordra til teikning
- Samtalar om felles opplevingar kvar dag, samlingsstund, måltid og stellesituasjoner
Kva:
- Utvikla evner og interesser frå dei førre stadia
- Utvikla eit ordforråd
- Utvikla det abstrakte omgrepsapparatet
- Større kjennskap til språklydar
- Tal og bokstavar er ein del av kvardagen – aukande interesse for skrift- og talespråk
- Ha kjennskap til alfabetet og øva på å skriva sitt eige namn
- Trena på å hevda eigne meiningar, lytta til andre og venta på tur
Korleis:
- Spela spel, lotto, memory, Kims leik osb.
- Ha alfabetet på veggen
- Leik og tull med ord, rim, dikt og dramatisering
- Oppfordra til rolleleik
- Barna får møta ordbilete, bokstavar, tal og andre symbol på avdelinga
- Trena på å skriva eige namn
- Læra å rekka opp handa når ein skal seia noko og venta på tur
- Høgtlesning
- Dialog
- Meir avanserte songar og historier
- Ulike oppgåver i «klubben»
- Bruka ulike digitale hjelpemiddel, Ipad og Pc til f.eks å finna informasjon
Kropp, bevegelse og helse
Mål:
- Ha eit inne- og utemiljø som inviterer og inspirerer til fysisk aktivitet og utfolding
- Gi alle barn ei moglegheit for fin- og grovmotorisk aktivitetar ut frå eigne føresetnader, interesser, meistringsnivå og behov
- Tilbod om eit variert og sunt kosthald (smøremat)
- Gode rutinar for hygiene
- Ein fast ute-/turdag i veka
Kva:
- Barna får moglegheit og rom til å utforska i miljøet og bli bevisst eigen kropp og bruken av den.
- Øve på kroppsbehersking og rytme
- Få grovmotoriske utfordringar
- Få finmotoriske utfordringar
- Læra namn på ulike kroppsdelar og bevisstgjera sansar
- Lære å eta og drikka sjølv
- Bli kjent med gode vanar for hygiene
- Få trening med av- og påkledning
- Trena på å velja pålegg og smørja sjølv
- Do/potte trening
- Læra rutinar for handvask
- Innøve pinsettgrep
- Øva på å finna ro
Korleis:
- Vi går på turar innanfor og utanfor leikeområd til barnehagen.
- Bevegelsessongar, synga songar om kropp/kroppsdelar, aktive vaksne som er i fysisk aktivitet saman med barna, dans til musikk
- Enkel hinderløype inne og ute, f.eks trampoline og seilebane, disse
- Pusle puslespel med og utan knottar
- Perle med store perler, klippa med saks, teikne
- Smaka på variert og sunn mat
- La barna ete og drikke sjølv
- Hjelp til handvask. Snakka om kvifor vi vaskar hendene og når
- Hjelp til av- og påkledning. Gi barna tid til å kle av og på seg sjølv
- Oppmuntre til «å sitja i ro» i samlingsstund og under måltid
Kva:
- Få gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider
- Vidareutvikling av motoriske evner og kroppskontroll
- Glede over å vera ute i all slags vêr
- Pinsett- og blyantgrep blir meir innarbeidd, meir kontroll på finmotorikk
- Vi har fokus på hygiene og reinslegheit
- Er meir sjølvstendig med toalettbesøk, og av- og påkledning
- Stole på eigen kropp og utfordra eigne grenser
- Ulike sanseopplevingar
Korleis:
- Inspirera til å gå lengre turar, gå på tur i all slags vêr og årstider
- Øva på å klippa med saks etter ein strek og fargelegga innanfor
- Klippa, lima, blyantgrep, perling og veving
- Matlaging; kutta opp grønsaker og frukt
- Forklara viktigheita av håndvask
- Øva på å hoppa tau, strikk, paradis, spela fotball, kasta og ta imot ball, balansera, klatra, krypa osb.
