Kartlegging av eksisterande grense
Om du er usikker på kor eksisterande grense mellom to eigedomar går, kan du søkja om å få klarlagt eksisterande grense. Det same kan du gjera dersom grensemerkene er borte.
Det må gjennomførast ei oppmålingsforretning der grensene vert påvist, merka og målt. Resultatet av oppmålingsforretninga vert ført inn i matrikkelen som er Norges offisielle eigedomsregister.
Søknadsskjema
Du må nytta sentralt søknadsskjema frå Kartverket.
Vedlegg
- Situasjonskart
Situasjonskartet må visa kva eigedomsgrenser som skal klarleggjast. Hugs at situasjonsplanen må vera i målestokk. Du kan bestilla situasjonplan hjå kommunen, eller skriva ut situasjonplan frå kartløysinga til kommunen.
Prisar, sjå gebyrregulativ:
Merk at det i enkelt saker kan vera aktuelt å fakturera etter fleire punkt i gebyrregulativet.