Kommunegeolog

Ullensvang kommune har i samarbeid med fleire kommunar i Hordaland ein kommunegeolog som kan gje råd om skred- og flaumfare, klimatilpassing med meir.

Kvam herad er vertskommune for kommunegeologen. Samarbeidet har som mål å auke kompentansen på skred i kommunane slik at kommunane kan forebyggje og reduserer skredfaren ved hjelp av blant anna kunnskap.

Kommunegeologen kan gje råd til private i fagfeltet skred- og flaumfare. Rådgjeving utanfor generell rettleiing vert gebyrlagt ut frå timeforbruk.

 

Kontakt:

Tore Dolvik

Kommunegeolog

tordol@kvam.kommune.no

56 55 30 76 / 48 05 85 00