- Ei meir avansert hinderløype
- Leik i gymsalen på barneskulen
- Gjennom å smaka og lukte på forskjellige matvarer, t.d. med bind for auga.
Kunst, kultur og kreativitet
Mål:
- Barnehagen skal ha ei innreiing og bli utstyrt slik at det gir moglegheit for kreativ leik og aktivitet
- Barna skal introduserast for eit variert utval av formingsmateriale, og få erfaring med ulike teknikkar og uttrykk innanfor faget
- Barna skal få erfaring og opplevingar med musikk, dans, drama og teater, litteratur, film og biletekunst
- Barna skal bli kjent med tradisjonar innanfor kunst og kultur
Kva:
- Introdusera barna for formingsmateriell og inspirera til kreativitet
- Musikk, dans, bevegelse
- Drama
- Bli kjent med namn på fargar
- Varierte musikkopplevingar, frå ulike kulturar
- Eventyr
- Gi rom og materiell som inspirerer til rolleleik, utkledning
- Det fysiske rommet er innbydende
Korleis:
- Mala, teikna, forma, klippa, lima, perla, leika med kitt og leire, laga utstilling, viktig med gjentaking
- Leik med ulike materiale, naturmateriale, kitt, ull, vatn leik, maling
- Synga songar for barna, høyra på musikk, gi rom for bevegelse, leik med instrument
- Dramatisere enkle forteljingar og historier
- Ha klede til å kle seg ut i tilgjengeleg i leik
- Leikerom/eigen krok til rolleleik
Kva:
- Bygga vidare på det foregåande
- Kunne fleire fargar, laga system, mønster
- Få teikna og maleoppgaver, meir detaljert
- Songar med fleire vers, meir avanserte melodiar, lytta til musikk
- Eventyr, drama, teater
- Uttrykke kjensler gjennom forming, song, musikk og drama
- Ha «teaterframsyning» eller «konsert»
- Avansert rolleleik, drama
Korleis:
- Utvida repertoaret innanfor musikk, kunst og kultur
- Barna må få lov til spontant og kreativt ta i bruk skaparevna si ved at ulike formingsmateriell er tilgjengeleg
- Utvida repertoaret i formingsmateriell
- Utkledning i samband medl roller
- Spela teater, sjå teaterstykke (kinoen), sjå film på mediarommet
- Få ulike kunstopplevingar (besøka utstillingar, laga eiga utstilling)
- Få ulike musikk opplevingar (konsertar), samarbeid med kulturskulen og Litteratursymposiet?
Natur, miljø og teknikk
Mål:
- Barna får oppleva glede og undring over mangfaldet til naturen ved å ferdast i naturen.
- Få grunnleggande innsikt i natur, miljøvern og samspel i naturen.
- Barna skal få erfara korleis teknikk kan brukast i leik og kvardagsliv
Kva:
- Barna skal bli trygg på å vera ute i all slags vêr
- Få gode opplevingar ved å opphalda seg i naturen
- Bli kjent med barnehagen sitt uteområde og nærmiljøet
- Få kjennskap til ulike dyr og dyrelyder, plantar og insekt
- Få erfaring med kjeldesortering
- Sanse og oppleva enkle eksperiment
- Kjennskap til dei ulike årstidene
Korleis:
- Vera ute kvar dag, få erfaringar med all slags vêr og ulike årstider
- Turar innanfor og utanfor barnehageområde, dei vaksne er gode rollefigurar og viser respekt og varsemd i naturen saman med barna
- Oppsøke naturleg terreng
- Setja av god tid og ta utgangspunkt i barna si undring, interesser og føresetnader
- Bruka bilete, songar og peikebøker i forhold til dyr, insekt og plantar
- Plante karse, agurk, solsikker osb.
- Aktiviteter i forhold til vêr, forming og maling i snø, såpe i vasspyttar osb.
