Oppvekstplan-13

Er du kjent med «Min Eigedom»?

På “Min Eigedom” finn du relevant informasjon om din eigedom i Ullensvang kommune. Dersom du får faktura frå kommunen, kan du logge deg inn her og få oversikt.

> Logg deg inn på Min Eigendom

I “Min Eigedom” finn du blant anna informasjon om:

  • Oversikt over eigedomar, adresse, bygg og eigarar
  • Kommunale eigedomsgebyr (med fakturahistorikk)
  • Kart
  • Vassmålar (dersom du har dette)
  • Eigedomsskatt (dersom det er næringseigedom)
  • Vass- og avløpstilknytning
  • Feiing/brann
  • Renovasjon (dersom du har eigne dunker)
  • Tinglyste hefte

Du finn og ei meldingsteneste om det er noko du ynskjer å melde frå om til oss i kommunen. “Min Eigedom” er tilgjengeleg heile døgnet.

 

Slik gjer du det

  1. Gå inn på ullensvang.kommune.no
  2. Trykk på “Sjølvbetening”
  3. Trykk på “Min eigedom”
  4. Logg inn med Bank-id

Nokon må velge rolle som privatperson eller organisasjon. Dette får du opp om du er fullmektig i ein eller fleire organisasjonar. Er du oppført som styreleiar, dagleg leiar, innehavar eller kontaktperson for organisasjonen får du tilgang til deira informasjon. Du får då valet mellom å halde fram som privatperson eller på vegne av ein organisasjon.