Omsorgstenesta vest – Utneheimen

Utneheimen ligg landlig til med nydeleg utsikt over sjøen og Utne sentrum. Me ser båttrafikken som går forbi, ferjene som legg til kai, hestar og sauer som beiter, og i vår/sommar halvåret har me høner.

Om tenesta

Omsorgstenesta vest er stasjonert på Utneheimen på Utne. Utneheimen har 24 sjukeheimsplassar, 6 av desse plassane er tilrettelagt for personar med demenssjukdom. Me er ei samordna teneste, det vil seie at me driftar sjukeheim, heimesjukepleie, praktisk bistand og tryggleiksalarmar. I tillegg har me eige vaskeri og kjøkken.

 

Bemanning

I omsorgstenesta vest er me bemanna med godt kvalifisert helsepersonell. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, pleiemedarbeidarar, assistentar, kokkar og kokkeassistentar. Me er og så heldig at me har kollegaer frå mange ulike land og verdensdeler.

Det viktigaste for oss er å gje gode tenester, og at tenestene er tilpassa kvar einskild . På institusjonen er me særs opptatt av å verta godt kjent med kvar einskild pasient, og er opptatt av kva som er viktig for kvar einskild. Me ynskjer at alle skal ha ein innhaldsrik og god kvardag. Me nyttar blant anna Memoria og musikkbasert miljøtilnærming i dette arbeidet.

 

Eige kjøken

På institusjonen vår har me eige kjøken. Dei lagar mat frå bunnen av. God og næringsrik mat, tilrettelagt kost for den som treng det. Dagleg kjenner me god matlukt frå kjøkkenet, det kan vere potetkakene som vert steikt på takka, røykekjøtet som er på kok , eller fisken som vert steikt. Dette gjer matlyst, og er med på at me kan innfri kravet frå helsedirektoratet om god ernæring.

 

Aktivitet

Kvar torsdag har med dagopphald for heimebuande. Dei kjem med drosje og vert servert lunsj og middag, i lag med pasientane på sjukeheimen. Dagen går til drøs rundt kaffekoppen,trening , bingo og andre aktivitetar.

Av andre aktivitetar har me fast besøk av omsorgsmusikar, bondekvinnelaget kjem med god mat og underhaldning, helselaget har kiosktralla og har høgtlesing . Ellers er det regelmessig andakt for dei som ynskjer det, musikkskulen kjem på besøk og mykje anna.

 

Bilete av havfrue i stein på Utne som skuer utover fjorden. Foto.

Kontakt oss

Pleie og omsorg vest

Besøk oss: Fjordavegen 4199

5778 Utne

53 67 13 60

Kari Skare Storhei

Verksemdsleiar

kari.skare.storhei@ullensvang.kommune.no

909 99 842

Gerd Ingrid Hauso

Avdelingsleiar institusjon

gerd.ingrid.hauso@ullensvang.kommune.no

941 77 461

Edith Sivertsen

Avdelingsleiar heimetenesta

edith.sivertsen@ullensvang.kommune.no

941 77 134