- Plukke blomar, blad, fange insekt
Kva:
- Oppleva og undra seg over mangfaldet i naturen
- Utforske nærmiljøet
- Erfaring med og innsikt i miljøvern
- Kjenne årstidene og følgje endringane i naturen gjennom året
- Få kjennskap til kvar maten kjem frå, innsikt i samanhengar i naturen (næringskjeda)
- Undra seg over eksperiment
- Så og hausta
- Få erfaring med digitale verktøy. Etter kvart kunne bruka enkle digitale verktøy
- Utforske og eksperimentera på eigenhand
- Kunne fakta om enkelte dyr og plantar
Korleis:
- Gå på lengre turar; Tokheimslia, Trollskogen osb.
- Kjeldesortering, innhenta materiale til gjenbruk
- Aktiviteter i forhold til aktuelt vêr, vidareutvikla og gjera meir avansert, eks demningar, snømann, borg, laga islykt
Gardsbesøk? - Besøka kunnskapssenteret
- Dyrka grønsaker: tomat, paprika og agurk, chili?
- Vaksne som bevisstgjer barna på ulike tekniske funksjonar vi omgir oss med
- Gi barna oppgåver som stimulerer nysgjerrigheit og kunnskap iht. Naturen og miljøet, bruka faktainformasjon aktivt i utforskinga
Etikk, religion og filosofi
Mål:
- Barna skal oppleva respekt for kulturen og religionen sin.
- Få moglegheit til å tileigna seg dei grunnleggjande verdiane i samfunnet og kjennskap til tradisjonar og høgtider.
- Få moglegheit til å tileigna seg empati og utvikla konstruktive og næra relasjonar til andre menneske.
- Oppleve annerkjennande vaksne som gir barna rett til å medverka i sin eigen kvardag og utvikling.
- Oppleve vaksne som inspirerer og inviterer til undring over grunnleggjande spørsmål.
Kva:
- Enkel markering av høgtider
- Anerkjenning frå dei vaksne
- Ta barna på alvor, undra seg saman med barna
- Dei vaksne gir omsorg, barna utviklar evne til å visa omsorg for andre
- Vera autoritative vaksne i møte med barna
- Tileigna seg vaner for «skikk og bruk» – normer og reglar
- Barna får erfaringar med å dela
- Prata om kjensler, kjenna igjen kjensler hos andre som er glad, lei seg, sint, redd
Korleis:
- Bruka sansane og oppleva høgtida
- Vera observant på kroppsspråk og mimikk, dei vaksne handlar ut frå signala og kunnskapen til barna om behovet sitt barn.
- Bekrefta og setja ord på kjenslene deira
- Hjelpe barna i å visa godheit for andre
- Bordskikk, takka for maten
- Høfligheitsfrasar som: hei/god morgon, hadet, tusen takk, kan eg få?
- Turtaking
- Vera gode rollemodellar, tolka situasjonar barna imellom og hjelpa barna i konfliktar
- Gi rom for undring og filosofi
- Anerkjenna prososial åtferd/handlingar
- Hjelpe barna til å utvikla gode relasjonar, visa respekt for kvarandre
Kva:
- Vidareutvikla evner og interesser frå førre stadium
- Bli bevisst på at eigne handlingar påverkar andre
- Erfara at «det er flott å vera meg, det er flott å vera forskjellig»
- Setja grenser for seg sjølv
- Respektera kvarandre
- Hjelp til å kontrollera sinne og aggresjon
- Erfara kva venskap er
- Visa empati
- Bli kjent med ulike land, høgtider og tradisjonar
- Den gylne regel
- Reflektera over kven ein er og korleis ein vil vera
Korleis:
- Vera tilstade for barna, førebygga og hjelpa i konfliktar
- Verne leikesituasjoner der barna er i god relasjon med kvarandre
- Øva på å seia «nei» eller «stopp» for å setja grenser for seg sjølv og andre
- Tydelege vaksne, set tydelege grenser – autoritative vaksne
- Bruka bøker i forhold til kjensler
- Bruka barna sine eigne erfaringar og tankar for samtale
- Godt foreldresamarbeid
