Kvinnleg logoped som hjelper jente med uttale av ord

Logopedtenesta

Logopeden arbeider direkte med barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar. Tenesta arbeider indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule.

Logopedtenesta gjev flest tenester som tilpassa opplæring

Arbeid på individnivå kan vera direkte og indirekte – og består av:

  • Utgreiing og kartlegging
  • Behandling
  • Rettleiing 

 

Arbeid på systemnivå:

  • Prosjekter
  • Rettleiing
  • Kurs og kompetanseheving

 

Arbeidsområda til logopedtenesta:

  • Språkforstyrring (Utviklingsmessige språkforstyrring (DLD)
  • Språklydvanskar (Vanskar med uttale/arartikulasjon, fonologiske vanskar)
  • Taleflytvanskar (Stamming og løpsk tale)
  • Stemmevanskar (t.d. barnehesheit, kjønnsinkongruens – stemmehjelp for transpersonar)
  • Erverva språkforstyrring (afasi, taleapraksi, dysartri)
  • Dysfagi (- vanskar med å eta og/eller svelga)
  • Lese- og skrivevanskar (blir tilmeldt PPT, ikkje logoped)
  • Sjukdom/syndrom/misdanning som kan ha behov for logoped:
    Parkinson, Huntingtons, ALS, Down syndrom, Leppe-kjeve-ganespalte, andre sjeldne diagnosar (sjå FRAMBU)

 

Tilvising

Det skal vera låg terskel inn til logopedtenesta. Foreldre, helsestasjon, barnehage, skule, eller personen sjølv kan tilvisa til tenesta.

Vaksne som tilvisar bør ha epikrise frå lege/sjukehus.

Vaksne og barn med stemmevanskar må ha ei tilvising frå Øyre-nase-hals-lege. Dersom du er i tvil om ei sak bør tilvisast eller ikkje, kan ein ta kontakt med fagleiar Hanne N. Opedal per telefon eller e-post.

 

Kontakt oss

Logopedtenesta

Opheimsgata 31

5750 Odda

Tlf tid: 09.00 - 15.00

46 84 18 46

Hanne N. Opedal

Fagleiar Logoped

hanne.n.opedal@ullensvang.kommune.no

97 55 86 95

Torill Svåsand

Verksemdsleiar

torill.endal.svasand@ullensvang.kommune.no

90 21 19 26 / 53 65 40 00