Tre parkerte biler på ein landleg parkeringsplass

Arbeid og vegstenging ved Utføreberget (Reinsnosvegen)

Det er planlagt oppstart med ny vegmur ved Utføreberget (Reinsnosvegen).

Vi har planlagt oppstart med ny vegmur ved Utføreberget (Reinsnosvegen) den 22.04.24. Då vil vegen bli stengt i kortare perioder.

Vegen vil bli heilt stengt for køyretøy frå den 06.05.24, og omlag 3 mnd fram i tid.

  • Anleggsperioden med vegstenging: 06.05.2024 og ut juli 2024.

Det er planlagt gangveg over anleggsområdet. Dette vil føre til ein del ulemper med logistikken for dykk. Det vil bli satt opp vegbom rett etter Vikås hyttefelt.

Ullensvang kommune skal ha ein beredskapsbil parkert på innsida av vegarbeidsområdet til nødetater og heimesjukepleier. Det er samarbeid mellom Ullensvang kommune og nødetater på korleis akutte/ikkje planlagte hendingar skal håndteres.

Ber dykk bruka p-plass ved Vassenden og vera varsome i anleggsområdet.

Markering der veg er stengt ved Utføreberget (Reinsnosvegen).Markering der veg er stengt ved Utføreberget (Reinsnosvegen).