- Gi rom for undring og filosofering
- Små samtalegrupper
Nærmiljø og samfunn
Mål:
- Bli kjent med samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet
- Få innsyn i ulike kulturar, tradisjonar og levesett
- Få erfaringar når det gjeld demokratiske avgjerder, og betydninga av likskap og rettferd
- Oppleve at dei er ein aktiv part og må bidra til fellesskapet i barnehagen
- Oppleve at gutar og jenter er likestilte
Kva:
- Bli trygge på seg sjølv, vaksne og andre barn i barnehagen
- Bli kjent i og rundt barnehagen, utvida kjennskapet til nærmiljøet
- Bli ein del av eit fellesskap og erfara å måtta ta omsyn til andre
- Nasjonaldagen 17. mai
- Samefolket sin dag 6. februar
Korleis:
- Bruka god tid på tilvenning i barnehagen, tilsidesette planar og konsentrera seg om behovet til barna for tryggheit, omsorg og tilknytning
- Barna får vera i leik med kvarandre der dei vaksne er aktivt tilstade
- Personale skal vera bevisste og setja ord på dei positive handlingane til barna overfor kvarandre, og oppmuntra dei til å hjelpa kvarandre
- Sjå fargane i det norske flagget, høyra nasjonalsongen og andre songar som høyrer nasjonaldagen til
- Vi feirar “mini 17. mai”
- Sjå fargane i det samiske flagget, høyra på joik
Kva:
- Oppsøka og utforska nærmiljøet til barnehagen
- Erfare at vi er likeverdige, uavhengig av kjønn, og deltar i fellesskapet
- Utvikla forståing for ulike tradisjonar og skikkar
- Begynnande kunnskap om menneskerettar, rettane til barn (barnekonvensjonen)
- Skulebesøk
- Arbeidsplass-besøk
- Nasjonaldagen 17. mai
- Samefolkets dag 6. februar
- FN – dagen 24. oktober
- Markering av verdensdag for nasjonalt mangfald
Korleis:
- Besøk i og rundt barnehagen, besøka butikkar og bedrifter i nærmiljøet
- Samtalar om konsekvens av handling og val
- Snakka saman om kva land, kommune, område og veg vi bur i
- Samtale om jule- og påsketradisjonar og skikkar. Dåp, bryllaup, gravferd, karneval, sankthans osb. kan òg vera tema.
- Henga opp og snakka om barnekonvensjonen
- Samtalar om universet, jorda, kontinent og land, ved bruk av verdskart/globus, atlas og internett
- Vi lagar det norske flagget, fargelegg og lærer fyrste verset på nasjonalsongen og syng ulike andre songar som høyrer nasjonaldagen til, feirar «mini 17.mai»
- Sjå fargane i det samiske flagget, høyra på joik. Samling der vi snakkar om tradisjonar og særpreg (folkedrakt).
- Vi smakar på ulike rettar som er representativ/tradisjonskost frå land som er representert i barnegruppa
Antall, rom og form
Mål:
- Utvikla den matematiske kompetansen til barna gjennom leik, styrte aktivitetar og spontane kvardagsaktivitetar
- Gi barna moglegheit til å utforska, og leika med tal, former og mønster
Kva:
- Sortering/kategorisering
- Bli kjent med omgrep: stor/liten, over/under, foran/bak
- Erfaring med rom og plassering, finna plassen sin, i garderoben og ved bordet
- Blir introdusert for tallremsa, byrjande peiketelling: 1, 2, 3, 4, 5
Korleis:
- Rydde og soartare leikar, legga på plass
- Byggja tårn
- Putte oppi, ta ut, borte, titt tei
- Sangar, rim og reglar med matematisk innhald
- Pusle puslespel
- Eventyr: Dei tre bukkane Bruse, Gullhår og Dei tre bjørnane
- Bruke tal og teljing i naturlege-/kvardagssituasjonar
- Kims leik
- Konstruksjonsleik, perling
Kva:
- Kunna tallrekkja opp til ti
- Kjenne nokre geometriske figurar: sirkel, kvadrat, firkant, trekant osb.
