Ungdommer

Kombinasjonsklasse ved Odda vidaregåande skule

Dette skuletilbodet er eit samarbeid mellom fylket og kommunen for elevar i alderen 16-24 år med kort butid, mangelfull grunnskuleutdanning og/eller gjerne mangelfulle norskkunnskapar. Målet er at ein skal kunna få nok fag- og norskkunnskapar til å gå på vidaregåande skule.

Tilbodet skal vera i vidaregåande skule sine lokale slik at elevane kan få vere i lag med jamaldra ungdom. Det vil bli undervist i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag med karakterar. I tillegg står utdanningsval og kroppsøving på timeplanen. Det blir 30 t x 45 min.

Tilbodet skal starte opp ved skulestart hausten 2024, det er difor viktig at aktuelle elevar søkjer så snart som mogeleg. Det kan også vera mogeleg å få plass i denne klassen i løpet av skuleåret. Det er vaksenopplæringa i Odda/ Kinsarvik og Odda vidaregåande skule som har ansvar for tilbodet.

Her kan du søkje, du treng BankID