Tenesta for funksjonshemma

Tenesta for funksjonshemma yter tenester til personar som har eit særleg hjelpebehov grunna utviklingshemming og/ eller anna funksjonshemming. Tenestene skal ytast etter prinsippet om hjelp til sjølvhjelp.

Vi yter bistand som

  • Praktisk bistand i heimen
  • Praktisk bistand med opplæring for innlæring av nye ferdigheiter, samt til å oppretthalde ferdigheiter.
  • Helsehjelp
  • Avlastningstilbod
  • Koordinering av tenester gjennom bruk av Individuell plan og koordinator
  • Arbeidstilbod, VTA plassar i ordinært arbeidsliv og anna tilpassa arbeidsaktivitet

 

Mål for tenesta

Tenesta for funksjonshemma skal bidra til at den enkelte tenestemottakar har ein meiningsfull kvardag prega av tryggleik, meistring, trivsel og sjølvbestemmelse.

Tenestemottakarane skal involverast og til ei kvar tid verte høyrde. Dei skal ha eit individuelt tilrettelagt tilbod ut frå eigne føresetnader, og ut frå kvar ein er i livsløpet..

Pårørande skal oppleve at dei vert høyrde, og bli møtt på ein god måte. Dei skal kjenne seg trygge på at me gir eit godt fagleg tilbod.

Alle tilsette i tenesta viser respekt for brukarar og pårørande, og tek ansvar for den jobben vi skal gjera.

Me skal vere ein attraktiv arbeidsplass med nøgde, engasjerte, kunnskapsrike og myndiggjorde medarbeidarar.

Tenesta er lokalisert i Kinsarvik i fine omgjevnader nær sentrum. Butikkar, bibliotek, skule, bank og kafe ligg i gangavstand.

Broto bufellesskap har 4 leilegheiter, og nybygg med 7 bueiningar. I bufellesskapet er det fellesrom som kan nyttast av andre i nærmiljøet.

Vi yter tenester til bebuarar i nærområdet, som bur i eigne leilegheiter.

Eidesbrotet bufellesskap er eit heildøgnsbemanna butilbod for menneske med utviklingshemming. Vi held til i Eidesbrotet 23-25 i Odda.

Alle bur i eiga bueining, og vi har fellesrom som kan brukast av alle.

Vi yter også tenester til bebuarar i Eidesbrotet 14, som bur i eigen leilegheit.

Mjøstølen Avlastningsbustad held til i Mjøstølen 6 i Odda. Vi tilbyr avlastning til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Avlastningstiltak er for personar og familiar som har eit særleg tungt omsorgsarbeid. Avlastning skal gi pårørande nødvendig og regelmessig fritid og ferie.

Det er av stor betydning at avlastningstilbodet gir tryggleik og kontinuitet.

Tilbudet vert individuelt lagt til rette for den enkelte brukar, og vi fylgjer opp opplærings- og behandlingsopplegg. Vi er opptekne av å bruke nærmiljø og delta på aktivitetar.

Samarbeid med heim, skule og andre faggrupper er sentralt i arbeidet vårt.

Odda dagsenter er eit aktivitets- og arbeidstilbod for menneske med utviklingshemming, samt tiltaksplassar for andre som treng eit dagtilbod. Vi held til i lokala til gamle Låte Møbelfabrikk på Hjøllo.

Dagsenteret er organisert i tekstilgruppe, tregruppe og ei utegruppe.

Utegruppa arbeider primært med skog- og ved, samt hage og snømåking i sesong. Utegruppa tek imot bestilling på ved og leverer på døra. Vår og sommar steller vi hagar for private kundar. Vi henter og leverer internpost.

Odda Dagsenter gir individuell veiledning og opplæring i ulike aktivitetar som er tilpassa den enkelte sine behov og føresetnader. På denne måten får brukaren i størst mogeleg grad utføre aktiviteten/ arbeidet sjølvstendig og oppleve meistring.

Brukarane av Odda Dagsenter skal oppleve tryggleik og trivsel. Dei skal kjenne seg respektert og ha moglegheit til å lære, vere i utvikling og å ta val. Odda Dagsenter skal vere ein god og trygg arbeidsplass.

Vi har butikk der vi sel produkta vi produserer. Vi tek butikken med oss på handverksmarknad, samt til sentrum før sommar og mot jul. Butikken har opningstid på Hjøllo frå 09:00-15:00 kvar dag.

 

Røldal bufellesskap er eit heildøgns butilbod for menneske med utviklingshemming. Bufellesskapet har 3 bueiningar, og vi har fellesrom som kan brukast av alle. Bufellesskapet er organisert i Røldal pleie og omsorg.

Kontakt oss

Harald Molven

Verksemdsleiar

harald.molven@ullensvang.kommune.no

97 43 66 62

Broto bufellesskap

Broto bufellesskap

Broto 20

5780 Kinsarvik

90 78 32 14

Therese Bakke

Avdelingsleiar

therese.bakke@ullensvang.kommune.no

90 40 82 73

Eidesbrotet bufellesskap

Eidesbrotet bufellesskap

Eidesbrotet 23-25

5750 Odda

53 65 48 30

Simona Jurkiene

Avdelingsleiar

simona.jurkien@ullensvang.kommune.no

46 90 56 58

Mjøstølen avlastingsbustad

Mjøstølen avlastningsbustad

Mjøstølen 6

5750 Odda

53 65 47 42

Karina Sjurstræ

Avdelingsleiar

karina.sjurstre@ullensvang.kommune.no

91 35 70 69

Odda dagsenter

Odda dagsenter

Hjøllo

5750 Odda

53 65 47 22

Marit Ingebjørg Høyland

Avdelingsleiar

marit.ingebjorg.hoyland@ullensvang.kommune.no

97 55 85 09

Røldal bufellesskap

Aria Rezai

Verksemdsleiar

aria.rezai@ullensvang.kommune.no

47 70 81 16

Gard Hjørnevik Risan

Avdelingsleiar

gard.risan@ullensvang.kommune.no

97 55 84 08