NAV Ullensvang
Sjølvhjelp – treng du tenester frå NAV har vi gode nettsider der du sjølv kan:
- Sjekka utbetalingar
- Registrera deg som arbeidssøkjar
- Finna søknadsskjema
- Søkje om økonomisk sosialhjelp
- Lesa om rettar og vilkår for stønader
Om du ynskjer kontakt med ditt lokale NAV kontor:
- Sosiale tenester og økonomisk rådgjeving:
- 908 09 556
- E-post
- nav.no ↗ via Ditt NAV
- Postadresse:
NAV Ullensvang
Postboks 393, 5751 Odda - 55 55 33 33 – NAV kontaktsenter
- 55 55 33 33 – Spørsmål om dei fleste ytingar
- 55 55 33 36 – Telefon for arbeidsgjevarar
- 55 55 33 34 – Spørsmål om pensjon
Har du allereie har ein rettleiar på NAV Ullensvang, kontaktar du denne digitalt i din aktivitetsplan ved behov.
Vi tilbyr gjeldsrådgjeving.
Informasjon om tenesta finn du på nav.no; Trenger rådgiving om økonomi og gjeld.
Dersom du ønskjer informasjon om tenesta eller vil søkja, ta kontakt på vakttelefon: 908 09 556 eller på e-post: sosialtenesta@ullensvang.kommune.no.
Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.
All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du her på nav.no.
Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobba, men treng oppfølging for å klara det.
Meir informasjon om kvalifiseringsprogrammet finn du på nav.no, eller ta kontakt med NAV Ullensvang på telefon 55 55 33 33.
På heimesida til NAV finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon. Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema.
Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.
Det kan vere:
- Økonomisk sosialhjelp
- Råd og rettleiing
- Er du i ein økonomisk naudsituasjon? Då kan du søkje naudhjelp på søknadsskjema sosialhjelp. Ring vakttelefonen til NAV sosial på mob. 908 09 556 (vekedagar frå kl 09.00 – 14.00) eller kontaktsenteret på tlf: 55 55 33 33.
No kan du søkje om sosialhjelp digitalt
Du kan no søkje om sosialhjelp digitalt i vår kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.
For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med Bank-id eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Commfides.
Digitalt søknadsskjema om sosialhjelp finn du her.
Vakttelefon
Ring vakttelefonen til NAV sosial på mob. 908 09 556 (vekedagar frå kl 09.00 – 14.00).
Treng du hjelp?
Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV kontaktsenter på 55 55 33 33 eller vakttelefonen til NAV sosial på mob. 908 09 556 og få rettleiing over telefon. Viss du av ulike årsakar ikkje kan eller ynskjer å nytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt søkje på papir og sende eller levere i postkasse.
- Søknadsskjema økonomisk sosialhjelp (kan hentast på NAV sitt kontor)
Søknad om økonomisk sosialhjelp skal sendast/leverast til NAV Ullensvang.
Postadresse: NAV Ullensvang, Postboks 393, 5751, Odda
Mer informasjon
På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finner du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no.
Dette er eit kurs for alle – uansett inntekt og forkunnskapar om økonomiske forhold.
På kurset får vi følge Ole som leiger leilegheit og jobbar som butikkmedarbeidar. Han fortel ofte at han ikkje har pengar igjen når månaden er slutt. Han slit med å få endane til å møtast.
Korleis går det med Ole når han begynner å sjå nærare på sitt eige forbruk?
Kurset tar utgangspunkt i ei praktisk tilnærming til Ole sin økonomi, der råd som blir gitt til Ole kan overførast til eigen økonomi.
Kva grep kan du ta i ditt eige budsjett? Kjem Ole til å få moglegheit til å realisere eigne draumar når det gjeld økonomi? Kva risikoar finst med tanke på lån/kreditt? Og kva må du gjere når du får brev frå namsmannen?
Her er det med andre ord mykje god kunnskap og nyttige tips å få med seg, til glede for din eigen økonomi.
Klikk her om du vil ta kurset og finne ut kva som skjer med økonomien til Ole.
Har du behov for nødhjelp eller hjelp til å finna mellombels bustad?
Ring vakttelefonen til NAV sosial på mob. 908 09 556 (vekedagar frå kl 09.00 – 14.00).
Nav har familiekoordinator som hjelper familiar som treng tett og koordinert oppfølging.
Familiar som har barn under 18 år kan ta kontakt for å få kartlagt om det er noko Nav kan hjelpa til med. Det kan vera søknader om økonomiske ytingar, hjelp til å komma i arbeid eller utdanning, hjelp til å søkja bustad, komma i kontakt med andre tenester eller liknande.
For meir informasjon, ta kontakt med familiekoordinator:
- Reidun Fagertveit på mob: 920 29 397