Brøyting

Vi har ein klar målsetting om at vegar, gater, gang-/sykkelstiar skal vera godt framkommelege også vinterstid, men ber publikum ha forståing for at brøytemannskapa ikkje nødvendigvis kan vera alle stader samtidig. Som trafikant har ein og sjølv eit ansvar etter vegtrafikklova om å sko seg etter forholda.

Spørsmål om brøyting

Ullensvang kommune har for dei fleste område avtale med private om brøyting, med unntak av Odda.

Vi ber om at ansvarleg person for aktuelt område vert kontakta direkte ved spørsmål. Kontaktinformasjon finn du i lista nedst på sida; alle vegnamn er ikkje med på lista, berre område.

For Odda er det vakttelefon brøyting som skal nyttast ved spørsmål.

Brøyting av kommunale vegar settast normalt ikkje i verk før det er 8-10 cm snø. Vegane skal vera farbare for mjuke trafikantar som er skodde for vinterføre og normalt vinterutstyrte personbilar, og ved særleg vanskelege kjøreforhold kan brøyting ved mindre snømengder verta nødvendig.

Normalt vert det ikkje utført brøyting mellom kl. 23.00 og 03.30. Vegane skal likevel vera gjennombrøytte før morgontrafikken set inn, og ved store snøfall kan difor nattbrøyting verta nødvendig.

Statens vegvesen har ansvar for europa- og riksvegane. Fylkeskommunene har ansvar for fylkesvegane, og kommunen har ansvar for dei kommunale vegane.

For å hjelpa brøytebilen fram, er det viktig at bilar vert parkert på privat grunn i størst mogleg grad. Dette er svært viktig i bustadområde med smale vegar.

Om vinteren må du som går og køyrer rekne med dårlegare veg- og føretilhøve. Det er du som førar/eigar av bilen som har ansvar for at bilen er forsvarleg skodd for vinterføre der du ferdast!

Generelle henvendingar

Vakttelefon - Brøyting

97 55 86 29

 

 

Vintervedlikehald – Område | Kontaktperson

Rode nr.Område TelefonAnsvar
Rode nr.1Område KinsarvikTelefon90 59 14 95AnsvarAnders Auganes
Rode nr.1Område KinsarvikTelefon91 73 98 64AnsvarMagnar Instanes AS
Rode nr.2Område LofthusTelefon90 85 95 36AnsvarJan-Kjetil Vikane
Rode nr.3Område BørvevegenTelefon97 49 70 60AnsvarJan-Harald Alpen (Alpen gard) - Kontaktpers. Helge Alpen
Rode nr.4Område Brattespe og EspevegenTelefon46 66 92 75AnsvarMarius Opedal
Rode nr.5Område Flisabakken, Sekse, Segelgjerd, HovlandTelefon92 06 20 37AnsvarBrandt Aga knuseservice AS
Rode nr.6Område Bleievegen og NåvegenTelefon97 15 89 84AnsvarOddgeir Kvestad
Rode nr.7Område Aga og RogdavegenTelefon90 40 60 72AnsvarKristian Åkre
Rode nr.8Område Velure-Grimo. Hauso Skule. TronesvegenTelefon95 78 47 60AnsvarSverre Haustveit
Rode nr.9Område Utne, Løbakkevegen og HesthammarTelefon91 13 18 99AnsvarKristian Terjesen
Rode nr.9Område Utne, Løbakkevegen og HesthammarTelefon91 66 56 38AnsvarOlav Utne
Rode nr.10Område HerandTelefon40 23 60 28AnsvarEikjetunet Grøtt v/Terje Grøtt
Rode nr.12Område Jondal nord for elvaTelefon95 22 93 89AnsvarJo-Bjørnar Håvik
Rode nr.13Område Jondal sør for elva + Sætveithagen + Selsvik, Svåsand, Sollesnes (rode 11 er slått sammen med 13)Telefon97 73 06 03AnsvarJondal maskin og transport AS v/Sverre Ivar Træet
Rode nr.14Område Krossdalen (Byrkjeland, Eidesfossen, Molve og fyrste del av Fonnavegen)Telefon97 74 04 72AnsvarGunnstein Baggegard
Rode nr.15Område Belsnes og TorsnesTelefon99 56 09 11 / 95 93 26 02AnsvarTorsnes Næringseigedom AS
Rode nr.16Område KysnesTelefon93 00 93 05AnsvarReidar Hammer (Hammaren Hytter og Marina Reidar Hammer)
Rode nr.17Område Skare, Reinsnos og HengTelefon90 99 69 78AnsvarTømrer Sigbjørn Strand AS
Rode nr.18 Område Løyning, SeljestadTelefon92 62 32 95AnsvarRøldal og Seljestad hytteservice AS, v/ Oddvard Løyning
Rode nr.19Område Røldal og HåraTelefon95 92 37 20AnsvarRøldal Bygdetjeneste AS; Kontaktperson Jarle Sandal
Rode nr.20Område Tyssedal / SkjeggedalTelefon90 12 09 13AnsvarNorvald Olsen AS
Rode nr.21Område Odda SentrumTelefon-AnsvarKontakt brøytevakta

Kontakter

Vakttelefon - Brøyting

97 55 86 29