Spørsmålsteikn

Spørsmål om helse- og omsorgstenester

Tildelingskontoret skal sikra lik tilgang på helse-og omsorgstenester for innbyggjarane, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.

Rettleiing

Har du spørsmål om tenester? Treng du hjelp til søknadsskjema? Ynskjer du å levera ein klage? Vi på tildelingskontoret er her for å hjelpa deg. Kontakt oss for rettleiing på telefon eller for å avtala eit møte (på rådhuset i Odda). Du gjera avtale for fysisk oppmøte.

Hugs at du finn våre skjema digitalt på nettsida. Logg deg (eller verge) inn med BankID og fyll ut skjema.

Søknadar i papirformat kan sendast per post eller leverast til eit av innbyggjartorga våre. Adressa finn du på kontaktkortet til Tildelingskontoret.

 

Kontakt oss

Vi har telefontid måndag til fredag frå kl 12:00 – 14:00.

Kontakter

Tildelingskontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

tildelingskontor@ullensvang.kommune.no

53 65 47 16