Brukarstyrt personleg assistanse ( BPA )
Brukarstyrt personleg assistanse er heimla i Helse og omsorgstenestelova § 3-8, jfr § 3-1 punkt 6, bokstav b. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1d
Kven får brukarstyrt personleg assistanse
For å gjere seg nytte av ordninga med BPA må ein ha trong for tenesta personleg assistanse (derunder praktisk bistand, praktisk bistand opplæring, støttekontakt og avlastning)
Tenesta er ikkje knytt opp til bestemte aldersgrupper, funksjonsnedsettingar eller diagnosar, men følgande er målgruppa:
- Personar med funksjonshemming som har eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å leie assistentane sjølv
- Personar med kognitiv svikt som ikke kan ivareta arbeids leiarrolla sjølv
- Familiar med barn med nedsett funksjonsevne
For å få tenester organisert som BPA, må ein ha eit stort og langvarig behov for tenester – utover 2 år.
Med behov for meir enn 32 bistandstimar i veka, vil ein ha rett til å få tenestene organisert som BPA. For brukarar med behov for 25-32 bistandstimar i veka, kan BPA bli vurdert om ikkje ein slik organisering vert vesentleg meir kostnadskrevende for kommunen og kommunen kan dokumentere dette.
Søkjar må vere under 67 år for å få tildelt BPA
Kommunen må gjere ei heilskapleg og individuell vurdering av kva hjelp som er mest hensiktsmessig for å dekke behov for hjelp.
Ordninga omfattar ikkje helsehjelp, med mindre det vert vurdert som klart mest hensiktsmessig å samle tenestene til same ordning.
BPA skal bidra til likeverd, likestilling og samfunnsdeltaking for personar med nedsett funksjonsevne.
Brukar eller annan som kommunen godkjenner må ha evne og dugleik til å kunne ta på seg rolla som arbeidsleiar.
Som hovudregel vert rolla som arbeidsleiar ikkje løna.
Kommunen er framleis ansvarleg for kvaliteten i tenestene, og i kvar einskild sak kan det bli aktuellt å opprette ei ordning med tilsyn.
Tenesta vert vurdert saman med og/eller i staden for anna tenestetilbod.
Kommunen vil bistå med utlysing for å skaffe personlige assistentar. Tenestemottakar eller anna medhjelpar som tek på seg ansvaret som arbeidsleiar, vil ha ansvar for organisering og administrering av tenesta innanfor vedtaket sine rammar og innan for gjeldane lov-og avtaleverk.
Personleg assistanse etter helse- og omsorgstjenestelova er bistand av både praktisk og personleg art. Det omfattar både hushaldsoppgåver og direkte personleg bistand med påkledning, hygiene, mat og så vidare. Tenestea kan og innebære opplæring i dagliglivets gjeremål. For å oppfylle målsetninga om eit aktivt og meiningsfullt liv med andre, må og tiltak utanfor heimen inkluderas. Støttekontakt vert omfatta av begrepet personleg assistanse.
Tenester som omhandlar medisinsk fagleg kompetanse skal ikkje inngå i ordninga med brukerstyrt personleg assistanse. Desse tenestene skal heimlast som helsehjelp i heimen, og andre bestemmelsar i helse- og omsorgstjenestelova kjem til anvendelse. Dette gjelder og helsehjelp i avlastningstiltak.
Enkle helsetenester som folk pleier å gjere sjølv, kan ein assistent utføre der det er forsvarleg.
- Mio BPA AS
- Prima Assistanse AS
- Stendi AS
- Uloba – Independent Living Norge SA
- Human Care AS
- JAG Assistanse
- Aberia Omsorg AS
- Ecura hjemmetjenester og BPA AS
- Medvind Assistanse AS
- Assent AS
- Assistermeg AS