Tilskotsordningar til kultur, idrett og friluftsliv
Ullensvang kommune ynskjer å bruke tilskotsordningane som verkemiddel for å nå målsetjingar innan deltaking, inkludering, trivsel og folkehelse, samt innovasjon, utvikling og samfunnsbygging.
Ullensvang er ein rik og allsidig kulturkommune med eit mangfaldig organisasjonsliv og sterke og markante aktørar innan kultur, idrett og frivillighet. Kommune ynskjer å gje gode og forutsigelige rammer for aktivitet og oppleving i kommunen gjennom å yta støtte til ulike føremål.
Overordna premiss som gjeld ved søknad om tilskot
Alle organisasjonar/tiltak/arrangement som får tilskot frå Ullensvang kommune skal kunne visa til at tiltaket/aktiviteten er inkluderande og fremmar mangfald og berekraft.
(Temaplan for kultur i Ullensvang kommune 2023-2027)
Kva betyr dette?
Ullensvang kommune ynskjer å oppmuntra og oppmoda frivillige lag og organisasjonar, kulturinstitusjonar og kulturaktørar til å ta på alvor det ansvaret me alle har for å vera eit inkluderande og mangfaldig samfunn der også berekraft skal vurderast i alle samanhengar.
Det betyr at det vert stilt krav om utsjekk på punkt som kan gjelda:
- Variert og inkluderande informasjonsformidling
- Transporttilbod dersom mogleg
- Universell tilrettelegging der dette er mogleg
- Rekrutteringstiltak inn mot våre nye landsmenn
- Fadderordningar
- Gratistiltak
- Desentralisert profil
- Berekraft, natur og miljømessig, sosial og økonomisk
Dette vil ikkje seia at alle arrangement og tiltak må kryssa av på alle punkt, men me ynskjer at alle skal ha ein gjennomtenkt politikk.
Søkje tilskot til kultur, idrett og friluftsliv
Prioriteringar
- Barn og unge
- Tiltak som fremjar inkludering og mangfald
- Tiltak som reduserer konsekvensar av sosial ulikskap
- Tiltak som bidrar til sterke og levande lokalsamfunn
- Tiltak av regional og nasjonal interesse
- Tiltak som fremjar kvalitet på å: bu-, besøka- og driva næring i kommunen
- Utvikling av kulturell eigenverdi, identitet og fellesskap
Krav til søkjar
- Tilskot kan gjevast lag, organisasjonar og einskildpersonar som har sitt virke i Ullensvang kommune, eller der tiltaket/arrangementet skjer i Ullensvang kommune.
- Det vert ikkje gjeve tilskot til politiske parti, organisasjonar som ikkje er opne for alle i målgruppa, eller kommunale, fylkeskommunale eller statlege institusjonar/anlegg.
- Alle som mottek støtte må godta ordning med følgjekort på arrangement.
Krav til søknad
Søknad skal leverast på gjeldande søknadsskjema. For lag og organisasjonar skal godkjend rekneskap samt årsmelding frå føregåande år og budsjett for inneverande år leggjast ved søknaden.
Digitale søknadsskjema
Me nyttar digitale søknadsskjema på dei ulike tilskotsordningane våre. Logg inn med ID-porten eller Gå direkte til skjema.
Merk! Fyrste gong du loggar deg inn på eit skjema via ID-porten må du leggja inn personnummer, namn, adresse ol. Det vert då oppretta ein «profil» som vert hugsa att neste gong du logger deg inn. Det er desse opplysningane som automatisk vert fylt inn i skjema.
Vel du innlogging med ID-porten:
- vil du i skjema få personopplysningar automatisk fylt inn i nokre felt.
- kan du lagra skjema undervegs. Dette kan du ikkje om du vel Gå direkte til skjema.
Du har 20 minutter til rådigheit til å fylle ut skjema.
Tips! Du kan sjå gjennom skjema ved å klikke på dei ulike tema på venstre sida på nettsida.
Kulturfondet er øyremerka til nyskapande og innovative kulturtiltak.
Søknadsfrist 9. februar
Krav til søknad:
- Tilskot vert gjeve til utviklingsprosjekt innan kultur av regional interesse.
- Søknad må inkludera prosjektbeskriving, budsjett og finansieringsplan.
Det vert ikkje gjeve tilskot til ordinær drift.
Denne tilskotspotten er for dei organisasjonane/laga som har ulike aktiviteter for barn og unge utanfor den organiserte idretten. Typisk eks. er kor, korps, 4H, teaterlag, litteraturklubbar.
Søknadsfrist 1. april
Tilskot til kjøp av direksjon er retta mot kor og korps for vaksne, som ikkje kjøper dirigent-tenester frå kulturskulen.
Søknadsfrist: 1. april
Her kan ein søkja om refusjon av dokumenterte driftsutgifter/ vedlikehald. Max ca 20%.
Søknadsfrist: 1. april
Denne ordninga har eigne midlar og eige budsjett. Pengar i ordninga vert delvis styrt inn i arrangement organisert av kommunen, og delvis delt ut til aktiviteter og arrangement for 70+.
Søknadsfrist: 1. april
Ullensvang kommune støttar tiltak for mangfold av deltaking og aktivitet for dei mange, men ynskjer også å lyfta dei som utmerkar seg innan ulike område av kultur og idrett.
Talentstipendet vert fastsett ved budsjett-handsaming, og gis til søkjarar som kan syna til framgong, utvikling og resultat, og har ambisjonar på regionalt og nasjonalt nivå.
Det vert i år delt ut opp til 5 stipend a kr. 10 000,-
Søknadsfrist: 1.april
Dette er ei tilksotsordning der lag- og organisasjonar i kommunen kan søkje om midler til gode prosjekter som kan knyttast til måla i prosjektplanen for Friluftshovudstaden.
Søknadsfrist: 1. april
Dette er midlar som kan nyttast til ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald og drift. Må gjennom politisk prioritering.
Søknadsfrist: 1. april
Generelt driftstilskot til idrettslag tilslutta Norges idrettsforbund. Tilskot vert rekna ut på grunnlag av registrerte medlemmer.
Søknadsfrist: 1. juni
Gjeld tilskot til anlegg for idrett, folkehelse, friluftsliv jf. prioriterte lister over annlegg, og idretts- og friluftslivsplan.
Søkjar legg inn alle vedlegg og fyller ut søknadskjema på www.anleggsregisteret.no. Søkjar kan be om hjelp frå ansvarleg for spelemidlar i kommunen, men søkjar skal sjølv fylle inn søknadskjema.
Ved fornya søknad må ein syne til referansenummer for tidlegare innsendte søknad. Dette kan ein få ved å henvende seg til kultur og idrettsansvarleg i kommunen.
Søknadsfrist: 1. oktober
Drift og utvikling av typiske “Fyrtårnfestivalar” og nyskapande kulturtiltak av regional og nasjonal interesse. Mange av desse har hatt faste avtalar.
For at alt skal vera ryddig, og alt skal koma med i budsjettarbeidet, skal det leverast søknad kvart år.
Søknadsfrist: 1. desember
Sakshandsaming
Søknadane vert handsama politisk. Saksbehandlinga tek ca 3 mnd. Vedtaket kan påklagast, sjå forvaltningslova Kap. VI. Mogleg klage skal stilast til klagenemnda, seinast tre veker etter at klagaren er gjort kjend med vedtaket. Nærare orientering kan ein få hjå sakshandsamaren for denne saka.
Ullensvang Eldreråd og Ullensvang Idrettsråd er høyringsinstans der dette vert vurdert naturleg.