Smelteverkstomta

Aktivitetspark Smelteverket, mulighetsstudie

Samfunnsutvikling og plan, i saman med parkavdeling og kultursjef, jobba korleis dei kan utvikle delen mot sør av Smelteverket som er regulert som park.

Delen mot sør av Smelteverket er regulert som park. Det siste året har Samfunnsutvikling og plan, i saman med parkavdeling og kultursjef, jobba med eit skisseprosjekt på korleis utvikle parken. Takka vere eit tilkot frå Vestland fylkeskommune, kunne vi engasjere Snøhetta til å utvikle eit idé- og skisseprosjekt, i tett samarbeid med elevar ved Odda ungdomsskule og ei breitt samansett ressursgruppe. No er Mulighetsstudiet ferdig.

Målet er å etablere ein urban aktivitetspark, særleg retta mot uorganisert ungdom. Parken skal vere eit frirom for aktivitet og sosialt samhald bygd på vår identitet som industriby, fruktkommune og friluftshovudstad. Det er ein ambisjon å utvikle ein ikkje-konvensjonell park som byggjer på og forsterker vår lokale identitet, og som merker seg ut som eit nyskapande anlegg nasjonalt.

Lokaliseringa knytt til Smelteverket og dei freda industriminna er unik. Ambisjonen er å nytta delar av dei eksisterande industrikonstruksjonane som grunnlag for nye aktivitetar med vertikal leik. I dialog med Fylkeskonservator har vi sett på moglegheitene for å skånsomt transformere konstruksjonane til leikbare og aktiviserande element i parken. Samstundes er det ein ambisjon av det skal vere ein grøn folkepark, noko Odda sentrum mangler i dag.

Mulighetstudiet er gjennomført med delfinansiering frå Tettstadsmidlar frå fylkeskommunen. Den statlege ordninga Tilskudd til nyskapende aktivitetsarenaer i regi av kulturdepartementet, har som mål å stimulere kommunar til nytenking og kreativitet kring utforming av anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet, og har løyvd 4 000 000,- til vidare utvikling av parken.