- Utforska former og mønster
- Kjenne til dei vanlegaste fargane, og vita kva dei heiter
- Kjenna til vekedagar, månader og dei forskjellige årstidene – og etter kvart kunne namn på vekedagar og rekkefølgja av dei
- Kjenna til ulike bokstavar og tal
- Bli kjente med tallrekkja opp til 20
- Ei byrjande forståing for samanhengen mellom tal og mengd
- Erfara måleiningar i kvardagen
Korleis:
- Samlingar og samtalar om vekedagar, månad og årstid
- Telja fingrar og tær
- «Geitekillingen som kunne telja til ti»
- «Ein og to og tre indianarar»
- Spela spel
- Ulike ellingar
- Gå på skattejakt
- Teljebøker opp til 20
- Måla temperatur, måla og vega i matlaging
Del 4. Planlegging, dokumentasjon og vurdering
Planlegginga må baserast på kunnskap om utviklinga og læringa til barna individuelt og i ei gruppe, observasjon, dokumentasjon, refleksjon og systematisk vurdering og på samtalar med barn og foreldre. Barnehagen sin dokumentasjon skal gi informasjon til foreldre, lokalmiljø og kommunen om kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen. Dokumentasjon kan vera med på å få fram ulike oppfatningar og opne for ein kritisk og reflekterande praksis.
- Årsplan
- Månedsplan
- Årsrapport
- Pedagogisk dokumentasjon som dokumenterer aktivitetar som barna har vore med på.
Kvaliteten i det daglege samspelet mellom menneska i barnehagen er ein av dei viktigaste føresetnadene for utviklinga og læringa til barn. Barnegruppa og det enkelte barn sin trivselen og utvikling skal derfor observerast og blir fortløpande vurdert. Vurdering vil sei at vi skal beskriva, analysera og fortolka arbeidet vi gjer i barnehagen, i forhold til barnehagelov, rammeplan og lokale retningslinjer.
- Setja av tid på personalmøte, pedagogisk-leiarmøte og avdelingsmøte til refleksjon over praksis og vedteke planar. Observasjon av samspelet mellom barn, barn-vaksne og vaksne-vaksne.
- Gjennomføra brukarundersøking og medarbeidarundersøking. TRAS
- Praksisforteljingar
- Foreldresamtaler og foreldremøter. Medarbeidarsamtalar
- Tilsyn jfr. Lov om barnehagar § 16
Del 5. Samarbeid
Eit godt samarbeid mellom foreldre og barnehage er ein føresetnad for å få eit godt barnehageår. Vi vil arrangera ulike arrangement saman, vi har foreldremøte i løpet av året, foreldre samtalar og eit samarbeidsutval og foreldreråd for å styrka dette samarbeidet. I tillegg samarbeider barnehagen med desse institusjonane: Helsestasjon, PPT, Logoped, andre barnehagar, Bygg-og eigedom (vaktmeister og reinhaldsavdelinga), Innbyggjarservice, stab/støttefunksjon på rådhuset, barnevernet, barnehagefaglig rådgjevar og oppvekstsjef.
Del 6. Digitale verktøy
Barnehagen skal gi barn moglegheit til å få oppleva at digitale verktøy kan brukast til leik, kommunikasjon og læring.
Del 6. Digitale verktøy
Del 7. Overgang barnehage – skule
Barnehagen skal, i samarbeid med skule, legga til rette for barnet sin overgang til skule.
- Vi vil formidla positive haldningar og forventningar til skuletida.
- Følgje vedteke plan for overgang barnehage-skule.
- Skapa gode haldningar til omgrepet læring, at det er moro å læra ting og at dei alt har lært masse.
- Vi har ”klubben”/gruppe gul der 6-åringane får ta del i ulike opplegg knytt til skulestart gjennom heile året.